Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Joe Rogan introduserte til sine millionar av følgjarar denne veka ein konspirasjon som berre blir sterkare, der meir evidens samlar seg kvart år, same kor mykje den liberale eliten krev at vi sluttar å snakke om det. Er den maskerte, sokke-elskande, syngane, dansande kanadiske statsministeren Justin Trudeau eigentleg sonen til Fidel Castro?
Medan Justin Trudeau er kjent som sonen til Canada sin tidlegare liberale statsminister Pierre Trudeau, viser samanlikningsbilete av Justin og Fidel Castro at der kan liggje meir bak historia.
Ifølgje Joe Rogan, er likskapen mellom Castro og Trudeau «fullstendig vill», og den kanadiske statsministeren burde ta ein 23andMe gentest straks. Rogan tek ikkje feil. Likskapen er nifs. Men Trudeau/Castro-kaninhòlet går mykje djupare ned enn han innser.
Ved sida av den fysiske likskapen, blir dei kubanske rykta òg styrka av historiske fakta.
Medan Justin Trudeau sin fødestad Ottawa er langt frå Havanna, besøkte mora hans Margaret Trueau Cuba ni månader før Justin vart fødd, og der finst bilete av ho i sosialt samkvem med Fidel Castro. På dette biletet står Pierre Trudeau til høgre i biletet, og læst som han ikkje har noko problem med at hans unge og attraktive kone heng i armen på Cuba sin bedårande diktator.
Ikkje gløym at Castro var ein heltefigur for det internasjonale venstre på 1970-talet. Den kanadiske avisa The Globe and Mail bekreftar at Pierre og Margaret Trudeau vart nære venner med Fidel Castro.
«Pierre Trudeau og Fidel Castro sine vegar kryssa kvarandre for fyrste gong i 1970,» rapporterer The Globe, før dei forklarer at Trudeau-paret hadde det so koseleg på den karibiske øya at eit «varig vennskap vart smidd mellom erkeliberale Pierre Trudeau og marxist-revolusjonæren Fidel Castro.»
Og medan faktasjekkarar nyt å motbevise påstandar om at Trudea-paret var i Havanna ni månader før Justin vart fødd, er der somme ubeleilege fakta som faktasjekkarane nektar å adressere.
Trudea-paret byrja på ein karibisk ferie i det tidsrommet, med rapportar om besøk på ymse øyar i Karibia. Medan Cuba ikkje står på den offisielle reiseplanen, er det utenkjeleg at dei besøkte naboøyane og valde å ikkje besøke sin gode venn i Havanna medan dei var i nærområdet.
So kva skjedde eigentleg i Havanna i 1970 ni månader før Justin Trudeau vart fødd tilbake i Ottawa?
Tucker Carlson introduserte sjåarane sine til konspirasjonen tidlegare i år, og erklærte at Trudeau «heilt sikkert» er kjærleiksbarnet til den tidlegare presidenten Fidel Castro, medan han utdanna sjåarane sine i det lange og seksuelt ladde «vennskapet» som den kubanske diktatoren hadde med Trudeau si mor Margaret Trudeau.
Ved å setje over til eit CBS News-innslag frå 2017, vart publikum gjeven ein analyse av den seksuelle spenninga mellom Margaret Trudeau og Fidel Castro, der Margaret er sitert på å skildre Fidel som «den mest sexy mannen ho nokosinne hadde møtt», før ho innrømte at og brukte heile opphaldet på Cuba med å flørte med den kommunistiske despoten.
Ha i minne at denne turen til Cuba fann stad eit år før Justin, som ikkje liknar far sin Pierre i det heile, vart fødd.
Medan der ikkje er offisielle dokument, kan det dokumenterast at Margaret besøkte Cuba etter fødselen til sonen sin Justin, der ho vart teken i mot på rullebana av Fidel.
Familiegjenforeining?
Margaret Trudeau er ikkje framand for sexskandalar med mektige og høgprofilerte menn
Før ho sjokkerte Canada ved å gifte seg med den sitjande statsministeren, var Margaret berømt på 1970-talet for si seksuelt utsvevande åtferd.
Kjent som ei poster-jente for «flower child»-rørsla på tidleg 70-tal, omfamna ho den seksuelle revolusjonen og avviste tradisjonelle ekteskapsløfte som arkaiske, og øydela eit stykke kunst som hang på Pierre sin vegg fordi det feira «fornuft over lidenskap».
Etter eiga innrømming var ho stoffavhengig, og smugla A-preparat i ektemannens bagasje medan ho reiste. Ho drog nytte av sin diplomatiske immunitet, og gjesta Studio 54 i utfordrande kle. Nakenbilete av ho er framleis å finne i breitt omfang på nettet.
I si skildring av ein affære i 1974 med Ted Kennedy, skreiv Margaret Trudeau i sine meoarar om augneblinken då ho møtte den amerikanske senatoren under ein statleg middag i New York:
«Den kvelden følte eg slik ei tiltrekking mot han at vi ikkje eingong kunne stå eit par meter frå kvarandre. Pierre likte ikkje dette.»
Hadde Pierre flashbacks til kva som skjedde i Havanna nokre år tidlegare?
Margaret gjekk deretter over til Rolling Stones-gitarist Ronnie Wood, før ho gjekk over til Mick Jagger, og stakk av til New York med Stones-frontfiguren i 1977.
Skandalen signaliserte slutten på hennar turbulente ekteskap med Pierre Trudeau. Den liberale politikaren kjempa mot ho i domstolen, vann eineomsorg over barna, og nekta å betale underhaldsbidrag.
Oppdrog Pierre Trudeau sonen til Fidel Castro?
Justin Trudeau sitt opphav har ikkje blitt alvorleg stilt spørsmålsteikn ved av hovudstraumen i Canada, men derimot kan oppsiktsvekkjande ny informasjon som har kome fram i lyset på Cuba endre det.
Eit handskrive sjølvmordsbrev frå Fidel Castro Diaz-Balart (68), den eldste av Fidel Castro sine illegitime barn, ser ut til å bekrefte det langvarige ryktet på Cuba om at Fidel Castro er faren til Justin Trudeau.
Døden til den høgprofilerte, statlege kjernekraft-vitskapsmannen, òg kjent som «Fidelito» eller Vesle Fidel, på grunn av den sterke likskapen med far sin, lamslo nasjonen; derimot er det dette «eksplosive» sjølvmordsbrevet som har fått tunger på gli i Havanna.
Blant ein haug med klagar, antydar brevet at Fidelito var sint på sin avdøde far, den revolusjonære kubanske diktatoren. Fidelito skreiv at faren, Fidel Castro, «alltid samanlikna meg urettvist med Justin» og «avskreiv det eg hadde oppnådd med hans suksess i Canada.»
«Men kva kunne eg gjere? Eg er kubansk. Broren min er kanadisk. Dersom han vart fødd og oppdregen på Cuba, ville han ha levd i faren vår sin skugge for alltid, nett slik som eg.»
Fordømmande evidens, om det er sant. Derimot, på grunn av det faktum at hovudstraumsmedia undertrykkjer alt som trugar den liberale makteliten, forblir sjølvmordsbrevet uverifisert. På den andre sida har andre sjokkerande rapportar frå Trudeau-klanen dukka opp.
Tidlegare i år kom Newspunch med nyheitene om at Trudeaus halvbror, Kyle Kemper, innrømte at Justin er ei «brikke» til den globale eliten som tener Den nye verdsordenen. Ifølgje Kemper skriv ikkje Justin sine eigner talar eller Twitter-meldingar, men framfører i staden manus skrivne til han av hans globalistiske herrar.
Trudeau «snakkar ikkje frå hjartet», sa halvbroren hans, som la til «utpressing er eit svært kraftig verktøy».
På spørsmål om Justin har tenkt å bedra den kanadiske nasjonen, sa bror hans at han berre er ein marionett til Den nye verdsordenen og tek ordrar direkte frå grupper slik som Council on Foreign Relations og World Economic Forum.
Vart Justin valt av den globalistiske eliten for å opptre som ein frontfigur for Den nye verdsordenen?
Bakgrunnshistoria vil gjere han til ein ideell kandidat.