Ei modig, uvaksinert dame rømde frå koronahysteriet i New York by: «Eg samtykte ikkje»

«Eg samtykte ikkje: Testpåbod og flukta frå New York»

Av Addison Reeves, Off-Guardian. Omsett av saksyndig. Heimesida hennar kan lesast her.

Eg samtykte ikkje med dei urette og tyranniske vaksinepåboda som vart påtvinga oss av politikarane i New York, og som eit resultat har livet mitt dramatisk endra seg, for det meste til det betre.

So snart påboda vart annonserte, visste eg at lydigheit ikkje ville vere eit val for meg og at eg ville misse jobben min. Eg visste òg at eg ville vere ute av stand til å finne ein annan jobb i New York på grunn av påboda, og at eg ikkje ville ha råd til å bu i New York by utan jobb.

Difor byrja eg med éin gong å jobbe på ein fluktplan, og til sist flytte til eit friare område.

Flukta frå New Yorks traumatiserande Nye Normal

Livet har blitt so mykje betre sidan eg forlét New York by, der klimaet framleis er undertrykkjande på grunn av Covid-hysteri. Dei som hevdar at dagens New York by er tilbake til normalen, er bevis for kor normalisert Covid-kulturen har blitt i den byen, sjølv blant kritikarane.

New York by er sikkert «normal» samanlikna til då alt var stengt ned av styresmaktene tilbake på vårparten 2020, men det er ingenting i nærleiken av kva det brukte å vere.

Sjølv om du sjølv ikkje uroar deg for Covid, kan du ikkje sleppe unna skaren av folk i New York som går med munnbind (til og med to munnbind, og det utandørs!); teststasjonane som dukkar opp på kvart andre gatehjørne; det å jamleg bli ekskludert frå private, åtskilte sosiale og fritidsarrangement; den slaviske auken og minkinga av frykt- og hygieneteateret blant dei lokale som respons på nyheitssyklusen; munnbindpåbodet på T-bana (sjølv om ingen handhevar det); annonseringane om sosial avstand og deira skilt ved kvart innandørsområde; eteskura utandørs som tener som ein påminnar på 2020-nedstengingane der lokale forretningar vart utraderte og framleis strevar med å reise seg igjen; auken i vald og skit på gatene; det å måtte halde ut i din eigen heim dei stadige reklamane frå New Yorks helsekommisjonær som konstant dukkar opp på straumetenester for å åtvare deg om å vere redd; det å omgåast venner som stolt og demonstrativt tek del i tomme hygiene-teater-ritual og som gladeleg vil leve slik for alltid; dei tallause tomme butikklokala; det auka talet dopavhengige i det offentlege rommet; risikoen for sosiale og forretningsmessige represaliar dersom du er for frittalande i din kritikk av styresmaktene; den allestadsverande skremselspropagandaen frå styresmaktene som blir slått opp på posterar og i digitale kioskar over heile byen; eit synleg steg i retninga mot 1984; og stadige påminnarar om at styresmaktene lett kan kome tilbake med restriksjonar når som helst.

Newyorkerane vart so tilpassa denne atmosfæren av hysteri og statlege inngrep at dei ikkje lenger hugsar kva som er normalt. Fordi desse endringane var so listige og gjennomtrengjande i New York, er det vanskeleg å tru at normalitet framleis kan eksistere når du sit fast i ei hengjemyr av hysteri.

Kulturen har ikkje forbetra seg sidan eg drog min veg. Sinna til mine gjenverande New York-venner er gjennomsyra av Covid-kultur. Kvart møte eg har hatt med dei held fram med å vere gjennomhòla av Covid-angst. Somme av dei har framleis vaksinasjonsrammer på profilbileta på sine sosiale medieplattformer.

Ein venn vart nyleg frisk frå mild sjukdom, for deretter å teste seg sjølv kvar dag heilt til han fekk eit negativt resultat, noko som ikkje er ein uvanleg ting å gjere i New York.

Ein annan venn fortel meg korleis han fekk ein oppfriskningsdose berre for å kunne gå på eit sosialt arrangement.

Ein annan venn sender meg ein selfie med munnbind frå Grand Central-stasjonen.

Og ein annan venn spør meg om eg vil krevje negativ Covid-test for at gjester skal kunne besøkje min nye heim.

Dei veit alle mitt kritiske standpunkt, og likevel heng dei so fast i gruppetenking at dei ikkje kan fatte mi manglande evne til å relatere meg til desse rituala. Alt dette er fullstendig normalt for dei fordi nesten alle dei kjenner i New York snakkar og oppfører seg slik, eit produkt av massehysteriet som dei ikkje ser ut til å kunne sleppe vekk frå.

Dei kan ikkje fatte og begripe at der eksisterer folk som ikkje lever i besett frykt for eit virus. I kontrast til dette, har ingen på min nye heimstad nemnt Covid til meg i dei to månadene eg har vore der.

Medan styresmaktene sine tunge og straffande restriksjor på forretningar var, trur eg, ein grunnlovsstridig styggedom som førde til auka fattigdom og skeivfordeling av rikdom, er det verste med New Yorks Covid-kultur traumet som det påførde innbyggjarane i meir enn to år.

Førestill deg den verste covidianske Reddit-kommentatoren du kan kome på, og førestill deg so at dei utgjer fleirtalet og har den politiske og økonomiske makta til å øydeleggje liva til andre menneske. Det er vanskeleg å setje ord på angsten du føler i slikt eit miljø, korleis du konstant fryktar og kvir deg til å gå heimanfrå, og at nokon kjem til å leike politi overfor deg og utsetje deg for rasande konfrontasjonar.

Det er vanskeleg å få folk til å forstå den umenneskeleggjerande effekten på sjela di når du må handtere andre menneske som er redde for menneskeleg kontakt, og som febrilsk prøver å unngå deg, eller for dei tallause «mellombelse» barrierane som vart reiste opp for å minimere menneskeleg kontakt.

Og det å date i New York var vanskeleg nok då folk ikkje var redde for menneskeleg kontakt; no må du òg måtte forhandle Covid-protokollar i tillegg (eller bli kategorisk avvist so fort din kritiske ståstad blir avdekt).

Korleis kan nokon som ikkje har vore i denne massedanningskulturen forstå uroa du føler når dei fryktinngytande overskriftene om Covid og apekoppar byrjar å hope seg opp, ei frykt for kva naboane dine er i stand til og kva dei kunne gjere mot deg dersom politikarane og media provoserte dei? Det fekk meg til å føle meg traumatisert, og eg føler at angsten byrjar å kome tilbake når eg so mykje som høyrer om det framhaldande hysteriet i New York.

Men, trygt forskansa utanfor New York by, kan eg fortelje mine New York-kritikarar at det normale liv held fram utanfor New York, og ikkje berre i Florida. Eg kan ikkje leggje nok vekt på kor letta eg er over å ha forlate den byen og det å føle meg meir som eit menneske igjen, i staden for ein oppfatta vektor for smitte og, for oss kritikarar og uvaksinerte, ein sosialt utstøytt paria.

Du innser ikkje kor mykje du har feiltilpassa deg dei stressande tilstandane i New York by før du er fri frå dei. Å bu ein stad der eg ikkje blir konstant mint på pandemien og der menneska rundt meg ikkje er mistenksame overfor menneskeleg kontakt, er utruleg helande. Eg ber innstendig alle dei gjenverande kjettarane i New York å kome seg vekk frå den gudsforlatne byen, sjølv om det berre er ei kort utflukt for å gjenopprette dykkar mentale velvære.

Kvifor testpåbod ikkje er eit kompromiss

Når det gjeld det personlege utfallet av påboda, vart stillinga mi avslutta for å straffe ulydigheita mi. Eg var den einaste på jobben som direkte protesterte mot påboda.

Påbodet eg stod overfor var eit vaksine- eller testkrav der dei som ikkje kunne framvise vaksinebevis til arbeidsgjevaren måtte sende inn Covid-testresultat kvar veke. Stilt overfor alternativet obligatorisk vaksinasjon, såg folk flest testvalet som eit akseptabelt kompromiss.

Sjølv mange kritikarar av påboda behandla testing som eit rimeleg val, og der var nesten ingen diskusjon om implikasjonane til eit krav om at tilsette vart testa jamleg. Medan tvinga vaksinasjon er eit klart brot på kroppsleg autonomi, er eit testpåbod, sjølv om det er mindre inngripande, like vondskapsfullt konsekvensmessig.

Følgjande er grunnar til kvifor eit Covid-testpåbod for tilsette er forkasteleg:

Kvifor ikkje berre samtykkje til eit testpåbod?

  • Slikt eit krav går for breitt og inkluderer for lite, der ein ser det underliggjande straffande føremålet. Det fangar opp personar som meg sjølv med naturleg immunitet, medan det ekskluderer dei vaksinerte tilsette som utmerka kan bli smitta og overføre viruset. Dersom det å redusere overføring var det sanne målet med påboden testing, ville alle tilsette ha blitt gjenstand for kravet. Vidare, ein person kan teste positivt for SARS-CoV-2 utan å faktisk vere smitteberande. Til dømes, folk som vart friske frå Covid og ikkje lenger er smittsame, kan halde fram med å teste positivt dei neste månadene.
  • Det krev å gje genetiske prøver til pro-profittselskap som vil selje dei dataa utan at ein samtykkjer eller kan kontrollere informasjonen.
  • Testane er laga for naudgodkjenning, og amerikanarar har rett til å tilbakehalde samtykke til slike verktøy. Å truge levebrødet til nokon fjernar denne retten ved å skape ein tvangsprega situasjon.
  • For dei som er statstilsette, er påbodne Covid-testar statlege ransakingar utan rettsordre, rimeleg grunn eller til og med kvar ein type individualisert mistanke.
  • Det er gjengjelding mot personar som meg sjølv, som har medisinske tilstandar som går imot Covid-vaksinasjon.
  • Det bryt retten til rettferdig rettsprosess.
  • Covid-testar som blir brukte på denne måten er medisinske verktøy som ikkje gjev nokon medisinsk terapeutiske fordelar, og det er forkasteleg å tvinge medisinske inngrep på ein person som ikkje vil dra nytte av dei på nokon måte.
  • Fordi mange menneske som er gjenstand for slike påbod allereie kom til kontoret og sette seg sjølv i fare for å få viruset under høgda av pandemien (inkludert når der ikkje fanst vaksine), skulle ein tru at desse tilsette plutseleg vart urimeleg farlege frå ein dag til den neste.
  • Slike påbod er ein overskytande, einsidig invasjon av arbeidarrettar som for alltid vil endre forholdet mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar, i disfavør av arbeidstakar.
  • Det sementerer vidare ein presedens der arbeidsgjevarar einsidig kan leggje til påkravde oppgåver som arbeidstakar må utføre på fritida utan betaling. Eit unntak blir laga (som med daglege helseundersøkingar) som gjev arbeidsgjevar løyve til å ta større inngrep i arbeidstakars private tid og utgifter utan kompensasjon. Alle tilsette, vaksinerte eller ikkje, vil bli skadelidande av denne presedensen i framtida.
  • Verken staten eller ein arbeidsgjevar burde kunne kontrollere kroppen til ein person eller ta medisinske avgjerder for den personen. Kroppane våre er våre eigne. Dersom vi lèt dei få den makta, er det ikkje måte på kva dei vil kunne tvinge oss til å gjere med kroppane våre i framtida.
  • Slike påbod oppmuntrar til å behandle sjukdom som ein moralsk defekt, eller behandle friske menneske som om dei var sjuke. Vi er faretrugande nær å behandle menneskeliv som ein medisinsk tilstand i seg sjølv. Denne utskjemmande, straffande haldninga mot sjukdom som del av påbod slik som desse, eroderer vekk folkehelse ved å ta frå folk insentivet til å søkje legehjelp, informere om potensiell smitte, tilfriskne fullstendig eller på andre måtar ta naudsynte føre-var-grep som kunne åtvare andre om det faktum at dei er smitteberande og på den måten hindre vidare overføring.
  • Testkravet har ein differensierande effekt på ymse beskytta klassar, og er difor diskriminerande.
  • Uvaksinerte menneske er ikkje æveleg sjuke og burde ikkje bli behandla som om dei høyrer til ein skiten og sjukdomsherja underklasse av menneskeheita. Ingen burde bli offer for slik eklatant umenneskeleggjerande, differensierande behandling.
  • Eg personleg trur at naturen og kroppen er heilage, og det å måtte tigge om løyve frå staten for å kunne halde fram med å eksistere som eg er, er åndeleg fornedrande. Vi burde ikkje måtte erstatte vår personlege tru med den til politikarane.
  • Å late staten gripe inn i personlege medisinske val på grunn av folkehelsa, baner veg for vidare forvitring av reproduksjonsrett, blant andre vesentlege personlege rettar.
  • Ettersom menneske frå naturens side er dekte av virus og bakteriar, skaper desse påboda eit nytt system av medisinsk totalitarisme der kvar ein frisk person, med den rette testen, kan bli vurdert som ein helserisiko av staten når som helst, og på ubestemt tid, utan rettferdig rettsprosess og til og med utan å vere sjuk eller smitteberande. Uskuldige menneske blir stigmatiserte og straffa av dette systemet berre for å eksistere.
  • Det er eit straffande tiltak som eine og åleine har som føremål å straffe folk som ikkje bøyer seg for statens politiske innfall. Vi burde ikkje belønne statens uetiske og vondskapsfulle bruk av tvang og stresspåføring.
  • Lydigheit vil ikkje gjere slutt på statens forfølgingsståstad, men vil heller gjere dei modigare slik at dei eskalerer tyranniet.
  • Slike påbod er byrjinga på eit nytt forhold til staten der eit individs kontroll over kroppen og trua hennar er underlagt politikarane sin politiske agenda. Eg ønskjer ikkje å vere i eit giftig forhold med staten der eg ikkje har noka handlekraft.
  • Slike tiltak gjer befolkninga klare for innføringa av ein bioovervakingsstat.
  • Desse tiltaka er irrasjonelle og udemokratiske, og vi har vore ute av stand til å ha ein fullverdig og ærleg diskusjon om dei på grunn av det hardhendte klimaet av sensur og gruppetenking som for tida gjennomsyrar samfunnet, spesielt New York.
  • Slike tiltak bryt lov og rett. Ein kvittar seg ikkje med lov og rett i ei krise; det er nettopp i ei krise at det er mest naudsynt å halde seg til lov og rett. Når vi går vekk frå verdiane våre i krisetider, får vi styggedommar slik som japanske fangeleirar, McCarthyisme, og den bedragerske invasjonen av Irak. Når alt dette er over, lurer folk på korleis alt dette kunne skje. Dette er korleis det skjer: ved å gå vekk frå våre langsiktige politiske verdiar for å adressere kortsiktige frykter og pressande situasjonar. Vi burde ikkje late frykta for Covid få oss til å underminere grunnlovsnormene våre.

Utilsikta venleik

I lys av desse protestane var det ingen måte eg kunne samtykkje til påboda og ha det godt med meg sjølv. Same kva som skjer herifrå, vil det forbli eit val eg er svært stolt over, heller enn ei kjelde til anger.

Eg veit ikkje kor eg vil fare frå her, men eg bruker dette som eit høve til å tilbakestille livet mitt. Eg ønskjer ikkje å overromantisere det; eg startar livet mitt heilt frå botnen av og står overfor mykje uvisse, spesielt økonomisk uvisse. Men eg trur at dette er eit positivt steg.

Då nedstengingane byrja i 2020, fann eg meg sjølv fullstendig framandgjort. Ingen av menneska i mitt sosiale nettverk eller kvardagsliv forstod ståstaden min, eller var viljuge vil å akseptere at eg avveik frå flokken.

Det var ein vekkjar for meg, sidan eg innsåg at ingen i livet mitt delte mine verdiar eller var viljuge til å akseptere meg som eg var. Eg kunne berre konkludere med at det å ende opp i slik ein fiendtleg situasjon var resultatet av å ikkje fullt ut leve i samsvar med verdiane mine.

Eg levde livet mitt heilt feil, og denne situasjonen tvinga meg til å ta ei oppteljing av livet mitt og korrigere kursen.

No kjenner eg meg lykkelegare enn eg har vore på fleire år, og eg følgjer endeleg nokre draumar eg har hatt lenge. So fæle som desse siste par åra har vore, er den utilsikta venleiken fabelaktig.

[Kommentar frå saksyndig: Sjå òg min eigen tekst om korleis eg på liknande måte vart tvinga til å reorientere meg når det gjaldt livet og karrieren.]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s