Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Canadian Virtual Hospice (CVH) publiserte nyleg ei «aktivitetsbok» for barn som antydar at «lidande» barn er prima kandidatar for assistert sjølvmord, òg kjent som eutanasi.
[Kommentar frå saksyndig: Canadian Virtual Hospice «tilbyr støtte og personalisert informasjon om langt framskriden sjukdom, lindrande omsorg, tap og sorg, til menneske som lever med sjukdom, familiemedlemmer, menneske som arbeider i helseomsorg, lærarar og forskarar». Dei er ei underavdeling av International Centre for Dignity and Palliative Care, som ser ut til å vere registrert som ein veldedig organisasjon.]
26.juli annonserte CVH til verda via Twitter at deira MAiD (Medical Assistance in Dying) [«medisinsk assistanse i å døy»; oms.an.] publikasjon no er klar. Den vart «skapt for unge menneske som har nokon i livet sitt som kan ha MAiD,» forklarer Twitter-meldinga saman med ein fargerik, pro-død-illustrasjon som tydeleg er designa for å appellere til barn.
Publikasjonen inneheld mange slike bilete og teikningar, so vel som barnlege skrifttypar, som til sjuande og sist fører barn til å oppdage at der er tre «medisinar» som kan drepe ein person. Målet er å få assistert sjølvmord til å verke normalt for barn, so vel som å gjere dei meir opne for ideen at dette ikkje berre er for eldre menneske.
MAiD er fylt med propaganda designa for å hjernevaske barn til å tru at eutanasi er enkelt, smertefritt – dette er høgst trekt i tvil sjølv innåt i eutanasi-sirklar – og passande for menneske i alle aldrar som opplever store vanskar med å leve.
Det går saman med ein annan liknande aktivitet i boka kalla «Me and My Illness» [«sjukdommen min og eg»] som på same vis antydar at assistert sjølvmord «ikkje gjer vondt» og er ein normal måte å handtere kronisk smerte og andre sjukdommar.
«Dersom meldinga som blir sendt med denne fargerike og engasjerande aktivitetsboka, er at eutanasi er ei normal, harmlaus handling som ikkje gjer vondt, og er passande for alle som har vondt, korleis kan eit sjukt og/eller lidande barn unnsleppe den konklusjonen at det kan vere ei passande løysing for dei – spesielt so fort MAiD blir utvida til modne mindreårige?» spør Alex Schadenberg, som skriv for LifeSiteNews.
Kanadiske skattebetalarar finansierer sin eigen undergang
Tilbake i 2004 var CVH pionerar for det virtuelle presset for eutanasi i Canada. På den tida lanserte CVH den aller fyrste nettbaserte ressurs-«plattforma som kunne adressere nokre av dei nasjonale gapa i lindrande behandling.»
CVH sitt føretak vil bli det fyrste forsøket på å gjere eutanasi so enkelt som berre det for kanadiarar å få tilgang til, ved å knytte dei virtuelt til ei rekkje helsespesialistar som har som målsetning assistert sjølvmord.
I 2004 oppnådde CVH sitt mål med 34 000 tilfelle. I 2020 bles det talet seg opp til 2,3 millionar tilfelle.
CVH er forresten tungt finansiert av kanadiske skattebetalarar. Winnipeg Regional Health Authority kastar pengar på dei, det same gjer Health Canada og Veteran Affaires Canada.
Ifølgje dr. Joel Zivot, ein anestesilege og intensivlege ved Emory University School of Medicine, finst der ikkje nokon måte å reelt vete om eutanasi er smertefritt eller ikkje som deira støttespelarar påstår, fordi ingen nokosinne verkeleg har spora prosessen hjå eit offer.
«Overvakingsutstyr er ikkje brukt,» seier han. «Det finst ikkje utstyr som måler hjernebølgjer eller hjarteaktivitet. Legar seier det ville ta vekk intimiteten til opplevinga frå personen og familien.»
Med andre ord gjer det sannsynlegvis vondt å bli drepen med farmaka, og etablissementet kjem berre med orsakingar om «intimitet» for å forklare kvifor ingen burde få lov til å finne ut heilt sikkert [om det er smertefritt; oms.komm.].
Zivot vil gjerne sjå obduksjonar utført på MAiD-dødsfall for å sjå nøyaktig korleis dei farmasøytiske giftene som gjer slutt på livet påverkar kroppen til ein person. Ved å unngå bruken av paralytika [legemiddel som lammar kroppen; oms.komm.] under prosedyren, vil ein få ei meir realistisk vurdering av opplevinga til ein MAiD-mottakar, seier han.
«Barn som misser ein forelder eller eit søsken til sjølvmord kan bli djupt traumatisert av erfaringa,» sa dr. Christopher Lyon på Twitter, og uttrykte bekymring om den nye aktivitetsboka frå CVH.
«Kva skjer med barn når legar hjelper til med sjølvmordet i staden for å stoppe det?»