Munnbind-nazi til mann utan munnbind: «Eg håper barna dine døyr fordi dei ikkje går med munnbind»

Av Belle Carter, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ei sinnssjukt rasande dame, som påstod at ho jobba på eit sjukehus, kjefta på ein mann og barna hans, og sa at ho håper dei kjem til å døy fordi dei ikkje går med munnbind. Den galne dama seier ho er bekymra for at helsa hennar kan bli negativt påverka, men hendinga skjedde medan ho stod i kø for å bli servert «søppelmat» på ein hurtigmatrestaurant [artikkelen på 100PercentFedUp seier det skjedde på ein Burger King; oms.komm.].

I ein video publisert på Twitter og som no sirkulerer på andre sosiale medieplattformer, la den påståtte helsearbeidaren merke til at mannen og barna hans ikkje gjekk med munnbind medan dei venta på tur.

Ein kunde i nærleiken byrja å filme dialogen der munnbind-nazien vart høyrt seie til mannen: «Om eg hadde noko med det, ville eg ikkje ha servert deg», og der mannen roleg svarer tilbake: «Vel, det er opp til dei. Dei kan be meg gå herifrå om dei so ønskjer.»

Dama freste og banna til mannen, som fekk han og barna til å fjerne seg eit stykke frå ho då ho byrja å bli opprørt over samtalen. «Eg håper mora di blir sjuk og døyr, og barna dine òg,» sa dama.

Mannen var framleis roleg og spurde ho: «Håper du folk døyr?» Dama vart sintare og sa: «Eg håper barna dine gjer det, fordi dei ikkje går med munnbind.»

I vantru spurde mannen igjen: «Håper du at barna mine døyr?» Den sprø dama vendte seg til dottera hans og sa «berre gå», og den vesle jenta gjekk ut av restauranten grinande.

Personen som filma samtalen braut inn og sa: «Du fekk den vesle jenta til å grine.»

Som om ho fullstendig sleppte vitet, såg dama inn i kamera og insisterte at mannen og barna hans burde gå med munnbind. Personen som filma sa til den sinte dama at det ho gjorde var gale.

Medan samtalen mellom dama og den som filma skjedde, såg mannen med barna ut til å vere i ein krangel med følgjet til den sinte dama. Den andre personen er ikkje med på filmen. Etter diskusjonen vart faren for opprørt, og gjekk derifrå med sine engstelege barn, som kan bli høyrt grine i det dei forlét lokalet.

I denne augneblinken gjekk ein av dei tilsette bort til dama og gav ho ein reprimande for å ikkje ta omsyn til kjenslene til barna. «Det er ikkje di oppgåve å dømme dei. Lat han handtere det,» kjefta han til ho.

Dama gneldra berre tilbake: «So eg kan bli sjuk og døy? Og du kan døy? Og desse folka kan døy? Eg jobbar på eit sjukehus, og eg ser folk døy kvar dag. Det er ille.» Ho var hysterisk indignert, som om det å døy på sjukehus ikkje er noko som finn stad naturleg – dette skjedde til og med før pandemien.

«Vil du sjå faren din døy? Det er ikkje morosamt,» heldt dama fram.

Deretter åtvara ho den tilsette at ho vil fortelje Ohio-guvernør Mike DeWine at føretaket ikkje krev at kundar går med munnbind, og truga med å få dei stengt ned.

Ohio har faktisk avskaffa munnbindpåbod for både vaksinerte og uvaksinerte, frå og med 2.juni.

Studie: Munnbind er ikkje i stand til å redusere Covid-19-smitte

Raseriet som dama retta mot faren og barna hans for å ikkje gå med munnbind, burde bli sett på som unaudsynt, ettersom det ikkje lenger er påbod om munnbind i delstaten.

I tillegg konkluderte ein studie tilbake i april at land med høg lydigheit til Wuhan koronavirus (Covid-19)-munnbindpåbod, ikkje gjorde det betre enn dei med liten bruk av munnbind, basert på analysen av ein «moderat positiv korrelasjon mellom bruk av munnbind og dødsfall».

Den fagfellevurderte studien ved namn Correlation Between Mask Compliance and Covid-19 Outcomes in Europe vart forfatta av Beny Spira; forskinga til vedkomande fokuserer på molekylær-genetikken til mikroorganismar.

Forskinga som vart publisert i Cureus Journal of Medical Science involverer totalt 602 millionar menneske. Data frå 35 europeiske land om morbiditet, mortalitet og munnbindbruk i løpet av ein seksmånadersperiode vart samla og analysert.

«Funna presentert i denne korte kommunikasjonen antydar at land med høgt nivå av munnbindlydigheit, ikkje gjorde det betre enn dei med liten munnbindbruk i seksmånadersperioden som omfatta den andre europeiske Covid-19-bølgja,» skreiv Spira i samandraget.

Han la til at mangelen på negativ korrelasjon mellom munnbindbruk og Covid-19-relaterte tilfelle og dødsfall antydar at den utbreidde bruken av munnbind på eit tidspunkt då eit effektivt inngrep var mest behov for, «ikkje var i stand til å redusere Covid-19-smitte.»

Sjå òg denne videoen der ein munnbind-nazi tørnar på eit Delta-fly.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s