Den ukrainske leiaren vil ha eit års forbod mot reiser og energiimport.
Henta frå RT.com. Artikkelen er skriven frå eit russisk-vennleg perspektiv. Omsett av saksyndig.
Medan han kalla dei noverande anti-russiske sanksjonane for «svake», sa Ukrainas president Volodymyr Zelensky til Washington Post på måndag [8.august 2022] at Vesten må innføre full embargo på all energiimport frå Russland, og eit reiseforbod for alle russarar i minst eit år.
I eit intervju som gjekk føre seg inni hans forsterka kontor i Kiev, fortalde Zelensky Washington Post at «dei viktigaste sanksjonane er å stengje grensene – fordi russarane tek vekk nokre andre sitt land». Russarane burde «leve i si eiga verd fram til dei endrar filosofien sin».
«Kva enn slags type russar… få dei til å fare til Russland,» sa han, ifølgje avisa, og argumenterte for at kollektiv avstraffing var einaste utveg. «Dei kjem til å forstå då. Då vil dei seie ‘Denne krigen har ingenting med oss å gjere. Heile befolkninga kan ikkje bli halden ansvarleg, kan dei?’ Dei kan det. Befolkninga valde denne regjeringa og dei kjempar ikkje mot den, dei tek ikkje til motmæle, dei roper ikkje ut mot den.»
Den ukrainske leiaren insisterte på at dette var «den einaste måten å påverke» Russlands president Vladimir Putin. Medan han snakka til Washington Post som om han vendte seg til det russiske folket, la han til: «Du seier til heile verda at dei må leve etter dine reglar. So far og bu der.»
USA og deira allierte – Canada, EU, Japan, Sør-Korea og Australia – har innført embargo mot hundrevis av russiske personar, selskap og organisasjonar på grunn av det dei kallar ein «invasjon» av Ukraina. I april i år hadde Russland blitt det mest sanksjonerte landet i verda, og gjekk forbi Iran, Venezuela, Myanmar [Burma] og Cuba kombinert.
Den amerikanske presidenten Joe Biden hevda at embargoen ville øydeleggje den russiske økonomien, berre for seinare å skulde på Putin for den amerikanske inflasjonen og dei skyhøge bensinprisane.
Zelensky sitt intervju kom i det Det kvite hus annonserte at dei sendte nok ei ladning våpen og militærforsyningar til ein verd av ein milliard dollar til Kiev, saman med 4,5 milliardar i pengar for å støtte den ukrainske regjeringa.
Han erklærte at so snart Ukraina får «nok styrkar og høve, kjem vi til å de-okkupere alle territoria våre.»
Russland sendte troppar til Ukraina 24.februar, på grunn av at Kiev mislykkast i å implementere Minsk-avtalen, som var designa for å gje regionane Donetsk og Lugansk spesialstatus innåt i den ukrainske staten. Protokollane, mekla av Tyskland og Frankrike, vart fyrst underteikna i 2014. Den tidlegare ukrainske presidenten Pyotr Poroshenko har sidan innrømt at Kievs hovudmål var å bruke våpenkvila for å kjøpe tid og «skape mektige væpna styrkar».
I februar 2022 anerkjente Kreml Donbass-republikkane som uavhengige statar og kravde at Ukraina offisielt erklærte seg eit nøytralt land som aldri vil slutte seg til noka vestleg militærblokk. Kiev insisterer at den russiske offensiven var fullstendig uprovosert.