Den tidlegare presidenten er anklaga for å spyle dokument frå Det ovale kontor i do
Av Cristina Laila, The Gateway Pundit. Omsett av saksyndig.
New York Times-reporter Maggie Haberman bruker bilete av toalettskåler for å promotere si nye anti-Trump-bok.
Liberale reporterar er so desperate etter å knyte brotsverk til Trump (og selje bøker) at dei no publiserer bilete av eit toalett brukt av Trump for å bevise at han spylte ned dokument frå Det ovale kontor.
Tidlegare i år påstod Haberman at Trump øydela dokument ved å spyle dei ned i ein do.
«Her er noko rapportering frå boka sine seinare år – personalet i Det kvite hus fann jamleg ut at papir hadde tetta eit toalett, noko som fekk dei til å tru at Trump hadde spylt ned materiale som han hadde rive i stykke,» sa Maggie Haberman i ei Twitter-melding i februar, der ho viste til si nye bok.
Trump nekta for å ha spylt ned dokumenta og kalla Maggie Haberman si rapportering for «falske nyheiter» til Fox & Friends’ medvert Will Cain i februar.
«Jepp, det er falske nyheiter og ho er ein falsk skribent. Ho fekk ein Pulitzer-pris for Russland, Russland, Russland og so fann dei ut at det var ein bløff. Og det gjorde andre òg. Ærleg tala, dei som får Pulitzer-prisar jobbar tilfeldigvis rundt deg og rundt Pete. Og eg fortel dykk, det er ei skam. Men, nei, det er ei fullstendig falsk historie,» sa Trump ifølgje Mediaite.
«Ho dikta det opp. Eg trur ikkje dei har nokon kjelder. Kven kjem til å vere ei kjelde for dette, eigentleg? Kven ville vete det? Der finst inga kjelde. Dei dikta det opp. Du veit, nokre gonger, slike falske skribentar som ho, dei oppfører seg som om dei kjenner meg som ho kjenner meg. Eg har ikkje snakka med ho på svært, svært lenge. Ho kjenner ikkje meg noko betre enn kva som helst annan skribent. Dei skriv bøker som om dei veit, og deretter diktar dei opp slikt som det. Det er ingen måte for ho å vete om det er sant,» sa Trump.
Maggie Haberman kom med bileta av de isokalla toaletta til Axios’ Mike Allen – og han brukte bileta for å promotere Habermans nye bok.
Det handlar om å selje bøker.
Axios rapporterte:
«Hugsar de vårt toalett-scoop i Axios AM tidlegare i år? Maggie Haberman si komande bok om tidlegare president Trump vil rapportere at personale i Det kvite hus jamleg fann papirbitar som tetta eit toalett – og trudde at den tidlegare presidenten, ein notorisk øydeleggjar av dokument frå Det ovale kontor, var nedspylaren.
Kvifor det er viktig: Å øydeleggje dokument som bør bevarast, er potensielt ulovleg.
Trump nekta for det og kalla Haberman, som han følgjer New York Times-dekning om slavisk, ein ‘mark’.
Vel, det viser seg at der er bilete. Og her er dei, publisert for fyrste gong.
Haberman – som fekk tak i bileta nyleg – delte dei med oss før publiseringa av boka hennar 4.oktober, Confidence Man: The Making of Donald Trump and the Breaking of America.
- Ei kjelde frå Trumps Kvite hus fortel ho at biletet til venstre viser eit toalett i Det kvite hus.
- Fotoet på høgre sida er frå ein tur til andre sida av Atlanteren, ifølgje kjelda.»
Trumps talsperson Taylor Budowich tok Maggie Haberman i skule:
«Du må vere temmeleg desperat for å selje bøker dersom bilete av papir i ei toalettskål er del av promoteringsplanen din,» fortalde Budowich Axios. «Vi veit… der er nok menneske som er viljuge til å fabrikere historier som denne for å imponere mediaklassen – ein mediaklasse som er viljug til å gå med på kva som helst, so lenge det er anti-Trump.»