No bøyer dei seg bokstavleg tala og dyrkar avguden Baal rett framfor auga våre

Av Michael Snyder, End of the American Dream. Omsett av saksyndig.

Dei prøver ikkje eingong å skjule det lenger. Under opningsseremonien til Commonwealth Games i Birmingham i England 28.juli, vart det rulla ut ein gigantisk mekanisk okse med glødande raude auge på Alexander Stadium. Oksen var rundt ti meter høg, og tok meir enn fem månader å byggje. Den hadde blitt gjeven kallenamnet «Raging Bull» [«rasande okse»; oms.an.], og den fekk absolutt alle dei menneskelege deltakarane rundt seg til å sjå ut som dvergar i forhold. «Helten» i opningsseremonien, ein rollefigur kjent som Stella, roa ned vesenet, og deretter samla alle menneske-utøvarane seg rundt den gigantiske oksen og byrja bokstavleg tala å bøye seg ned og dyrke den. Eg har sett mange rare ting dei siste åra, men eg har aldri sett noko slikt som dette.

Totalt 72 nasjonar deltek i Commonwealth Games, so denne opningsseremonien vart sett på tallause fjernsynsskjermar over heile planeten.

Symbolismen i dette «ritualet» hadde blitt godt planlagt på førehand, og organisatorane visste nøyaktig kva dei dreiv på med.

Men dei rekna òg med det faktum at det store fleirtalet av befolkninga ikkje medvite ville lukte kva som faktisk fann stad.

Oksen har alltid vore eit symbol på ein eldgammal guddom frå Midtausten kjent som «Baal». Følgjande kjem frå Christianity.com:

«I artist-gjengjevingar og arkeologiske funn, tok Baal forma til ein okse eller ein vêr og hadde assosiasjonar til fruktbarheit.

Denne guden, tydelegvis ifølgje Kanaan-folketrua, bekjempa òg El og hadde assosiasjonar til sola og torevêr. Og av alle dei utanlandske gudane israelittane kom i kontakt med, verka det som om dei strevde mest med å dyrke denne.»

Dersom vi kunne gå fleire tusen år tilbake i tid og rulle ut ein gigantisk okse med glødande raude auge til folket i det gamle Midtausen, ville dei med éin gong skjøne kva som gjekk føre seg.

Ingen ville trenge å forklare dei at dette var ei statue av Baal, og at dei var meint å dyrke den.

Ein artikkel som vart publisert på WorldHistory.org legg ut i detalj om den tidsperioden der oksesymbolet fyrst byrja å bli assosiert med Baal:

«Baal Hadad hadde sitt opphav i Mesopotamia under namna Adad i nord og Iskur i sør. Han er å finne i kjelder so tidleg som i tida rundt det akkadiske imperiet (2334-2218 f.Kr.), men vart meir populær etter fallet til det tredje Ur-dynastiet (2047-1750 f.Kr.) under det Fyrste babylonske imperiet (ca. 1894 til ca. 1595 f.Kr.). Til og med på den tida var han ikkje ein hovud-guddom og vart ofte assosiert med stormguden Ninurta som ein underordna, eller med den store guden Enlil som ei form for personleg sekretær. Det var derimot på den tida at han kom til å bli assosiert med oksen som sitt heilage dyr, som seinare ville bli eit prominent aspekt av ikonografien hans.»

Det er òg interessant å merkje seg at den eldgamle guddommen kjent som «Moloch» eller «Molech» òg ofte vart representert av ein okse:

«I tillegg til seksuelle ritual, inkluderte Moloch-dyrking barneofring, eller «sende barn gjennom elden». Ein trur at idol av Moloch var gigantiske metallstatuar av ein mann med oksehovud. Kvart bilete hadde eit hòl i buken og mogleg utstrekte forarmar som laga ei slags rampe til hòlet. Ein brann vart tent i eller rundt statuen. Babyar vart lagde i armane på statuen eller i hòlet. Når eit par ofra sin fyrstefødde, trudde dei at Moloch ville sikre dei finansiell tryggleik for familien og framtidige barn.»

Med alt dette i minne, vil eg at de skal sjå denne videoen av augneblinken då den gigantiske mekaniske oksen vart rulla ut til midten av Alexander Stadium.

Det vart rapportert at musikken from Black Sabbath vart spelt medan det kolossale beistet vart frakta ut.

Det ville ha vore ille nok om dei hadde stoppa der.

Men som du kan sjå frå denne videoen, samla alle menneske-utøvarane seg rundt oksen og byrja bokstavleg tala å bøye seg ned for den. [videoen er blitt deaktivert; oms.komm.]

Køddar du?

Kvifor må dei framføre eit slags utruleg bisart ritual der dei bøyer seg for beistet?

Vi er tydelegvis meint å forstå at utøvarane dyrkar oksen.

Dersom folk frå det gamle Midtausten fekk sjå dette, ville dei med éin gong identifisere det som Baal-dyrking.

Etter oksen har blitt roa ned, blir tre damer på eit punkt løfta opp, slik at dei kan sitje på toppen av oksen.

Då eg såg dette, tenkte eg med éin gong frå eit avsnitt frå Johannes’ openberring, kapittel 17 (3-6) [saksyndig bruker nynorskomsetjinga av Bibelen, 2011-utgåva, frå her]:

«I Anden førte han meg ut i øydemarka, og eg såg ei kvinne som sat på eit dyr, raudt som skarlak. Dyret var fullsett med namn som var ein spott mot Gud. Det hadde sju hovud og ti horn. Kvinna var kledd i purpur og skarlak og glitra av gull og edelsteinar og perler. I handa hadde ho eit gullbeger fullt med motbydelege ting og all ureinskapen frå horeriet sitt. På panna hennar stod det skrive eit namn med løynd meining: ‘Babylon den store, mor til horene og til alt som er motbydeleg på jorda.’ Og eg såg at kvinna var rusa av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne. Full av undring såg eg henne.»

Ein av kommentatorane på TV antyda at denne gigantiske oksen vil få ein permanent stad i Birmingham når spela er forbi.

Eg har ikkje sett noka bekrefting av dette, men det ville ha vore ekstremt alarmerande om det er sant.

Eliten elskar å bruke opningsseremoniar, prisutdelingsshow og andre offentlege arrangement for å kondisjonere oss mentalt og emosjonelt.

Og når dei dreg ut slike stunt som dette, veit dei at berre ein svært liten del av befolkninga nokosinne vil protestere.

Vi lever i svært underlege tider, og eg trur at dei berre kjem til å bli meir underlege.

Uheldigvis søv framleis det store fleirtalet av befolkninga som steinar.

Dei har inga aning om kva eliten gjer, sjølv om det skjer rett framfor auga deira.

[Kommentar frå saksyndig: Opningsseremonien kan sjåast mellom anna i denne videoen, som har kommentarar frå den som publiserte den. Dyrkinga av avguden Baal finn stad heilt på slutten.]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s