FBI-raid heime hjå Trump har som føremål å hindre han i å stille som presidentkandidat i 2024

Tiltale vil hindre han i å få presidentembetet

Av Paul Joseph Watson, Summit.news, 9.august 2022. Omsett av saksyndig.

FBI-raidet på Donald Trumps eigedom Mar-a-Lago er spesifikt designa for å hindre han i å stille til presidentval igjen i 2024, har juridiske ekspertar konkludert.

Trumps eigedom på Palm Beach vart raida av FBI i går kveld, visstnok som del av ei etterforsking der ein trur at Trump tok konfidensielle dokument med seg då han forlét Det kvite hus.

Biden-regimet påstod tvilsamt nok at dei ikkje hadde førehandskjennskap til raidet, som overveldande har blitt karakterisert av republikanarar som politisk motivert.

Ifølgje juridiske ekspertar, har raidet som tydeleg intensjon å vere del av eit forsøk på å tiltake Trump for feilbehandling av dokument i Det kvite hus, som kan stoppe han frå å kunne stille som presidentkandidat i 2024.

«Dersom Trump blir dømt under denne føderale statutten, vil han ha forbod mot å ha noko slags embete, inkludert presidentembetet,» sa den tidlegare føderale påtaleadvokaten Neama Rahmani.

«Det vil vere stort,» la han til.

Trump vil kunne bli tiltalt etter US Code Title 18, Section 2071, som seier at alle som «med vilje og på ulovleg vis skjuler, fjernar, lemlester, tilinkjegjer eller øydelegger, eller forsøker å gjere slik, eller med intensjon om å gjere slik tek og ber med seg kvart eit dokument», kan få bot eller opptil tre års fengsel.

Provisjonen set som krav at den ansvarlege «skal seie frå seg embetet sitt og bli diskvalifisert frå å halde noko embete under USA.»

Dette vil eliminere Trump frå å stille mot Biden, som demokratane so godt som har forlate og prøver å erstatte, på grunn av hans no notoriske kognitive problem.

Sjølv om Trump tok 15 øskjer med dokument med seg då han forlét embetet, vart desse levert tilbake i januar i år. Agentar var og såg om Trump hadde teke vare på nokon andre presidentdokument, sjølv om safen dei braut seg inn i etter seiande var tom.

Derimot hevdar juridiske observatørar at FBI kan byggje ein sak på at Trump med vilje øydela dokument. Det faktum at der ikkje finst bevis for dette ser ikkje ut til å spele noka rolle, med tanke på kor lovlaust Justisdepartementet no har blitt.

«Advokatane hans fortalde han om lova som krev at han må ta vare på Kvite hus-dokument, so han var informert og det vil styrke saken og hjelpe til med å bevise intensjon dersom påtalestyresmaktene tek ut tiltale mot Trump,» sa Rahmani.

Andre har òg peikt på at sjølv om raidet tilsynelatande ikkje har noko å gjere med 6.januar, kunne FBI, væpna av Demokratane, vore på ein fiskeekspedisjon for informasjon som kan styrke den grunnleggjande myten, som er fullstendig utan bevis, at Trump «vigla opp til» eller planla 6.januar-opptøyane.

«Dersom det kjem bevis frå raidet som kastar lys på Trumps involvering i Capitol-opptøyane, vil det absolutt bli del av 6.januar-etterforskinga,» sa Rahmania.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s