Vitskapsfolk vekkjer daude grisar opp igjen – sånn cirka

Gris som hadde vore daud i fleire timar vart gjort om til vandaud etter å ha blitt pumpa full av vitskapleg sørpe – no ønskjer dei å bruke den på menneske

Av Warner Todd Huston, The Western Journal. Omsett av saksyndig.

Nyleg annonserte vitskapsfolk eit eksperiment som får det til å gå all slags alarmbjøller, men som òg kan gje håp til dei som treng organtransplantasjon. Men vitskapen treng djupe diskusjonar om den underliggjande moraliteten før det blir akseptert.

Ein artikkel i New York Times ser ut til å vere henta frå ein episode av Twilight Zone, eller kanskje frå ei historie skriven av Mary Shelley [forfattaren av Frankenstein; oms.an.]. Den fortalde historia om ei gruppe vitskapsfolk frå Yale-universitetet som injiserte kroppane av daude grisar med ei ny blanding som fekk organa til daude dyr tilbake til ein delvis levande tilstand.

Grisane hadde vore daude i meir enn ein time – ingen blodsirkulasjon, ingen hjernebølgjer, berre daude. Men då vitskapsfolka kombinerte si nye blanding med ei maskin for å få hjarta til dyra til å pumpe igjen, byrja ting å endre seg betydeleg.

Som NYT skreiv: «Sjølv om grisane ikkje vart vurderte som medvitne på nokon måte, vart deira tilsynelatande daude celler gjenoppliva. Hjarta deira byrja å slå når blandinga, som vitskapsfolka kalla OrganEx, byrja å sirkulere i vener og arteriar.»

«Celler i organa deira, inkludert hjartet, levra, nyrene og hjernen, fungerte igjen, og dyra vart aldri stive slik som ein typisk daud gris.»

I kontrast til dette brukte vitskapsfolka ei maskin for å pumpe vanleg blod gjennom kroppane til andre grisar – denne kontrollgruppa hadde vore daud like lenge som eksperimentgruppa – og resultata gjenoppliva ikkje organa deira på nokon måte.

Kontrollgrisane forblei stein daude, og kroppane og organa var framleis i ferd med å rotne.

Eksperimentet hadde som mål å forlenge eit organs livsstøttande potensiale, sa NYT.

«Forskarane sa at måla deira er å ein dag auke forsyninga av menneskeorgan for transplantasjon ved å late legar få levedyktige organ lenge etter døden,» skreiv NYT.

«Og, seier dei, dei håper at teknologien deira òg kan bli brukt til å hindre alvorleg skade på hjartet etter eit øydeleggjande hjarteinfarkt eller hjernen etter eit større slag.»

Det stemmer, dei håper å til slutt kunne bruke dette legemiddelet på menneske.

Heile denne diskusjonen er derimot spekka med etiske spørsmål som må svarast på før vi byrjar å bruke legemiddel som tilsynelatande kan bringe menneske tilbake frå dei døde på kva enn slags måte.

Dr. Nita Farahany, ein professor i jus ved Duke, kalla legemiddelet «utruleg» og «hjartestoppande». Farahany peikte på at vi har eit spesielt konsept knytt til døden når det gjeld den ultimate slutten og meininga til den. Men dette kan snu ting på hovudet.

«Vi reknar med at døden er ein ting, det er ein tilstand,» fortalde Farahany avisa. «Er der former for død som kan reverserast? Eller ikkje?»

OrganEx har nerveblokkerarar i miksturen sin som er meint å stoppe fyringa av hjerneceller, sa NYT. Og sjølv med det, sa forskarane at dei «gjenoppliva» grisane framleis hadde muskelrørsle. Nokre opplevde til og med hovudristing.

Men kva om legemiddelet blir endra til å ekskludere ingrediensar som ikkje stoppar hjernen frå å fyre celler? Vil det gjere hjernen aktiv igjen? Vil det tyde at testindividet er medvite og levande igjen?

Men korleis vil dette legemiddelet verke på menneske som har døydd, men som har organ som kan vere til nytte for andre? Når blir legemiddelet brukt?

Mange land krev at eit menneske er dødt i to timar før organa blir hausta. Men, dersom legemiddelet blir brukt, er personen framleis i live? Korleis veit vi at dei ikkje er det? Og dersom dei lever, haustar vi då organ frå eit levande menneske?

Desse er ekstremt komplekse moralske spørsmål. Kan vi reversere døden med eksperiment som dette? Dersom vi kan, kva tydar det? Sanneleg er det eit argument som er nifst likt diskusjonen kring abort: Kva er liv?

I 2013, til dømes, innrømte abort-ekstremisten Mary Elizabeth Williams det som alle instinktivt veit, at eit menneskefoster på kvart nivå er eit menneskeliv. Men konklusjonen hennar i stykket hennar i Salon var «kva so?».

Dette er det antimoralske argumentet: Liv er berre ein klump av celler på alle nivå. Kva vi gjer med desse cellene er fullstendig opp til oss sjølve. Dette gjer menneskelivet om til eit utilitarisk konsept.

Gjennom den antimoralske linsa har liv ingen spesialheit, heilagdom eller meining.

Kristne blir lærte at individet er sentralt viktig, ikkje kollektivet. Kristne praktiserer «ein truande» sin religion, ikkje ein du blir fødd inn i på eit vis, eller ein som blir kontrollert av eit lite sett med prestar.

Men den etiske grunnmuren til kristendommen må bli eliminert for å rettferdiggjere full statleg kontroll og tilrettelegginga for abort etter behov – og no, kanskje, oppvekking av dei døde.

Når du ser vekk frå kristendommen, ser du vekk frå det fundamentale faktum at Gud skapte menneskelivet for å vere endeleg (finitt). Det at samfunnet ser vekk frå kristendommen, er eit mislykka forsøk på å ta over Guds rolle som den guddomlege planleggjaren.

Når Williams dyttar abortlobbyen mot ideen at det å drepe ein visseleg frisk menneskebaby i livmora ikkje er ei stor greie, ser vi venstresida sitt konsept om å sjå fullstendig vekk frå menneskeliv, moralitet og Gud.

So vi må ha denne diskusjonen – viktigheita strekkjer seg lenger enn sjølve konseptet om at det er mogleg å oppretthalde funksjonen til eit organ etter døden. Vi kjempar for å definere kva eit menneskeliv er: Er det heilagt, eller er det noko vi kan manipulere etter kva vi finn for godt?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s