FN erklærer krig mot «farlege» konspirasjonsteoriar: «Verda er ikkje i hemmelegheit styrt av elitar»

Henta frå Free West Media. Omsett av saksyndig.

UNESCO seier at dei er alvorleg bekymra for auken av «desinformasjon» og «konspirasjonsteoriar». Og dei planlegg å gjere slutt på dette gjennom eit nettverk av informantar.

«Konspirasjonsteoriar kan vere farlege,» åtvara FN-byrået. «Ofte ignorerer dei vitskapleg evidens og polariserer samfunnet med dystre konsekvensar. Dette må slutte.»

UNESCO din generaldirektør åtvara at «konspirasjonsteoriar» kan forårsake skade på menneske so vel som på helsa deira. «Dei forsterkar feiloppfatningar om pandemien, forsterkar stereotypiar som kan gje styrke til vald og valdelege, ekstremistiske ideologiar,» sa Audrey Azoulay.

FN-byrået har lansert ein kampanje for å hjelpe folk med å identifisere, motbevise og rapportere «konspirasjonsteoriar» for å hindre dei i å spreie seg vidare.

Kampanjen blir utført i samarbeid med EU-kommisjonen, Twitter og World Jewish Congress. FN har skapt eit verktøysett for å «motbevise» slike teoriar og sverte alle som vågar å hevde at regjeringar ikkje er rettferdige og transparente.

FN åtvara òg at George Soros, Rothschild-familien og Israel ikkje burde bli knytte til «påståtte konspirasjonar».

Verdshendingar «blir ikkje hemmeleg manipulerte bak scenene av mektige aktørar med vondsinna føremål,» opprettheldt FN-byrået.

Og dersom nokon difor møter på nokon som trur at verdseliten legg planar for å konsolidere makt eller styre hendingar, må den personen gå til handling. Ifølgje FN-byrået burde ein, når ein møter ein «konspirasjonsteoretikar», under ingen omstende gå i diskusjon.

Stoppe all debatt om opphavet til korona

Ein «konspirasjonsteoretikar» er visstnok ein person som til dømes trur at koronaviruset vart «kunstig» skapt. Derimot vart framkomsten av Covid-19-viruset forklart i ein Lancet-artikkel av Columbia-professor Jeffrey Sachs, som føreslo at viruset vart skapt i eit amerikansk laboratorium takka vere det dei hadde oppnådd i feltet bioteknologi.

USAs tidlegare president Donald Trump var allereie overbevist om at Covid-19 var kunstig og hadde starta som ein lekkasje frå eit USA-finansiert laboratorium i Wuhan. Store amerikanske tech-selskap undertrykte aktivt ytringane hans som «desinformasjon» på nettplattformene sine. Dersom USA faktisk har vore involvert i å skape viruset, vil dei eventuelt måtte yte erstatning for skaden gjort på alle nasjonar som vart råka.

I ei melding frå Jason Crow, ein medlem av det amerikanske House of Representatives Intelligence Committee, åtvara han amerikanarar om at deira DNA-prøver kunne bli brukte til å skape målretta biologiske våpen, og føreslo at slikt eit scenario var ganske so mogleg. Metabiota, eit amerikansk selskap knytt til president Biden sin son Hunter, har vore kjent for å samle DNA-prøver ved å utføre militære biologiske aktivitetar på ukrainsk territorium.

Russlands forsvarsministerium har i mellomtida sagt at dei kjem til å etterforske rolla til det amerikanske Byrå for internasjonal utvikling (USAID) i skapinga av Covid-19-viruset. USA-støtta biolaboratorium i Ukraina utførde høgst tvilsame hemmelege eksperiment på uvetande ukrainske borgarar med «over 16 000 biologiske prøver, inkludert blod- og serum-prøver, eksportert frå ukrainsk territorium til USA og europeiske land.»

Sidan 2009 har USAID finansiert eit program kjent som Predict [«føreseie»; oms.an.], som utførde forsking på nye koronavirus. I 2019 stengde byrået Predict-programmet. Johns Hopkins Center for Health Security byrja tilfeldigvis på same tid å studere spreiinga av eit tidlegare ukjent koronavirus.

Desse urovekkjande ytringane og dei ufornektelege faktaa ovanfor har ikkje rokka ved UNESCO-mannskapet i det heile. Dei erklærte at ein «konspirasjonsteoretikar» vil seie «at du er del av konspirasjonen og styrkar den trua». I tillegg vil konspirasjonsteoretikaren «truleg forsvare hans eller hennar idear med største iver.» Den debatten er naturlegvis noko ein må unngå for ein kvar pris, åtvara dei.

I staden burde ein «vise empati» og «ikkje latterleggjere» konspirasjonsteoretikaren. Spesielt journalistar burde «rapportere» slike individ på sosiale media og «kontakte ditt lokale presseråd eller ombudsmann».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s