Av Mac Slavo, SHTFPlan.com, 11.juli 2022. Omsett av saksyndig.
Shanghai har dikta opp—eg meiner identifisert nok ein ny undervariant av Omikron. Herskarklassen har visstnok oppdaga eit Covid-19-tilfelle som involverer ein ny undervariant av Omikron BA.5.2.1.
Akkurat når vi alle undra oss over kor alle dei nye «scariants» [av scary «skremmande» og variant; oms.an.] var og kvifor hovudstraumsmedia slutta sin skremselspropaganda rundt Covid-19-scamdemien [av scam «svindel»;oms.an.], har vi no ein heil gjeng med mutasjonar som vi blir fortalt om. Flesteparten av dei «unndreg» seg «vaksinane» òg. Kor beleileg. Rull opp ermet for endå fleire sprøyter, folkens, for det er målet.
Shanghai har hatt nokre av dei mest øydeleggjande slavebindingsnedstengingane i verda.
«Byen vår har nyleg halde fram med å rapportere meir lokalt overførte positive tilfelle (av Covid-19), og risikoen for at epidemien spreier seg gjennom samfunnet er framleis svært høg,» åtvara Zhao Dandan, visedirektør i byens helsekommisjon.
Dette tilfellet som involverer den nye undervarianten vart funnen i det finansielle distriktet Pudong 8.juli. Det var knytt til eit tilfelle frå utlandet, sa Zhao. På grunn av dette vil innbyggjarar bli gjenstand for medisinsk tyranni og tvinga til å gjennomgå to rundar med Covid-testar frå 12. til 14.juli i eit forsøk på å få kontroll over potensielle nye utbrot.
«Variant BA.5. har vist seg å ha akselererande rate av overføring og ei forbetra immunflykt-evne, sa Yuan Zhengan, eit medlem av byens ekspertrådgjevargruppe rundt Covid-19-hindring, under eit møte sundag. Men vaksinasjon er framleis effektiv i å hindre BA.5 frå å skape alvorleg sjukdom eller død, la han til. – Reuters.»
Målet til herskarklassen er å vaksinere so mange menneske som mogleg, som er naive nok til å late seg injisere fleire gonger med ein eksperimentell mRNA-genterapi-«vaksine». Det er vanskeleg å seie korleis dette passar inn i Great Reset eller den overordna agendaen av total og permanent slavebinding, men det er openbert at det gjer det.
Følg med på desse «variantane» fordi kvar og ein av dei kan vere den dei vil bruke til å tvinge verda til å stengje ned atter ein gong.