Konservative politikarar reagerer kraftig på FBI-raid av Trumps eigedom: «Vi må øydeleggje FBI!»

FBI-raid på Mar-A-Lago slår tilbake spektakulært når den lovgjevande makta ber om nullifisering av korrupte føderale byrå slik som FBI, IRS, EPA, ATF, DOJ

Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News. Omsett av saksyndig.

Det tok berre eitt FBI-raid på president Trumps private eigedom for å eldne opp historisk motbør mot det korrupte, lovlause regimet til FBI, DOJ [justisdepartementet] og Biden. Inntil ganske so nyleg, var praten om å avskaffe IRS [dei føderale skattestyresmaktene], plukke frå kvarandre FBI, eller nullifisere ATF [byrå som handhevar lover relatert til alkohol, tobakk og skytevåpen, mellom anna; oms.an.], berre «utkant»-snakk. Men takka vere FBI er det no hovudstraumssnakk frå konservative.

FBI sitt raid på Mar-A-Lago – der FBI openbert planta bevis for å prøve å inkriminere Trump akkurat som dei gjorde med RussiaGate – har galvanisert det konservative USA medan dei eldnar opp utbreitt raseri mot lovløysa og kriminaliteten til det illegitime Biden-regimet, ein fiendtleg okkupasjonsstyrke som påstår å herske over USA, men som faktisk er styrt av kriminelle tyrannar og bedragarar som utførde valfusk i 2020 for å stele politisk makt frå folket.

FBI – USA sitt største innanlandske terrorisme-kartell – fører no ein væpna krig mot det amerikanske folket og konservative politiske leiarar, og denne skremmande realiteten har no blitt openlys sjølv for medlemmer av Kongressen og republikanske kandidatar for embete.

Arizona-guvernørkandidat Kari Lake skreiv ei sterk Twitter-melding om alt dette, der ho essensielt bad om forbod mot føderale agentar i heile delstaten Arizona. «Vi må sparke den føderale regjeringa,» kravde ho, og la til: «[vi] vil redde republikken vår, og vegen mot å ta frå dei føderale makta går rett gjennom Arizona.»

På liknande vis publiserte republikanaren Anthony Sabatini ei Twitter-melding der han bad om nullifisering [fråtaking av formell juridisk makt frå eit byrå; oms.komm.] av DOJ [justisdepartementet] og massearrestasjon av svikefulle FBI-agentar:

«Det er på tide for oss i den lovgjevande makta i Florida å be om eit naudmøte relatert til lova, og gjere tillegg i lovene våre når det gjeld føderale byrå. Kutt alle band til DOJ straks. Alle FBI-agentar som utfører handhevingsfunksjonar av lova utanfor Staten vår sine rammer, burde bli arrestert når dei blir oppdaga.»

Republikanaren Paul Gosar gjekk endå lengre, og sa: «Vi må øydeleggje FBI» og «Vi må redde USA». Denne kjensla er nøyaktig det som det amerikanske folket føler.

I mellomtida åtvarar republikanaren Mike Johnson at FBI sine skandaløse handlingar som del av det væpna DOJ, underminerer amerikanarane si tru på statlege institusjonar. (Nøyaktig kva slags tru? Den har allereie blitt tilinkjegjort…) Via The Epoch Times:

«Eit ‘væpna’ Justisdepartement (DOJ) under dagens Biden-administrasjon, sa Johnson i eit intervju med The Epoch Times, går til åtak på dei grunnleggjande ‘søylene’ som den største konstitusjonelle republikken vart bygd på, og underminerer amerikanske borgarar si tru på nasjonale institusjonar.»

Føderale byrå har droppa den falske fasaden som «dei gode», og handlar no som dei lovlause tyrannane som dei alltid eigentleg har vore

Det er temmeleg tydeleg at FBI, DOJ, ATF, DEA, EPA, IRS og alle dei andre tyranniske statlege departementa ikkje bryr seg det minste om offentleg tillit til statlege «institusjonar». Alt dei bryr seg om er si eiga makt og eigne pengar. Sidan dei trur at dei har rigga heile systemet mot Oss, folket, handlar dei ikkje lenger som om dei kjem til å måtte forklare seg for veljarar igjen nokosinne.

Vekke er alle påstandar om å «tene» folket. Det har blitt erstatta med tyranniet som består av å herske over folket, truge dei, tvinge dei eller berre dytte våpen opp i tryna deira for å plyndre eigendelane deira, slik som skjedde på Mar-A-Lago.

IRS, til dømes, køyrer stillingsannonser for skatteinnkrevjingsagentar som er «viljuge til å bruke dødeleg makt» mot det amerikanske folket. Dette blir openlyst framsnakka av IRS i fleire annonser som òg erklærer at søkjarar må vere viljuge til å «ta del i arrestasjonar, utføre ransakingsordrar, og andre farlege oppdrag».

Her er ein link til ein av desse stillingsannonsene på USAjobs.gov, der setninga «dødeleg makt» no har blitt fjerna etter at nyheitene om denne annonsen gjekk viralt.

Legg merke til at alle slike jobbsøkjarar må ta alle dei påkravde Covid-19-vaksinane, som tydar at dei må underleggje seg ei sjølvmordssekt-dødssprøyte for å kunne jobbe for den større sjølvmordssekta som er det globalistiske statlege regimet. Somme menneske vil gjere kva som helst for å få kunne bruke makt mot sine eigne borgarar, sjølv om det inneber å drepe seg sjølve med ei blodpropp-sprøyte.

Bruk av føderale byrå som våpen forårsakar informerte amerikanarar til å trekkje tilbake samtykket sitt

Når staten sluttar å «tene» folket og blir fienden til fridom og konstitusjonelle fridommar, trekkjer folket tilbake samtykket sitt. Og det skjer overalt no. Fleire og fleire innser at FBI er eit væpna terrorisme-kartell med ingen konstitusjonell makt i det heile.

Denne videoen er ein utmerka demonstrasjon av kva som kan skje om du ringjer politiet når ATF-agentar trakasserer deg med grunnlovsstridig makt og trugslar. Den beste delen er når den tyranniske, arrogante ATF-agenten påstår: «Eg har ein medisinsk tilstand…» essensielt følgt av: «Ikkje bruk straumpistol på meg, kammerat!»

Mesteparten av USA kan ikkje vente på at lokale politibetjentar byrjar å arrestere svikefulle FBI-agentar, AFT-agentar, IRS-agentar, væpna EPA-handhevarar [EPA handhevar miljørelaterte lover; oms.an.], og heile gjengen av lovlause, tyranniske byråkratar og terroristar som er i krig mot det amerikanske folket.

Snart, i «frie» delstatar styrt av republikanske guvernørar der ein har byrja å avskaffe den formelle makta [til dei føderale byråa], vil politiet sannsynlegvis byrje å arrestere FBI-agentar når dei blir oppdaga. Det burde vere målet til kvar raud stat: å nullifisere føderal makt innåt i delstaten, og utstade arrestordrar på alle føderale agentar som bruker grunnlovsstridig makt mot det amerikanske folket. Dette inkluderer IRS, ATF, DEA, EPA, FBI, DOJ, FCC [byrå som regulerer kommunikasjonsinfrastruktur] og mange fleire.

USA er ikkje lenger ein nasjon av lover. Grunnlova har blitt fullstendig forlaten av det lovlause Biden-regimet. Den illegitimt okkuperande regjeringa er i krig med det amerikanske folket, og endeleg byrjar hovudstraumskonservative å ringje i alarmbjølla, som vi i uavhengige media har gjort i årevis. Det amerikanske folket vil ikkje lenger gje samtykke til tyrannane og terroristane i det føderale byråkratiet som har blitt tungt væpna og blir brukt som våpen mot det amerikanske folket (kvifor treng IRS-agentar 700 000 dollar i ammunisjon no plutseleg?).

Når vi tek tilbake Huset, Senatet og Det kvite hus, må vi buksprette heile det føderale byråkratiet og minke storleiken på den føderale regjeringa med 90%. Spark alle på ræva ut og straffeforfølg dei som braut eiden dei gav når dei byrja i embetet. Dei fortener ikkje samtykket vårt, skattepengane våre eller samarbeidet vårt. Dei fleste av dei fortener å tilbringe resten av livet i fengsel.

Nullifiser no!

Mike Adams har basert denne meiningsartikkelen på sin Situation Update-podcast frå 10.august 2022.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s