Av S.D. Wells, Natural News. Omsett av saksyndig.
Dei som anbefaler mRNA vil ha oss alle til å tru at enzym i kroppen bryt ned mRNA og kvittar seg med det, men dette er ikkje tilfelle i det heile. Mange vitskapsfolk har dobbeltroller som farmasi-framsnakkarar [engelsk shill], som vil seie (eller lese frå eit manus/teleprompter) kva som helst for å selje til publikum det gamle, falske mantraet «trygg og effektiv». Derimot viser forsking utført av Harvard og MIT-vitskapsfolk og biokjemi- og molekylærbiologar at mRNA-«vaksinar» permanent kan andre genomisk DNA.
Dersom det er tilfellet, når sluttar so dei nyleg endra og modifiserte menneskecellene med å produsere dei klebande, giftige, virus-hermande proteinpriona som forårsakar blodproppar, myokarditt og autoimmune sjukdommar?
CDC hevdar feilaktig at mRNA-vaksinar ikkje interagerer med DNA-et vårt «på nokon måte», og at cellene våre kvittar seg med mRNA so fort rekodingsinstruksjonane er brukte
Nøkkelfunn av Hardvard- og MIT-forskarar motbeviser det CDC trur om mRNA-vaksinar, og avslører korleis genterapi-injeksjonane truleg kan interagere med menneskeleg DNA, på ein liknande måte som Kina-viruset sjølv gjer, ved å permanent endre genomisk DNA. Vitskapsfolka sa at denne «baklengs-transkripsjonen» er plausibel og «mest sannsynleg truleg».
Med andre ord kan enzym konvertere RNA til DNA (baklengs-transkripsjon), og dette er ikkje uvanleg, sidan meir enn 40% av pattedyrsgenom har denne evna. Dersom det er slik, tek CDC og vaksine-vitskapsfolka feil og lyg – og dei veit det.
Alt dette krev vidare studiar og varsam vurdering, men mRNA-vaksinane vart sendte av garde til marknaden i «overlysfart», noko som gav falsk truverd til det sokalla alvoret av Fauci-influensaen [Covid-19]. All «virusmanien» dreiv det amerikanske folket til å ta genterapi-injeksjonar som kan forårsake langsiktig skade på helsa, sidan ingen langtidsstudiar nokosinne har blitt utført med mRNA, sidan det er heilt nytt og høgst eksperimentelt.
Autoimmune reaksjonar og cytokin-stormar kan vere ustoppelege, noko som fører til drastiske langsiktige konsekvensar for helsa
Tilbake i 2012 avslørte ein studie publisert i National Library of Medicine at viral genomisk integrasjon kan føre til fryktelege helsekonsekvensar for vert-cella, inkludert celledød, insertional mutagenesis og genforstyrring. Kvifor nemner aldri CDC dette når dei skryt om mRNA-teknologi no? Svar: det passar ikkje med «trygg og effektiv»-forteljinga, og det antydar at menneske-DNA blir påverka, og kan bli påverka for alltid.
Faktisk manglar det forsking som viser at piggprotein berre kjem til uttrykk i kort tid etter vaksinasjonen. Der finst ingen empirisk evidens som støttar den teorien, sjølv når vaksine-vitskapsfolk og CDC spreier den som om den var eit faktum, berre for å presse massevaksinasjon for Covid-19.
Vidare er det eit ope spørsmål når det gjeld kor lenge dei syntetiske mRNA-instruksjonane for menneskeceller kommanderer dei til å halde fram å produsere giftige piggprotein. Dei kan halde seg inni cellene for alltid (fram til den tidlege døden til verten).
For å setje prikken over i-en, mistenkjer vitskapsfolk at desse nyleg muterte cellene med mRNA-instruksjonar produserer RNA som «heng rundt i cella mykje lenger enn viralt RNA», og lenger enn RNA-cellene våre normalt produserer for normal proteinproduksjon.
Denne «forsterka langvarigheita» til RNA aukar sannsynet for at det til slutt blir konvertert til DNA, og det går fullstendig mot og motbeviser CDC-teorien om at mRNA-instruert piggprotein-produksjon er kortvarig. Legg det til kaoset det faktum at vaksine-mRNA òg er konstruert for å vere meir effektivt i å bli omsett til protein, noko som tydar at dei negative effektane kan skje mykje oftare og vere meir uttalt frå vaksine-indusert genmutasjon samanlikna med effektane til viruset.
Dette tydar at menneskeceller kan produsere giftige prion på ubestemt tid, noko som får immunforsvaret til å forbli i kamptilstand for alltid. Dette vil tære på kroppen og visseleg forårsake forringing av helsa og eit kortare liv, dersom det er sant.
Vitskapsfolk lyg når dei påstår at der ikkje finst risiko for langsiktig helseskade frå mRNA-teknologi
Skal vi alle rett og slett ignorere og gløyme dei seriekriminelle frå farmasi-kjempene når dei produserer og sel det dødelegaste legemiddelet på jorda – vaksinar? Covid-19-sprøytene er ikkje eingong vaksinar, men dei blir kalla det fordi fleirtalet av menneske allereie trur på myten om medisinens «heilage gral». Desse «blodproppsprøytene» er utilstrekkjeleg testa, hasta ut på marknaden, ikkje godkjent av FDA, svorne å vere «trygge og effektive», og alt dette frå dei mest djevelsk vondsinna, kriminelle «vitskaps»-avvikarane og farmasi-framsnakkarane som nokosinne har vandra på planeten.
Ein dødeleg injeksjon for eit ikkje særleg dødeleg virus har blitt tvinga på dei naive massane ved å truge å ta jobbane frå folk, skremme dei med propaganda frå hovudstraumsmedia og CDC sine manus, og ved å forfalske statistikk om dødsfall av «Covid».