California-senator Scott Wiener, som var forkjempar for covid-nedstengingar, avviser apekoppe-restriksjonar: han meiner dei er «sex-utskjemming av homofile menn»
Av Chris Menahan, Information Liberation. Omsett av saksyndig.
Ein senator i delstaten California, Scott Wiener (Demokrat, San Francisco), skjemde ut amerikanarar som forlét heimane sine under covid, men seier homofile menn fritt må få ha sex med so mange framande som dei ønskjer, trass at apekoppar har blitt erklært ei folkehelsekrise.
«Dersom folk ønskjer å ha sex, kjem dei til å ha sex,» fortalde Wiener Washington Post torsdag [4.august 2022]. «Eg kjenner folk som vanlegvis går på sexfestar, som ikkje vil. Folk kjem til å ta sine eigne avgjerder om sine eigne risikonivå.»
Wiener styrer California sin apekoppe-respons som leiar i den nyss danna Senate Select Committee on Monkeypox.
[Kommentar frå saksyndig: Wiener skreiv i ei Twitter-melding 20.april 2020 mellom anna at det var egoistisk og fiendtleg å ikkje halde seg heime, sidan ein då kunne smitte andre med ein «dødeleg sjukdom». Han skreiv i ei anna Twitter-melding 24.oktober same år: «Vi treng eit nasjonalt munnbindpåbod. Punktum. Slik kan vi slå dette viruset».]
Wiener greidde i 2017 å få gjennomslag for at California dekriminaliserte det å med vilje smitte nokon med HIV, ved å hevde at delstaten sine lover mot spreiing av smittsame sjukdommar var «homofobiske» og «diskriminerande».
Å forlate heimen din er toppen av egoisme, men homofile menn må få lov til å med vilje spreie HIV og ta del i gigantiske orgiar midt i ei apekoppe-folkehelsekrise.
[Wiener i ei Twitter-melding 28.juli 2022] «Mykje utskjemming av homofile menn når det gjeld apekoppar. Den same utskjemminga vi såg på 1980-talet når det gjaldt HIV,» sa Wiener sist veke på Twitter. «Å belære folk i å ikkje ha sex er ikkje ein folkehelsestrategi. Det stoppa ikkje HIV – det gjorde det verre – og det vil ikkje stoppe apekoppar. Det som vil fungere, er vaksinasjon, testing og utdanning.»
Wiener fekk nok eit lovforslag vedteke i heile delstaten i 2020, som dekriminaliserte vaksne menn som hadde sex med gutar. Wiener sverta alle motstandarar av lovforslaget som «homofobiske» og «anti-semittiske».