Er den tyske helseministeren «forvirra» og «psykisk sjuk»?

Henta frå Free West Media. Omsett av saksyndig.

Den tyske helseministeren Karl Lauterbach (SPD) vart kalla «forvirra» av ei tabloidavis medan den tidlegare innanlands-spionsjefen, Hans Georg Maassen sa at han kan lide av ein «psykisk sjukdom».

I motsetnad til hans ymse dokumenterte krav om at dei under 70 år burde bli vaksinerte mot koronavirus ein fjerde gong, fortalde Lauterbach tidsskriftet ZDF heute: «Eg sa aldri at alle yngre no burde bli vaksinerte. Det er rett og slett uriktig.» Men for ikkje lenge sidan hadde SPD-politikaren eksplisitt fortalt Der Spiegel, blant anna, at han «tilrådde vaksinasjon for yngre menneske.»

På Twitter distanserte helseministeren seg òg plutseleg frå sine tidlegare anbefalingar om at folk burde bli vaksinerte kvar tredje månad. Men det er nøyaktig det som hans «Koronavern-konsept», presentert saman med justisminister Marco Buschmann (FDP), fastslo for å kunne unngå restriksjonar på grunnleggjande rettar. Berre dei som hadde blitt vaksinerte for mindre enn tre månader sidan ville bli rekna som «vaksinerte», hadde han [Lauterbach] åtvara.

Avisa Bild understreka inkonsekvensane ved å kalle ministeren «forvirra». Dei hadde som overskrift i artikkelen «Forvirra Lauterbach sender Twitter-meldingar frå koronaisolasjon».

I eit intervju med YouTube-programmet Hello Opinion, gjekk den tidlegare spionsjefen mykje lenger. Hans Georg Maassen pakka det ikkje inn: «Dersom du ser på kva herr Lauterbach sa – nokre gonger kan han knapt fullføre ei setning utan å gjere feil – må du verkeleg spørje deg sjølv om mannen framleis har den naudsynte mentale styrken til å utføre pliktene sine som minister, eller om den føderale kanslaren kanskje burde få han undersøkt av ein folkehelseoffiser.»

Maassen viste òg til ytringar gjort av Lauterbach i 2020. På den tida tvilte Lauterbach på effekten av mRNA-vaksinane. Maassen heldt fram: «Dersom han hadde vore tilsett hjå meg, hadde eg hatt sterk tvil om arbeidsevna hans. Om dette er ein psykisk sjukdom eller eit resultat av bruk av substansar, kan eg ikkje vurdere. Men eg trur at mannen ikkje lenger er herre over vitet sitt.»

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s