Blir aktørar i alternative media utsett for overvaking og «gang-stalking»?

Are Hegrand driv saman med sambuaren Kiri bloggen NoNonsenseNews, der dei kjem med sine synspunkt rundt nyheiter og hendingar både i Noreg og i resten av verda. Saksyndig er ofte innom nettstaden og les kva dei skriv, mest for å finne alternative tolkingar av det som skjer i verda for tida. At det er eit stort spirituelt skifte på gang, er eg ikkje i tvil om. At det gode vil vinne over det vonde, ser eg på som meir og meir sannsynleg. Det ligg liksom i lufta. I og med at meir og meir som den vondsinna eliten prøver å undertrykkje, no ser dagens lys, verkar det som om fleire og fleire vaknar opp til den traurige realiteten at «våre» styresmakter og «våre» politikarar og helsetoppar har loge til oss i over to år. Dess fleire likesinna eg kan finne, dess tryggare står eg i denne kampen mot ein vondskap eg aldri har sett maken til.

Aktørane i alternative media er bokstavleg tala livsviktige, både for den offentlege debatten sin del, men òg for røyndomsforståinga. Ingen har monopol på sanninga, sjølv ikkje dei som til ei kvar tid reserverer seg retten til å definere kva sanning er. Ei sak har minst to sider, ikkje berre den eine sida som kjenneteiknar offisielle forteljingar som «djupstaten» opprettar etter kva dei finn for godt.

9.juli publiserte Are ein noko urovekkjande artikkel, der han mellom anna skriv at han i det siste har hatt lite energinivå. Han skriv at «beina føles tunge som bly», og at astmaen hans er «ganske så hissig». I tillegg er han plaga med eksem og somnolens; trass at han får nok søvn, kjenner han seg ikkje utkvilt. Han skriv òg at Kiri «merker at hun er trøttere enn vanlig». Are har som innleiande forklaring på symptoma at vi står midt oppi eit spirituelt skifte, og at symptoma kan vere «kroppens forsøk på å tilpasse seg de nye energiene». Han nemner 5G-stråling som ein annan mogleg årsak, i lag med sokalla chemtrails (eigentleg kondensstriper etter fly på himmelen, som enkelte trur kan vere gift som «djupstaten» slepper ned over bebudde område).

Ei anna og nifsare forklaring er at Are (og Kiri?) rett og slett har blitt sokalla targeted individuals (TI-ar), individ som blir utsett for målretta trakassering frå vondsinna krefter, kan hende den nyss nemnde «djupstaten». Desse vondsinna aktørane arrangerer stråling, gjengforfølging (eller «gang-stalking») og sverting av TI-en sitt gode namn og rykte. Denne konspirasjonen har som resultat at den psykiske og fysiske helsa hjå offeret blir forverra – og vedkomande vil i verste fall anten bli myrda eller ta livet av seg.

I motsetnad til Are og Kiri, står eg ikkje fram med namn og bilete i bloggen min. At dei to kan vere offer for organisert trakassering frå hemmelege aktørar med vondsinna intensjonar, er mogleg. Det er òg mogleg at kampen for å vinne over globalist-eliten byrjar å setje sine spor. Som offentlege personar i alternative media gjer Are og Kiri seg om til målskiver for fienden, og dei er ikkje dei fyrste som har blitt forsøkt fjerna. I vår fann der stad ein intens kampanje mot Pål Steigan, til dømes – og eg har framleis friskt i minnet at Derimot sin redaktør vart kontakta av Kampanje.com med påstandar om han formidla pro-russisk desinformasjon. Nyhetsspeilet sin skribent Hans Kristian Gaarder vart etter sin død i april 2021 utsett for eit uhyrleg karakterdrap av ei so godt som samla presse; Are var ein av dei få som tok han i forsvar. Det krevst ufatteleg mykje mot og energi for å gå mot straumen, å utfordre sjølvaste makta (eller, i vårt tilfelle, mest sannsynleg makta bak makta) – og å gjere det under fullt namn aukar faremomentet dramatisk. Det er nesten umenneskeleg å stå i denne kampen år etter år utan at kroppen av og til melder pass.

Spørsmålet eg sjølv stiller, er: blir Are og Kiri verkeleg utsett for «gang-stalking»? Det er ikkje paranoia om dei verkeleg er ute etter deg. Blir dei overvaka av E-tenesta og/eller PST? Offisielt har ikkje etterretningstenestene lov til å drive overvaking av folk for moro skuld, langt mindre trakassere dei med 5G-stråling, bølleåtferd eller andre teknologiske mafiametodar (i mangel av betre ord). Om der verkeleg finst aktørar som nyttar seg av slike metodar, må dei i sofall kome frå «djupstaten», der djupet og mørket er so påtrengjande at rettsvesenet og domstolane ikkje har noko dei skulle ha sagt. Men, på den andre sida… Dersom «makta bak makta» verkeleg hadde hatt som intensjon å eliminere Are, Kiri, Steigan eller andre aktørar i alternative media, hadde dei gjort dette for lenge sidan.

Eg har den siste tida sett indikasjonar på at eg sjølv kan vere under overvaking, sannsynlegvis fordi Derimot og Steigan stundom publiserer Saksyndig-artiklar. Det trådlause Internettet i leilegheita mi i byen er mistenkjeleg ustabilt for tida, i motsetnad til der eg leiger i den aude utkantkommunen eg jobbar i. Nettet har aldri vore ustabilt tidlegare. Dette kan sjølvsagt ha heilt naturlege årsaker, og hadde eg ikkje drive ein blogg innan alternative media, ville eg ha avfeia det heile som paranoia. Om der faktisk sit nokon og overvakar Internett-trafikken min, vil dei neppe finne ting som er ein fare for rikets tryggleik – eller deira eigen tryggleik, om dei då er «djupstatsaktørar».

I likskap med Are er eg òg sliten for tida. Det skuldar eg derimot på det faktum at eg jobba to år i strekk utan ferie, at eg var hovudpersonen i ein kommunal hekseprosess av ei anna verd, at eg miste so å seie alt i livet mitt, og at eg no har høve til å seinke skuldrane for fyrste gong sidan 2020. Med tanke på kva som er i vente no til hausten og vinteren, er det kanskje ein klok strategi å kvile no når det er stille før stormen.

(Om de som overvakar meg les denne artikkelen, vil eg minne dykk på at mange av tekstane på bloggen har som mål å underhalde. Ta det de les med ei klype salt. Og slutt å kødde med Internettet mitt, takk!)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s