Av Joseph Summers, LifeSiteNews, 12.juli 2022. Omsett av saksyndig.
Twitter stengde kontoen til Zelenko Freedom Foundation (ZFF), ein organisasjon grunnlagt av den avdøde anerkjende legen dr. Vladimir Zelenko for å fremje og finansiere helsemerksemd, utdanning, offentleg politikk og samfunnsutvikling. Dette vart gjort den dagen han døydde. Twitter-brukarar oppdaga stenginga dagen etter.
ZFF-kontoen vart oppretta i midten av juni, to veker før Zelenko døydde. Ifølgje CensorTrack stengde Twitter kontoen for «ban evasion» [«utestengingsunndraging»; oms.an.]. Medan Zelenko sjølv vart utestengt frå Twitter to gonger, har ikkje organisasjonen sin konto blitt utestengt tidlegare.
I ein samtale med Epoch Times sa Ann Vandersteel, nestleiar i ZFF, at utestenginga ikkje kom av enn «småleg hemngjerrigheit».
«Det er ingen løyndom at Big Tech avskyr ytringsfridom og i staden ber ved alteret til marxistisk kollektivisme og gruppetenking,» fortalde ho Epoch Times. «Silicon Valley sitt ytringskartell har sokke lågare enn nokosinne når [Twitter] stengjer Zelenko Freedom Foundation-kontoen mindre enn 24 timar etter bortgangen til dr. Vladimir Zelenko.» Ifølgje Vandersteel tok ingen frå Twitter kontakt med kontoen for å sjå kven som styrte den.
«Om dei hadde teke seg bryet med sjølv dei mest elementære førespurnader, ville dei ha oppdaga at kontoen var styrt av organisasjonen, ikkje av dr. Zelenko,» sa ho. «Kontoen vart ikkje oppretta for å gå rundt deira latterlege utestenging av dr. Zelenko, kontoen vart oppretta for å representere interessene til organisasjonen, som pliktar seg til å investere i individ og teknologi som vil redde oss og forlenge liva til alle menneske over heile kloden.»
Òg i ein samtale med Epoch Times siterte Kevin Jenkins, nestleiar i ZFF, dr. Martin Luther King Jr.:
«Alt vi ber USA om er «ver sann til det som står på papiret». Dersom eg budde i Kina eller til og med Russland, eller kva som helst slags totalitært land, kunne eg kanskje forstå nokre av desse ulovlege rettsordrane. Kanskje kunne eg forstå fornektinga av visse basiske First Amendment-privilegium, fordi dei ikkje har forplikta seg sjølve til det der borte. Men nokon stad las eg om retten til forsamling. Nokon stad las eg om ytringsfridom. Nokon stad las eg at det flotte med USA er retten til å protestere for rett. Og so, akkurat som eg seier, kjem vi ikkje til å late hundar eller vasslangar snu oss rundt; vi kjem ikkje til å late nokon rettsordre snu oss rundt.»
«Då Ann og eg snakka med dr. Zelenko angåande oppdragen til denne organisasjonen, sa han ‘Eg vil at sanninga skal spreie seg som eit mantra!’» fortalde Jenkins Epoch Times.
«Vårt team ved Zelenko Freedom Foundation vil halde oss sanne til dr. Zelenko og dr. King! Vi vil kjempe heilt til slutten for å redde menneskeheita! Bli med oss på Zfreedomfoundation.com. Dr. Zelenko sin draum vil ikkje bli motgått!»
Zelenko døydde sist torsdag [eigentleg torsdag 30.juni 2022; oms.an.] etter ein årelang kamp mot ei sjeldan form for terminal kreft. I dei tidlege dagane av Covid-19-pandemien skapte han «Zelenko-protokollen», ein cocktail av hydroksyklorokin, sink og andre legemiddel for å bekjempe viruset. Han fortalde LifeSiteNews i fjor at ved å bruke protokollen sin, hadde han «redusert dødsraten frå 7,5% til mindre enn ein halv prosent.» Suksessen av behandlinga hans gjorde han fortent til lovprising av dåverande president Donald Trump, og ein nominasjon til Nobel-prisen i medisin.
Han var òg kjent for å fordømme Covid-sprøytene, for å argumentere framfor ein rabbinsk domstol om farane rundt sprøytene, og for å forklare at barn ikkje burde få sprøytene. Zelenko åtvara òg om at dei nye sprøytene ber med seg potensialet til å utløyse dødelege blodproppar og hjartesjukdommar slik som myokarditt og perikarditt.
Zelenko sin siste video
I ein video som vart publisert dagen etter at han døydde, sa Zelenko at han hadde slege seg til ro med at han kom til å døy av kreft, og at han ikkje miste håpet.
Han sa:
«Ei læresetning i Talmud seier at sjølv om sverdet er på halsen din, burde ein person aldri gje opp håpet. Og dermed er eg i ein svært god sinnstilstand, og som eg ofte sa, vil dei måtte bere liket mitt ut av slagmarka, fordi mi avgjerd om å hjelpe menneskeheita, dei sårbare, dei uskuldige, sømelege menneska, overvinn dette fryktelege mørket og plaga som aldri har omgjeve oss sterkare. Og dersom eg vil måtte forlate denne verda, aksepterer eg Guds vilje, men eg oppmuntrar og ber alle innstendig om å auke innsatsen og gjere motstand. Fyrst med dykk sjølve om å ikkje gje etter for frykt, og deretter gjere offentleg motstand mot den tyranniske politikken som igjen dukkar opp.»
Zelenko gjekk over til å diskutere Bill Gates og Verdas helseorganisasjon (WHO), og åtvara at eit utbrot av ein annan sjukdom kan vere på trappene, jamfør nylege utbrot av apekoppar.
Dette vil vere den neste forteljinga som vil halde fram fryktkampanjen, å [halde fram] nedstengingskampanjen, munnbindkampanjen, å skape angst, isolere deg frå dei du elskar, og umenneskeleggjere deg med munnbleiene.
«Dette er speleboka, og dei kjem til å sende på oss bølgje etter bølgje av sin vondsinna agenda, heilt til vi tek det interne valet om å sparke vondskapen ut frå oss,» heldt Zelenko fram.
Vi burde etter mi meining fordømme dyrkinga av falske gudar, av teknologi, av vitskap, guden av korrupte styresmakter, pengar, makt, berømmelse, og gjenforeine hjarta våre med skaparen vår, som skaper oss på nytt på kvart punkt i tida. Essensielt har verda no valt sider, dei som vil dyrke maskinifiseringa av mennesket, og dei som vil bøye seg for skaparen.
«Sosiopatane har noko stort å bli råka av,» sa Zelenko. «Dei trur dei er gudar; dei trur at dei styrer verda. Vi for no sjå på det.»
Avslutningsvis sa Zelenko, «Dette er åsen vi må døy på, fordi våre avkom elles ikkje vil ha nokon stad å puste fritt.»