Det normale er null i løpet av 30 år, ifølgje erfaren lege.
Av Steve Kirsch. Henta frå hans Substack. Omsett, redigert og noko forkorta av saksyndig.
Ein legevenn i Canada høyrde om 14 dødsfall blant kanadiske legar i løpet av dei siste ni månadene. Han har praktisert som lege i meir enn 30 år. Han har aldri høyrt om slike dødsfall før. Null. Faktasjekkarane forsikrar oss alle om at dette berre er eit samantreff. Dei kanadiske legane held fram med å tru det dei blir fortalt å tru. Eg spår at dei neste sprøytene vil bli endå verre.
Tragisk nok trur eg ikkje at dei kanadiske legane nokosinne kjem til å finne ut av dette.
Kanadiske legar stiller seg stadig i kø for å få [Covid-]sprøytene for å bli beskytta mot ein sjukdom som lett kan behandlast med ein kombinasjon av legemiddel med få eller ingen biverknader.
Legevennen min i Canada har passivt lagt merke til dei utidige dødsfalla til legar i Canada kort ti detter at dei vart tvinga til å ta tredje og fjerde dosen av vaksinen. Han sendte meg desse bileta som i sin tur har blitt sendt til han. Han søkjer ikkje aktivt etter dei. Der er sannsynlegvis mykje meir som han ikkje veit om.
Det som er iaugefallande er at dette er ein vaksine, som ifølgje denne CDC-studien gjer det nesten umogleg for deg å døy etter sprøyta. Likevel døydde alle desse legane kort tid etter sprøyta.
Tydelegvis vart ingen av desse dødsfalla nemnde i kanadisk hovudstraumsmedia, so eg tenkte at de burde vete om dei.
Seks nylege dødsfall vart nemnde i Health Impact News.
Lat meg vere særs tydeleg. Det skjer berre ikkje at seks kanadiske legar døyr innan to veker etter vaksinen om det ikkje er noko gale med sprøyta. Punktum finale. Kvar av desse er ei svært sjeldan hending. Å få dei i flokk som dette er eit sikkert teikn på at vaksinane drap dei. Kvar ein ærleg og reieleg vitskapsmann ville starte med denne hypotesen som den mest openberre av dei, og berre avvise den om der fanst overtydande evidens på det motsette.
14 dødsfall blant unge legar dei siste 9 månadene, alle kort tid etter sprøyta
Per 17.august [Kirsch meiner truleg 7.august; oms.komm.] veit legevennen min berre om desse 14 dødsfalla dette året [denne og denne fotomontasjen. Den 14. legen, Vincent Mak, var ikkje med i fotomontasjen; oms.komm.].
Gjett kor mange liknande dødsfall (unge legar som døyr uventa) han har observert i sine 30 år i praksis? Jepp, null.
Kort fortalt er denne vaksinen ein katastrofe, og beviset ligg til offentleg skode.
Vil dei stoppe sprøytene? Sjølvsagt ikkje.
Ifølgje faktasjekkarane døydde ingen av desse legane frå sprøytene, dei døydde alle av andre årsaker. Hallo…? Vaksinen drep alltid folk ved å stoppe hjartet, hjernen, etc., sånn at det alltid ser ut som om dei døydde av noko anna fordi dei gjorde det.
Men når normalt friske menneske plutseleg døyr i hopetal på denne måten, er du fullstendig tapt bak ei vogn om du utelukkar vaksinen som den sannsynlege pådrivaren for dødsfallet.
Det som faktasjekkarane mislykkast i å peike på, er at i mange tilfelle byrja sjukdommen fyrst etter den fyrste vaksinedosen, for deretter å bli verre for kvar dose. På ein eller annan måte misser dei alltid poenget at vaksinen fekk fortgang i å ta livet av dei. Det faktum at alle desse legane døydde i tidsmessig nærleik til sprøytene er rett og slett for tilfeldig.
Kanadiske legar vil halde fram med å tru på «trygg og effektiv»-forteljinga, fordi det er det dei er trena opp til å gjere: å stole på styresmaktene
Legevennen min i Canada kan rett og slett ikkje tru kor hjernevaska kollegaene hans er. Null dødsfall på 30 år, og no plutseleg 14 dødsfall på ni månader, der alle skjer kort tid etter sprøytene. Kom an. Det er ikkje uflaks. Ikkje ein sjangs.
Dei kanadiske legane vil halde fram med å ignorere statistikken, tru på «faktasjekkarane» og stille seg i kø for sprøytene. Det vil bli verre i neste runde.