Vitskapsfolk har skapt det fyrste syntetiske embryoet – dei lét det utvikle ein fungerande hjerne og organ

Av Elizabeth Stauffer, The Western Journal. Omsett av saksyndig.

Dei skremmande framtidige implikasjonane av ein ny rapport frå forskarar ved Weizmann Institute of Science i Israel vekte oppsikt blant observatørar i det internasjonale vitskaplege samfunnet.

Utan å bruke verken sæd- eller eggceller, skapte forskarar verdas fyrste syntetiske muse-embryo og følgde med på at det voks i meir enn åtte dagar inni ein spesialdesigna bioreaktor som fungerte som ei livmor, ifølgje Live Science.

Artikkelen skildrar kva som skjer inni den kunstige livmora: «Inni apparatet flyt embryo i små begerglas med ei næringsrik løysing, og begerglasa er alle låste til ein snurrande sylinder som held dei i konstant rørsle. Denne rørsla simulerer korleis blod og næringsstoff flyt til morkaka. Apparatet etterliknar òg det atmosfæriske trykket i ei muselivmor.»

Ei melding frå Weizmann-instituttet forklarer at forskarane starta med berre «stamceller dyrka i ei petriskål». Innan den åttande dagen hadde «alle organa i sine tidlege stadiar blitt danna, inkludert eit slåande hjarte, ein byrjande blodsirkulasjon, ein hjerne, ein nevraltube og ein fordøyelseskanal».

Når dei samanlikna dei syntetiske embyroa med naturlege embryo, merkte forskarane seg at dei laboratorieskapte «modellane viste 95% likskap med både forma av interne strukturar og det genetiske uttrykksmønsteret til ulike celletypar».

Professor Jacob Hanna ved Weizmanns molekulærgenetikk-departement er forståeleg nok svært opprømt over dette prosjektet, noko han burde vere. Dette var eit kjempesprang mot det å kunne skape menneskeorgan i eit laboratorium, som er det ultimate målet til denne forskinga. I meldinga sa han «embryoet er den beste organlagande maskina og den beste 3D-bioskrivaren – vi prøvde å gjenskape det det gjer.»

For dei meir vitskapleg anlagte av oss, kan detaljert teknisk informasjon om prosessen lesast i ein rapport publisert måndag [1.august 2022] i Cell, eit vitskapleg tidsskrift.

Denne videoen viser korleis prosessen går føre seg (videoen har ikkje lyd).

Dette gjennombrotet er fabelaktige nyheiter for det medisinske samfunnet, spesielt for dei som leitar etter organtransplantasjonar. Det er tanken om at vitskapsfolk ein vakker dag kan gå forbi organskaping og bli i stand til å skape syntetisk, menneskeleg «liv» som skremmer oss.

Sjølv om det er usannsynleg at vi vil sjå syntetiske menneske i næraste framtid, har eg ingen tvil om at dagen vil kome. Når den kjem, vil menneske ha ein måte å skape «liv» på, so vel som makta til å gjere slutt på det.

Når ein ser på kor lett mange er viljuge til å gjere slutt på eit liv via abort, og somme til og med via eugenikk, vil det å ytterlegare pervertere konseptet liv bli dømt til å ha langtrekkjande og langvarige konsekvensar som vi er dårleg utstyrt til å takle. Er menneskeheita førebudd på å gå inn i ein tidsalder med denne forma for nyskaping, medan samfunnet framleis ikkje er overtyda over kor heilagt menneskelivet er?

Dette er eit etisk minefelt. Kva slags rett har vitskapsfolk, eller nokon som helst andre, til å trylle fram eit morlaust, farlaust liv inni eit laboratorium? Kva vil dei sleppe laus i verda om dei gjer det? Korleis vil eit menneske forma inni ei petriskål sjå ut? Vil dei ha ei sjel? Vil dei oppleve kjensler?

Kven vil gje dei omsorg? Kven vil ta dei viktige vala om liva deira eller døden deira? Bill Gates og Klaus Schwab dukkar opp i sinnet.

Dette er ikkje-kartlagt territorium, og medan mange av oss trur at vi ikkje burde fare der, vil det bli komplett umogleg å stoppe vitskapsfolk frå å brase inn der.

Det er nesten som å sjå nokon opne ei Pandoras øskje i sakte kino. Vi kan berre håpe og be at denne gongen vil «håp» vere i stand til å sleppe unna før loket blir stengt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s