Av Carl Friedrich, Free West Media. Omsett av saksyndig.
Globalistane er ikkje lenger redde for offentlege trugslar. George Soros skreiv atter ein gjestekommentar i ei Bilderberg-tilknytt austerriksk avis, og i den klagar han over slutten på abortar i USA. For Soros er avgjerda til den amerikanske høgsteretten «slutten på demokratiet».
Den amerikanske høgsteretten har overstyrt den ekstremt liberale abortlova, som tidlegare opna opp for abort fram til fosteret var levedyktig. Det faktum at historiske Roe v. Wade vart overstyrt, har ergra Soros. For den amerikanske milliardæren tydar denne avgjerda «slutten på demokratiet» i USA. For hovudstraumsmedia døyr «demokratiet» fordi levedyktige foster ikkje lenger kan bli drepne i livmora. Likevel er denne lesinga av fakta berre delvis korrekt, sidan amerikanske delstatar i seg sjølv er lett i stand til å skape sine eigne lovrammeverk for abortar.
Great Reset – ekte «demokrati» for globalistar
Avgjerda tydar at «demokrati» i USA vil bli forvandla til eit repressivt regime, knurra globalisten Soros i eit meiningsstykke i Der Standard. For demokratiforkjemparar er dette ei forvirrande portrettering av situasjonen, men kjennarar av globalisme veit: Når Soros og hans WEF-venner som Klaus Schwab eller Bill Gates snakkar om «demokrati», meiner dei eigentleg globalt diktatur der dei kan undertrykkje.
Fordi berre når vi ikkje lenger har noko vi skulle ha sagt og ikkje lenger eig noko, vil dei vere lykkelege ifølgje Agenda 2030. Bilar, fly, ete kjøt, eigedom og til og med forplanting: alt dette vil bli reservert for dei globale elitane i framtida, dersom dei får det som dei vil.
Det republikanske parti er òg ein torn i sida, fordi «endå større, derimot, er kor farleg det er at USA blir eksponert av fiendar av demokratiet heime. Desse inkluderer den noverande Høgsteretten, dominert av høgreorienterte ekstremistar, og Donald Trump sitt Republikanske parti, som valde desse ekstremistane,» meinte Soros.
Det er urovekkjande korleis globalistane som har bragt elende til so mange land, får lov til å vanære vanlege dommarar med stempelet «høgreorienterte ekstremistar», og dette opne oppvigleriet blir likevel ikkje utfordra i media.
Soros krev totalt nederlag av republikanarar, Russland, Kina
Soros gjer det klart: For han styrer «ekstremistar» amerikanske domstolar sidan dei alle bidreg til å styrke Trump og hans støttespelarar med sine avgjerder kring abort, mot å bekjempe klimaendring og mot LGBTQ-rettar. Berre med eit fullstendig nederlag for republikanarane vil det bli mogleg, ifølgje den store finansmannen, å gjenopprette «amerikansk demokrati».
Soros er upåverka av si komplette opp-ned-verd: «Demokrati» kan berre eksistere dersom det berre finst eitt parti – kontrollert av han sjølv og hans Open Society Institutes.
Han skuldar òg Kina og Russland for slutten på amerikansk «demokrati». Den amerikanske milliardæren ser USA truga frå utlandet av Xi Jinping i Kina og av Vladimir Putin i Russland, som ønskjer å innføre eit fleirsidig verdssyn som står i kontrast til hans eige. Han kritiserer openlyst samarbeidet mellom Russland og Kina.
Tredje verdskrig: Soros ønskjer å eliminere Russland
Han skildra allereie dette i mai i ein gjestekommentar for den same avisa. Under tittelen «The Battle of Our Lives», erklærte Soros insensitivt: “Vi må bekjempe Russland for å redde vår sivilisasjon!» fordi Tredje verdskrigen kan byrje og «vår sivilisasjon vil kanskje ikkje overleve den».
Tydelegvis er det for lite fortgang i hans planar for verdsdominans og berre ein siger over Russland «kan redde sivilisasjonen», ifølgje 91-åringen sine kommentarar på eit WEF-møte i mai.
Desse er ikkje dei fyrste og einaste gjestekommentarane av globalistar i hovudstraumsmedia. Fleire og fleire av dei kjem med åtvaringar i hovudstraumsaviser. Klaus Schwab sin gjesteartikkel i Handelsblatt i januar dette året bad openlyst om slutten på nasjonale parlament og innføringa av eit verdsdiktatur under det glorifiserande namnet «Governance 4.0».
Soros-dogma ansvarleg for opprør i Sri Lanka
Med ekstrem energimangel og inflasjon på over 50% i Sri Lanka, og med matprisar som steig 80%, fall ein halv million menneske ut i fattigdom i løpet av det siste året.
«Men den underliggjande grunnen for Sri Lanka sitt fall er at leiarane deira fall under trolldommen til vestlege grøne elitar som selde økologisk landbruk og ‘ESG’, som refererer til investeringar gjort ved å følgje visstnok høgare kriteria relatert til Miljø (Environment), Sosiale (Social) og Statsstyre (Governance). Sri Lanka har ein nesten perfekt ESG-score (98), som er høgre enn Sverige (96) eller USA (51),» forklarte Michael Shellenberger.
Høgre oljeprisar resulterte i at transportprisar gjekk opp med 128% sidan mai som eit resultat av at landet insisterer på å følgje Soros sine ESG-direktiv.
«Det største og fremste problemet som forårsakar Sri Lanka sitt fall, var forbodet deira mot kjemisk gjødsel i april 2021. Over 90% av Sri Lanka sine bønder hadde brukt kjemisk gjødsel, og etter forbodet opplevde 85% tap i avlingane. Etter gjødselforbodet fall risproduksjonen med 20% og prisar auka i vêret med 50% på berre seks månader. Sri Lanka måtte importere ris til ein verdi av 450 millionar dollar, trass at dei hadde vore sjølvforsynte berre nokre månader tidlegare. Prisen på gulrøter og tomatoar vart femdobla. Te, nasjonen sitt hovudeksportprodukt, leid òg, noko som underminerte nasjonen sin utanlandsvaluta og evne til å kjøpe produkt frå utlandet.
«Medan der er to millionar bønder i Sri Lanka, er 70% av nasjonens 22 millionar direkte eller indirekte avhengige av jordbruk.»