Henta frå Great Game India. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Eg har hatt to store bekymringar under pandemien, som starta heilt i byrjinga og som framleis er der. Begge relaterer til kjensla mi over at «koronafobi» har teke over som basis for statleg politikk i so mange land, med eit komplett tap av perspektiv over at livet er ein balanse av risikoar på ein so godt som dagleg basis.
For det fyrste har omfanget som det dominerande fleirtalet av menneske i land med universell lesedyktigheit kan bli vellykka skremt til å overgje sine borgarrettar og individuelle fridom, kome som eit frykteleg sjokk. Ein har denne verkeleg konfronterande videoen der politiet i Melbourne går til åtak på ei lita, ung dame – for å ikkje gå med munnbind!
På den eine sida er evidensbasen for skalaen og alvoret av Covid-19-pandemien overraskande tynn samanlikna med vellet av andre trugslar til helsa vår som vi står overfor kvart år. Vi forbyr ikkje bilar utifrå det resonnementet at kvart liv tel, og at sjølv eitt trafikkdødsfall er eit for mange. I staden byter vi eit nivå av beleilegheit mot eit nivå av risiko for liv og lemmar.
På den andre sida er restriksjonane som vart innført på kvardagslivet som vi kjenner det, langt meir drakoniske enn noko som har vore gjort tidlegare, sjølv under Andre verdskrigen og den store influensaen i 1918-19. Under noverande omstende er argumentet for kor kritisk viktige fridommar er, blitt gjort på ein særs veltalande måte av den tidlegare britiske høgsterettsdommarne Lord Sumption i eit BBC-intervju 31.mars [2020?], og gjenteke fleire gonger sidan då.
Men det er òg eit argument som Benjamin Franklin, ein av grunnlovsfedrane i USA (og difor mistenkt i post-Black Lives Matter og statuevandaliseringsmiljøet), kom med tilbake på 1700-talet: «Dei som er viljuge til å gje opp essensiell fridom, for å skaffe seg lite grann mellombels tryggleik, fortener verken fridom eller tryggleik.»
Likevel er evidensen for at dei drakoniske nedstengingane var effektive, mildt sagt lite overbevisande. Som ein studie i Lancet konkluderte: «Raske grensestengingar, fullstendig nedstenging, og utbreitt testing var ikkje assosiserte med Covid-19-mortalitet per million menneske.»
For det andre, trugar koronaviruset med å overvelde helsa og økonomien til mange u-land der ein milliard menneske lever i ein Hobbes-aktig naturtilstand, og der livet er «tarveleg, brutalt og kort». I fattige land er mesteparten av dødsfalla forårsaka av vassborne smittsame sjukdommar, underernæring og komplikasjonar blant nyfødde og mødrer.
Nedstenginga har produsert sin eigen versjon av Thucydides sitt ordspråk at «dei sterke gjer det dei kan, dei svake lid sidan dei må». I u-land er det å redde levebrød ikkje mindre viktig enn å redde liv. Dei priviligerte jet-setterane som importerte viruset kan bruke dei private sjukehusa, men dei fattige som dei smittar har liten tilgang til tilstrekkjeleg helsehjelp, og vil bli øydelagt deretter. Dei rike ber med seg viruset, dei fattige ber med seg børa av det, sidan det å halde seg heime tydar å velje vekk den daglege inntekta. Millionar «fryktar at svolt vil drepe oss før viruset.»
Eg er framleis svært so forundra over korleis so mange menneske som eg trudde var liberale, har blitt so inni hampen likegyldige til lidinga til dei fattige og dei vanlege arbeidarane som ikkje har luksusen å kunne jobbe heimanfrå, eller oppsparte midlar å bruke på seg og familien sin fram til dei igjen kan tene til livets opphald.
Kjendisar som publiserer videoar og selfiar av at dei jobbar heimanfrå i sine storslegne herregardar, er beint fram obskønt og fråstøytande. Ikkje overraskande, utifrå min indiske bakgrunn, vart eg kraftig påverka av dei visuelle bileta av millionane av innvandrararbeidarar som bokstavleg tala vandra til fots tusenvis av kilometer, desperate etter å prøve å kome seg heim til sine landsbyar etter at alt arbeid tørka vekk.
Mange døydde undervegs, og det hjarteskjerande tilfellet Jamlo Madkam spesielt, ei 12-årig jente som gjekk 100 kilometer, men døydde av utmatting berre 11 kilometer heimanfrå, har aldri stoppa å heimsøkje meg.
No seier eg ikkje at høginntektsland i Vesten er immune mot dei dødelege effektane av nedstenging. Men dei skarpe, hårreisande påverknadene på dei fattige er fullstendig urimeleg og vanskeleg å forstå både intellektuelt og emosjonelt.
Kva med ETTER denne pandemien? Kva bekymrar deg mest?
Det meste av svaret mitt på dette spørsmålet er forventa i svaret til det fyrste spørsmålet: den langsiktige verknaden på helsa, næringsmessige behov, mattryggleik, folks mentale velvære, osb. Eg har vore bekymra frå starten over dei langsiktige effektane av nedstengingar det neste tiåret på liva og levebrødet til fattige menneske i fattige land.
Eg undrest òg om vi har late oss sjølv gå i den fella å repetere toskeskapen kvart år med årlege utbrot av influensa, spesielt om det er ein dårleg influensasesong. Dersom ikkje, kvifor ikkje? Kanskje nokon vil kome på slagordet «Flu Lives Matter». Eller regjeringar kan berre vedta lover som gjer det ulovleg for nokon å bli sjuke og døy.
Korleis og når kjem vi til å vende tilbake til den «nye normalen», og korleis vil den sjå ut? Globalisering har blitt grunnlag for hittil usett velstand og framveksten av utdannings- og helseutfall for milliardar av menneske over heile verda, saman med ein mørk kjerne av usivilisert samfunn. Vil dei som ventar på betre tider no kaste vekk vesentlege godar medan verda trekkjer seg bak nasjonale vollgraver nok ein gong?
Pandemien beviser resolutt behovet for å demilitarisere utanlandspolitikk og fremje meir fleirsidig samarbeid mot alvorlege trugslar som i sin natur er globale, og som difor krev globale løysingar. Det min førre sjef, avdøde Kofi Annan, kalla «problem utan pass» krev løysingar utan pass. Risikoen er i staden at vi vil gå i motsett retning og gjenskape regionaliserte maktbalansesystem i ymse treffpunkt rundt om i verda.
Pandeminar har lenge vore identifisert som ein av mange globale utfordringar som verda burde ha førebudd seg på i forkant. Nyleg hadde The Wall Street Journal ein større graveartikkel om den manglande evna til å gjere dette, trass rikeleg med åtvaringar frå vitskapsfolk. «Eit dødeleg koronavirus var uunngåeleg. Kvifor var ingen klare?» spurde forfattarane, og det med rette.
Ein annan katastrofe som vi ser ut til å vandre mot i søvne, er atomkrig. Og hugs, heile poenget med søvngjengaranalogien er at folk som går i søvne ikkje veit om det medan dei gjer det. Andre presserande globale utfordringar inkluderer veksande ubalanse i økonsystemet og sårbarheit, utarming av fiskebestandar, manglande mat- og vasstryggleik, og naturlegvis ei rekkje andre sjukdommar som forblir dei største mordarane på ein årleg basis.
Konklusjon
Gjennom ein konkluderande refleksjon, trur eg at ein vanleg feil har vore å gje det medisinske privilegium over alle andre omsyn. I røynda, og visseleg med hjelp av etterpåklokskap, men òg heilt frå byrjinga i mitt tilfelle, burde dette ha involvert ei vurdering av det eg kallar «ein interessebalanse» (kapittelet mitt i The Oxford Handbook of Modern Diplomacy). Regjeringar må ta med i vurderinga og forsone medisinske, sosiale, økonomiske, liberaldemokratiske, menneskeretts- og internasjonal politikk når det gjeld å skape ein integrert offentleg politisk respons til ein pandemi.