Henta frå Great Game India. Omsett av saksyndig.
Det amerikanske justisdepartementet publiserte ein rapport som sa at ein mann ved namn Thomas Patrick Connally Jr. truga med å drepe dr. Anthony Fauci, og vil få ein dom på tre år i eit føderalt fengsel.
Etter å ha sendt e-postar som trugar dr. Fauci og andre føderale helsetilsette for å snakke om koronaviruset og initiativa for å stoppe spreiinga av det, vart ein mann frå delstaten West Virginia torsdag [4.august 2022] dømt til tre år i eit føderalt fengsel.
Thomas Patrick Connally Jr. truga med å drepe Fauci eller medlemmer av familien hans via ein anonym e-postkonto med ei sveitsisk adresse, ifølgje ei nyheitsmelding frå det amerikanske justisdepartementet. Dei skulle bli «dregne ut i gatene, slegne i hel og sett fyr på,» ifølgje ein av e-postane hans.
Ifølgje rettsdokument, stod det i ein annan e-post at Fauci ville bli «jakta, fanga, torturert og drepen».
Fauci er direktøren av National Institute of Allergy and Infection Diseases, eit underbruk av National Institutes of Health (NIH) [det amerikanske folkehelseinstituttet; oms.an.] i Bethesda i delstaten Maryland, og den medisinske hovudrådgjevaren til president Joe Biden. Fauci har vore ein sterk forkjempar for vaksinasjon og andre strategiar for å hindre Covid-19. Når Biden sin noverande periode går mot slutten, har Fauci sagt at han planlegg å pensjonere seg.
Dr. Francis Collins, direktøren i NIH på den tida Connally kom med trugslane, var eit anna mål. Ifølgje justisdepartementet, vart Collins og familien hans truga med fysisk skade og til og med døden om dei snakka ut mot «obligatoriske» Covid-19-vaksinar.
Justisdepartementet hevda at Connally òg erkjente å ha sendt e-postar til dr. Rachel Levine, som var delstaten Pennsylvania sin dåverande helsesekretær. Ein religiøs figur i delstaten New Jersey og ein namnlaus offentleg helsetilsett i delstaten Massachusetts fekk òg trugslar.
Distriktsadvokaten i Maryland, Erek L. Barron, kom med ei melding der han sa: «Alle har rett til å vere ueinige, men du har ikkje rett til å truge livet til ein føderal tenestemann.»
Connally fekk ein dom på 37 månaders fengsel, følgt av tre års prøvetid under oppsyn, av distriktsdommar Paula Xinis. Inntil nyleg budde Connally in Snowshoe i West Virginia.
Han vart pågripen sist sommar, og i mai innrømte han å ha truga ein føderal tenestemann.