79% av amerikanarane trur at djupstaten har øydelagt lov og rett

Av Shane Trejo, Big League Politics. Omsett av saksyndig.

Ei ny spørjeundersøking frå Trafalgar Group viser at meir enn 79% av amerikanarane forstår at der fins tein separat standard av lover som gjeld for dei som har politiske kontaktar, medan resten lever under eit fullstendig annleis sett av reglar.

Resultata viser at 79,3% av amerikanarane trur at der finst to sett lover – eit som gjeld insiderar i Washington D.C., og eit anna som gjeld vanlege amerikanarar. Berre 11,6% av amerikanarar trur at lover gjeld under ein likestilt standard medan 9,1% var usikre på spørsmålet.

Resultata av spørjeundersøkinga, som vart utført av Trafalgar i samanheng med Convention of States-prosjektet, kan sjåast her.

Det er verdt å leggje merke til at spørjeundersøkinga vart utført mellom 24. og 28.juli, lenge før FBI utførte eit politisk motivert raid på heimen til president Donald Trump. No vil desse tala sannsynlegvis vere endå høgare når det gjeld kor merksame folk er på djupstaten sin nasjonale urett.

Big League Politics har rapportert om misbruk frå djupstaten som har resultert i øydelegginga av lov og rett, og at folket vender seg mot føderalt byråkrati:

«Nyleg deklassifiserte dokument frå generalinspektøren i CIA viser at byrået visste om minst 10 av stabsmedlemmane sine som var skuldige i sexbrotsverk som involverte barn, men at dei valde å ikkje reise tiltale.

Original rapportering frå Buzzfeed viser naturen til djupstaten og korleis den beskyttar rovdyr i seg sjølv. CIA påstår at det å straffeforfølgje seksualforbrytarar blant sine eigne kan setje statshemmelegheiter i fare som ei perfekt orsaking for å halde pedofili skjult frå det offentlege.

Ein tilsett fekk sparken etter å ha seksuelt misbrukt eit to år gammalt barn og eit seks år gammalt barn. Derimot vart personen aldri straffeforfølgt. Ein annan tilsett vart tvinga til å seie opp etter å ha kjøpt tre barnesex-videoar frå mødrene til offera, men vart heller aldri straffeforfølgt. Eit anna rovdyr miste kontrakten sin med CIA etter at vedkomande vart teken i ein «sting»-operasjon, og personen vart ikkje straffeforfølgt…

Desse avsløringane vil berre styrke praten om at den globale eliten utfører serieovergrep mot barn. Det kan vere tilfellet eller ikkje, men det er tydeleg at dei ikkje bryr seg det minste om velværet til barn, ved å nekte å straffeforfølgje desse rovdyra etter lovens ordlyd.»

Tida er inne for konservative å starte kampen for å eliminere FBI, CIA, DOJ [det amerikanske justisdepartementet], NSA [det nasjonale tryggleiksbyrået] og andre monolittiske føderale byråkrati som er i krig med rettane til folk.

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s