Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig. Artikkelen er meint å reflektere meininga til forfatteren, ikkje nødvendigvis den til saksyndig.
Ny forsking frå Universitetet i Seattle og Fred Hutchinson Cancer Research Center har ved eit uhell avslørt at ein del av DNA frå kvar mann som ei dame har sex med, endar opp verande hjå ho for alltid, inni hjernen hennar.
Studien hadde opphavleg som intensjon å identifisere om damer som vart gravide med ein son endar opp med å bli meir utsette for å utvikle visse nevrologiske sjukdommar som er vanleg hjå menn. Det enda opp med å avdekkje endå større mysterium om korleis damehjernen fungerer.
Det viser seg at ei dame sitt nevrologiske system ofte inneheld «mannleg micro-kimerisme», noko som tydar at hjernen hennar absorberer mannleg DNA som blir hjå ho kvar gong ho utfører elskovsakta med ein mann. Dess fleire menn ei dame ligg med, dess meir mannleg DNA blir ein del av ho.
[Kommentar frå saksyndig: So dersom ei dame ligg med nok menn, vil ho dermed sjølv bli om til ein mann?]
Kor mykje dei enn prøver å skjule sanninga, har forskarar som har vore modige nok til å pakke ut dette fenomenet vidare, konkludert at seksuelt aktive damer faktisk absorberer meir mannleg DNA kvar gong dei utfører akta, same om dei blir gravide og ber fram eit barn eller ikkje.
«Bortsett frå kjende graviditetar, inkluderer andre moglege kjelder for mannleg mikro-kimerisme ugjenkjenneleg spontanabort, forsvunnen mannleg tvilling, ein eldre bror som blir overført ved hjelp av moderleg sirkulasjon, eller samleie,» forklarer ein rapport.
«Mannleg mikro-kimerisme førekom betydeleg oftare og nivå var høgare hjå damer med indosert abort, enn hjå damer med annan graviditetshistorikk. Vidare studiar trengst for å avgjere spesifikke opphav til mannleg mikro-kimerisme hjå damer.»
Der finst mange ukjende mysterium knytt til samleie, noko som er grunnen til at det var meint å vere heilagt
Nokre av dei føreslegne årsakene til mannleg mikro-kimerisme verkar som usannsynlege forklaringar på funna til forskarane, fordi dei ikkje hender ofte nok. I tillegg er det ikkje akkurat vanleg for ein mannleg tvilling å «forsvinne», eller for ein eldre bror å overføre DNA via moderleg sirkulasjon.
Nei, den einaste logiske forklaringa er at sjølve seksualakta, same kva utfall, er nok til å overføre mannleg DNA til ein damehjerne, der det blir verande permanent og blir ein del av hennar eigen DNA-profil.
«Dette har særs viktige konsekvensar for damer,» rapporterer Newspunch. «Kvar mann som du absorberer spermatazoa frå blir ein levande del av deg resten av livet. Damer som vart obduserte i denne studien var eldre. Somme hadde bore med seg den levande mannlege DNA-en i meir enn 50 år.»
«Sæd er levande. Det er levande celler. Når dei blir injisert i deg, sym dei og sym dei heilt til dei krasjar i ein vegg, og der festar dei seg og borer seg ned i kjøtet. Dersom det er i munnen din, sym dei og klatrar opp i naseholene, det indre øyret og bak øyra. Der grev dei seg inn. Dei kjem inn i blodomløpet og samlar seg i hjernen og ryggrada.»
Damer som sparer seg til ekteskapet og som berre har sex med éin mann nokosinne, blir knytt til han og han åleine. Damer som tek del i promiskuøs sex, veit vi no at endrar kroppane sine på måtar som vi fyrst no byrjar å forstå.