Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov kom på ein nyleg pressekonferanse nok ein gong med skuldinga om at Pentagon (òg kjent som Pentagram) hjelpte Ukraina med å utvikle «fasilitetar for biologisk krigføring» i både Kiev og Odessa.
I si etteraping av orda til topprangerte russiske diplomatiske forhandlarar på dei russisk-ukrainske fredssamtalane i Kviterussland, forklarte Lavrov at Russland har samla sterk evidens som peiker på det faktum at Pentagon er «opptekne med dei kjemiske og biologiske installasjonane i Ukraina».
«Pentagon bygde to biokrigføringslaboratorium og dei har drive og utvikla patogen der i Kiev og Odessa,» la han til, og forklarte at Pentagon si største bekymring no er å misse kontroll over fasilitetane.
«Og de veit korleis det kan bli i framtida,» la han til. «Og amerikanarane blånektar å starte ein inspeksjonsmekanisme som del av konvensjonen for forbod mot kjemiske våpen.»
«Og dei bygde nye kjemiske og biologiske fasilitetar langs russiske grenser.»
CIA er «på bakken i hopetal» i Ukraina for å trene opp hær til å kjempe mot Russland
Central Intelligence Agency (CIA) er òg djupt infiltrert i Ukraina. Lavrov seier at CIA-agentar aular i Ukraina for å utføre «opptrening» av den ukrainske hæren – og ikkje for å gå til krig mot Polen slik enkelte trur.
Desse djupstatsoperasjonane i Ukraina er ein trugsel mot Russland, og rettferdiggjer til fulle «spesialoperasjonen» om vart lansert av den russiske presidenten Vladimir Putin i februar.
«Då utviklinga i Iran skjedde, då USA påstod at dei var ein trugsel for den amerikanske nasjonale tryggleiken, spurde nokon på den tida kvifor USA bestemte seg for å bringe eit land 10 000 kilometer frå kysten til orden, fordi USA er ei stormakt?» spurde Lavrov, og samanlikna Russlands knipe med den til USA tilbake i 2003.
«Når Russland seier at der er ein trugsel mot oss, byrjar dei å fortelje oss at der ikkje er ein trugsel i det heile, men de veit, vi vil bestemme kva som trengst for å gje oss tryggleik,» la han til. «Og det er nær og ved sida av grensene våre – vi vil ikkje fare 10 000 kilometer vekk for å handheve reglane våre.»
Dette er ei interessant samanlikning, med tanke på at den amerikanske påstanden om at Irak hadde masseøydeleggingsvåpen, viste seg å vere ein farse. Iverkset Russland dei same manipulative taktikkane for å rettferdiggjere sin invasjon av Ukraina, eller er Pentagon verkeleg involvert i biovåpenprogram der?
Russland skuldar USA for å halde biovåpenprogrammet sitt hemmeleg
Tilbake i mai 2020 skulda Lavrov USA for å «kategorisk opponere mot å leggje til ein protokoll til konvensjonen om å forby biologiske og giftbaserte våpen, som ville etablere ein mekanisme for å verifisere at medlemsland lyder plikta si til å ikkje produsere slike våpen.»
«USA sin motstand mot å sikre openheit om sine militær-biologiske aktivitetar i ulike regionar i verda reiser naturlegvis spørsmål om kva som verkeleg skjer, og kva slags mål dei følgjer,» la han til under ein nyheitskonferanse etter eit virtuelt møte med Shanghai Cooperation Organization (SCO).
«Desse laboratoria ligg tett i tett rundt grensene til den russiske føderasjonen, og dermed nær grensene til Folkerepublikken Kina.»
Som eit tillegg til samtalen seier Leonid Slutsky, leiar av Duma-komiteen for internasjonale affærar og ein medlem av den russiske delegasjonen for samtalar med Ukraina, at Russland har alt beviset og er viljuge til å gje ein «dokumentanalyse» for å bevise at Pentagon konstruerer biovåpen i Ukraina.
24.februar, den offisielle dag éin av invasjonen, mottok Ukraina visstnok ein ordre om å straks øydeleggje alle verkeleg farlege patogen i dei USA-leia laboratoria, inkludert årsaksagentane til «pest, miltbrann, harepest, kolera» og andre.
«Vi får fleire og fleire bekreftingar på at Russland hadde meir enn gode nok grunnar til å utføre ein spesialmilitæroperasjon for å demilitarisere Ukraina,» skreiv Slutsky på sin Telegram-kanal.
I stadne for å erkjenne at noko måtte bli gjort for å stoppe desse hemmelege operasjonane i Ukraina, som trugar heile verda, gjekk mange land i staden inn for «russofobiske anfall», seier Slutsky.
Kiev braut eklatant sine internasjonale plikter, inkludert Konvensjon for forbod mot utvikling, produksjon og lagring av bakteriologiske (biologiske) og giftbaserte våpen og deira øydelegging, og få erkjenner dette.
Ved å lansere åtaket gjorde Putin det klart at målet rett og slett var «vernet av menneske som har blitt gjenstand for mobbing og folkemord av Kiev-regimet i åtte år.» Planen for å oppnå dette var «demilitariseringa og de-nazifiseringa av Ukraina».
«Under ein spesialmilitæroperasjon vart det avdekt fakta rundt ei naudreinsing i Kiev-regimet av spor av eit militær-biologisk program som vart implementert i Ukraina, finansiert av det amerikanske forsvarsdepartementet,» la general-major Igor Konashenkov til.