Av Matt McGregor. Henta frå Natural News, opphavleg publisert i The Epoch Times (det krevst abonnement for å lese den på Epoch Times). Omsett av saksyndig.
Vera Sharav var berre tre år gammal då verda hennar kollapsa.
Ho og familien hennar vart jaga ut av Romania og driven i flokk inn i ein konsentrasjonsleir i Ukraina under Andre verdskrigen, der dei vart overlatne til å vente, og svelte.
«Dødens sky var alltid der,» sa Sharav til The Epoch Times.
Kvar veke avgjorde ei liste kven som skulle bli sendt kor; om det skulle vere ein døds- eller slavearbeidsleir, sa ho.
Under opphaldet i leiren, sa ho at faren hennar døydde av tyfus då ho var fem, som hadde vore utbreitt i leirane på grunn av kulden og underernæring.
Etter tre år i leiren vart ho redda i 1944, fortalde ho.
«Mora mi fekk nyss om at nokre foreldrelause skulle bli transporterte ut av leiren, so ho laug og sa eg var foreldrelaus for å redde livet mitt, og sånn enda eg opp med å forlate leiren,» sa Sharav.
Dette byrja det ho halla sin odyssé som eit barn utan foreldre, overlaten til ein eigen intuisjon og skarpe kritiske vurdering av andre sine intensjonar.
«Eg måtte vurdere kven eg kunne stole på at ville ta seg av meg,» sa ho.
Medan ho var på eit tog til Constanta hamn i Romania, der det venta tre båtar på å ta grupper av menneske til Palestina, vart ho venn med ein familie. Då dei derimot ankom, fann ho ut at ein hadde tenkt å plassere ho på ein båt med andre foreldrelause barn, som kom til å skilje ho frå familien som ho følte ho kunne stole på. So ho gjorde opprør.
«Same kva, kunne eg ikkje bli overtala til å gå om bord på båten,» sa ho. «På mirakuløst vis lét dei meg til slutt få viljen min.»
Sjøsjuk fall ho i søvn den natta, berre for å vakne opp til nyheita om at båten med dei foreldrelause hadde blitt torpedert, og ho fann ut fleire tiår seinare at det var russarane som hadde gjort det.
Sjølv om ho bar på skuld for å ha overlevd, var ho takksam for at ho gjorde motstand fordi nettopp den motstanden heldt ho i live, sa ho.
«Eg lydde ikkje autoritet, og det redda livet mitt.»
Medisin som våpen
Desse minna vendte tilbake i 2020 under veven av Covid-19-restriksjonar som spann ut av kontroll ved hjelp av mediepropaganda, sa ho.
«So no, når folk lyder autoritet utan å tenkje, og gjev opp retten sin til å bestemme over sine eigne liv og kva som skal inn i kroppane deira, tenkjer eg tilbake til den tida,» sa ho.
I dag er Sharav ein medisinsk aktivist og grunnleggjar av Alliance for Human Research Protection, eit nettverk av lekfolk og profesjonelle som arbeider for å oppretthalde humanitære verdiar og etiske standardar etablerte i den Hippokratiske eid, Nürnberg-kodeksen og den Universelle erklæringa for bioetikk og menneskerettar.
Mest nyleg slutta ho seg til Scott Schara, med-grunnleggjar av Our Amazing Grace’s Light Shines On, Inc.
Både Sharav og Schara diskuterte med The Epoch Times det dei såg som parallellar mellom det nasjonalsosialistiske regimet i Tyskland, og dei noverande medisinske direktiva som blir utførde i USA gjennom statleg finansiering.
Sidan døden av hans 19-årige dotter Grace på eit sjukehus i 2021, etter å ha blitt injisert med ein kombinasjon av legemiddel som han seinare fann ut var del av ein føderal sjukehusprotokoll, kalla Schara det som fann stad for «folkemord». [Artikkelen krev abonnement for å lesast; oms.komm.] Han har ført eit korstog for å fortelje dottera si historie, og danne nettverk med andre som hadde liknande opplevingar, medan han trekkjer merksemd til protokollane som han trur bidrog til mordet på dottera si, som har Downs syndrom.
Under nazi-regimet, sa Sharav, vart medisin brukt som våpen, slik det har blitt brukt i dag.
Sjølv om jødane var hovudmålet, sa ho, var dei fyrste medisinsk myrda offera handikappa tyske spedbarn og barn under tre år.
Dette utvida seinare operasjonen – med tittelen T4 for gateadressa til programmet sitt sentralkontor i Berlin – til handikappa i alle aldrar, inkludert psykisk sjuke og tilårskomne borgarar, sa Sharav.
«Nazistane kalla dei verdilause etarar,» sa ho. «T4 var ein planlagt innsats for å bli kvitt det som propagandaen deira kalla ‘den økonomiske børa’.»
Schara peikte på ein 2021-rapport frå Medicare Trustee, som evaluerer kostnaden av å finansiere eldre og handikappa.
«39% av det føderale budsjettet går til dei to gruppene nett no, som er 2,2 billionar i året,» sa Schara. [Ein billion er ein million millionar; oms.komm.]
På side 11 i rapporten ber ein om «vesentlege endringar» for å adressere finansielle utfordringar.
«Jo før løysingane blir sette i verk, desto meir fleksible og gradvise kan dei bli,» fastslår rapporten.
For Schara impliserer dette – medan det riktignok ikkje står eksplisitt der – at ein ber om eugenikk som vart støtta av akademiske elitar tidleg i amerikansk historie, og seinare teke til seg av Nazi-Tyskland.
Ti år etter at han tok makta, lanserte Adolf Hitler sitt folkemordsprogram som hadde blitt introdusert i steg for steg ved hjelp av propaganda som portretterte regimet som heltar, sa Sharav.
«Det som skjedde med Grace, og det som skjedde med mange handikappa og eldre i Vest-Europa, Australia, Canada og USA i mars og april 2020, var medisinsk mord,» sa Sharav.
«Bygde på ei løgn»
Folkemord er ikkje nytt for USA, sa Sharav, ettersom det var associate justice i USAs høgsterett Oliver Wndell Holmes som stemte i favør av 8-1-fleirtalsopinionen i 1921-saken Buck v. Bell, som opprettheldt Virginia Sterilization Act av 1924 og den tvinga steriliseringa av Carrie Buck, som visstnok var mentalt tilbakeståande.
Holmes sa at det ville vere betre å unngå at dei mentalt handikappa vart fødde, enn å late dei «tappe kreftene til staten» eller «late dei svelte på grunn av eigen dumskap».
«Prinsippet som held oppe obligatorisk vaksinasjon er brei nok til å dekkje kuttinga av eggleiarane,» skreiv Holmes i opinionen sin. «Tre generasjonar av imbesile er nok.»
Carrie Buck var derimot aldri faktisk tilbakeståande, sa Sharav.
«Argument for eugenikk er alltid bygde på ei løgn,» sa Sharav. «Men det er ein ideologi som held fram med å forgifte offentleg helsepolitikk.» Og ho skuldar på denne typen tenking for dei medisinske avgjerdene som til sjuande og sist bidrog til Grace sin død.
«Vondskapens banalitet»
Medan han held fram med å prøve å begripe kva som skjedde med dottera si, seier Schara at han oppnådde innsikt frå skriftene til Holocaust-overlevande Hannah Arendt og hennar konsept om «vondskapens banalitet».
«Det opna opp eit heilt nytt og annleis verdssyn for meg,» sa Schara.
Sharav si oppleving gjorde ho kjent med konseptet. Vondskapens banalitet er normaliseringa av massemord ved å gjere det om til ein byråkratisk rutine som blir levert som ordrar via tenesteveg til personen som trekkjer ned brytaren, gjev injeksjonen eller skrur på gassen, sa ho.
«Ingen kalla det mord,» sa Sharav. «Nazistane var særs dyktige i propaganda og språk. Jødane vart kalla ‘spreiarar av sjukdom’, ikkje ulikt tilnamna som blir slengt etter dei som ikkje tok sprøyta.»
Gjennom 2021 vart spreiinga av Covid-19 skulda på «dei uvaksinertes pandemi», ein frase som vart brukt av president Joe Biden og guvernørar slik som Nord-Carolinas guvernør Roy Cooper.
«Heile språket til det er umenneskeleggjerande,» sa Sharav.
«Ein glatt bakke»
Schara anvender konseptet på det faktum at 67% av barn med Downs syndrom blir abortert i USA.
«Legar oppmuntrar mora til å ta ein fostervassprøve, og dersom testen viser Downs syndrom eller andre handikap som vil komplisere livet til forelderen, oppmuntrar han til abort,» sa Schara.
Sharav sa at ho har sett ein vanheilag union når medisin går til sengs med staten.
«Den hippokratiske eid går ut vindauget,» sa ho.
Lovnaden om å «ikkje gjere skade» vart erstatta med å sverje truskap til «fellesskapets beste», sa Sharav.
Spørsmålet som då gjenstår, er kven som har autoritet til å bestemme kva som er best for fellesskapet, utfordra Sharav.
Det som støttar felleskapets beste, er å ha respekt for individet, sa Sharav, og det å følgje politikk som kjempar for dei mange over individet, er å opne døra for ei praktiseringsform av medisin som vil forårsake skade.
«Sjå på kva Big Pharma gjer med barn, der dei aggressivt går etter dei for at dei skal ta sprøyta når dei ikkje har nokon som helst risiko av Covid-19,» sa ho.
Det er ein glatt bakke som – ved hjelp av avansert teknologi – samfunnet sklir ned raskt, samanlikna med sniglefarten det gjekk i då Hitler implementerte si «Endelege løysing», sa Schara.
«Vi er på veg dit eksepsjonelt raskt,» sa Schara. «I dag er ‘Den endelege løysinga’ reduksjonen av heile den menneskelege befolkninga under ‘Berekraftagendaen’ til Agenda 2030.»
Ulikt dei fysiske leirane som kravde blekktatoveringar for identifisering og vakter for å kontrollere fangane, er dei nye fengsla digitale, sa Sharav, styrt på avstand av overvaking gjennom smarttelefonar og byar.
«Med smartteknologi kan du kontrollere milliardar på éin gong,» sa ho. «Det er urovekkjande.»
Det er vanskeleg for mange å begripe at ein liten elite kan konspirere for å skape utbreitt skade, sa Sharav.
«Folk vil seie ‘Dei gjorde ein feil; det var eit uhell,’. Men, nei. Eliten, akkurat som nazistane, har denne arrogansen der dei trur at dei er overlegne og difor har rett til å herske over resten av oss fordi dei trur vi er underlegne,» sa Sharav.
Kontroll versus tru
Schara sa at hans uro ligg hjå ein herskarklasse-elite som er gudlaus, som berre trur på det som kan målast og kontrollerast.
Han legg vekt på si tru på Gud som eit mektig våpen for å kjempe mot dei mørke agendaene som har eskalert utanfor fatteevna til gjennomsnittspersonen, som arbeider 60 timar i veka berre for å få endane til å møtast.
«Vi burde ikkje late oss fange av det falske lyset som Satan til slutt vil ri inn på for å stele fleire sjeler. Guds sanne lys vernar dei som trur,» sa han.
«Vi, folket» kan krevje suverenitet ved å lære oss å stole på intuisjon, erfaring og evna til å skilje løgner from sanning, sa Sharav.
«Slutt å sjå på hovudstraumsmedia,» sa Sharav. «Dei les alle frå det same manuset. Dei har bombardert folk med skremselspropaganda, som er nøyaktig det same som nazistane gjorde. Slik kontrollerte dei befolkninga: gjennom frykt.»
For Sharav er oppdraget som har blitt lagt føre føtene på folk i heile verda det same som det var for ho då ho var lita: «Gjer motstand. Vakn opp. Slutt å lyde ordre.»