Mystisk nettside med nifse prognosar for Noreg og USA: Avfolking på gang?

Dei færraste kjenner nok til nettsida Deagel.com. Sida er ei privat nettkjelde for den militære evna til verdas nasjonalstatar, og kjem mellom anna med analysar og prognosar av folketal, BNP, forsvarsbudsjett og meir. Dei er «ei mindre grein av amerikansk etterretning, ein av dei mange obskure organisasjonane som samlar data for avgjerder tekne på høgste nivå, og som førebur konfidensielle briefing-dokument for byrå som National Security Agency, FN og Verdsbanken».

26.oktober 2014 kom Deagel med prognosar for året 2025, der dei kom med anslag for BNP, militærbudsjett og kjøpekraft. For å seie det mildt, var prognosane særs dystre mellom anna for Noreg og USA. USA vil gå frå å ha eit folketal på 326 620 000 i 2014 til å berre ha 99 553 100 menneske i 2025. BNP, militærbudsjett og kjøpekraft vil bli tilsvarande drastisk redusert. For Noreg hadde dei nesten like illevarslande tal: ein reduksjon i folketal frå 5 150 000 i 2014 til 2 535 820 i 2025. Medan USA vart spådd å få meir enn 70% reduksjon av folketalet, spådde Deagel at folketalet i Noreg ville bli meir enn halvert.

Deagel kom med eit langt notat på slutten av dokumentet. Der skriv dei mellom anna at den oppsiktsvekkjande reduksjonen av spesielt USA sitt folketal vil kunne skuldast migrasjon på grunn av ein kollaps av det vestlege finanssystemet. Amerikanarar vil rett og slett migrere til Latin-Amerika og Asia. Dei som blir igjen, i hovudsak eldre på pensjon, vil truleg døy av di kollapsen av økonomien vil stanse alt av trygdeytingar. Mange vil òg i fortviling ta livet av seg fordi dei ikkje klarer å tilpasse seg det nye verdsparadigmet, der land som Russland og Kina vil ha same posisjon som USA har hatt inntil no. Ei tidlegare verdsmakt vil nærast bli om til eit utviklingsland – og korleis vil Noreg sjå ut om vi lid same lagnad? Landa vil ikkje vere gjenkjennelege, og levestandarden vil vere langt dårlegare.

2025-prognosen forsvann frå Deagel si nettside på mystisk vis rundt 2021, men har blitt bevart på private bloggar og i diverse Internett-arkiv. Notatet til Deagel kan til dømes lesast her, der ein òg finn heile prognosen. Deagel er omgjeven av mystikk. Ingen veit heilt sikkert kven som driv eller eig nettsida, og den eller dei som står bak svarer aldri på spørsmål frå folk. Ifølgje Rumor Mill News, seier nokre kjelder at Deagel har inngått partnarskap med National Security Agency, NATO, OECD, OSCE, FN og Verdsbanken. Assosiasjonen med NATO er interessant, ettersom det er nettopp for NATO-land at Deagel har spådd ein reduksjon i folketal.

Rumor Mill News seier òg at mannen bak nettsida er ein viss Edwin A. Deagle, Jr. (legg merke til stavinga Deagle, i staden for Deagel), ein statleg tilsett i det amerikanske luftvåpenet under president Bill Clinton. Han vart seinare assisterande forsvarsminister. Han var for øvrig òg direktør for Rockefeller-stiftinga sine internasjonale relasjonar. Interessant nok skreiv Deagle føreordet til andreutgåva av boka World Energy Survey av Ruth Sivard frå 1981, der han spådde ei masseutvandring frå USA. Deagle sitt namn vart i 2015 fullstendig fjerna frå offentlege kjelder. Deagle gjekk bort 16.februar 2021 etter lang tids sjukdom.

Deagel (nettsida, ikkje mannen Deagle) sine 2025-prognosar ser ikkje ut til å ha ein logisk, forretningsmessig grunn, i og med at dei kom fleire år før Covid-hysteriet heiv sand i verdsmaskineriet. På den andre sida, at Tredje verdskrigen vil bli ein biologisk krig, har til dømes The International Man hevda i mange år:

«Essensielt vil den [den biologiske verdskrigen, oms.an.] involvere bruk av bakteriar og virus for å utslette fienden. Oddsa er at den vil vere mellom USA og Kina. […] Heilt klart, frå det kinesiske synspunktet, vil ein biologisk krig gje all meininga i verda. Det er fordi Han-kinesarane deler ei rekkje genetiske likskapar. Antakeleg kan ein bakterie eller virus bli dyrka for å favorisere kinesarane og ta livet av dei fleste andre.»

Deagel seier ikkje eksplisitt kva som eigentleg vil forårsake den store massedøden. Ein biologisk krig er sannsynleg, ettersom ein unngår store materielle øydeleggingar, ein kan strukturere biologiske våpen til å berre angripe visse menneskerasar, dei er billege og enkle å fabrikkere, ein treng ikkje sofistikerte leveringssystem – og ikkje minst, dersom våpenet er ein bakterie eller eit virus, kan nasjonen i ettertid nekte for at det var dei som sleppte det ut. Dei kan skulde på ein «utkant-minoritet», «flaggermus», «kjøtmarknad» eller liknande…

Rundt april/mai 2021 forsvann plutseleg heile nettsida til Deagel. Grunnen kan vere The International Man sin artikkel om 2025-prognosen og den store merksemda den fekk, men kan òg skuldast noko Deagel skeiv på nettsida si før denne mystiske nedstenginga:

«Etter Covid kan vi trekkje to hovudkonklusjonar:

  1. Suksessmodellen til den vestlege verda har blitt bygd over samfunn med inga motstandskraft, som knapt nok toler motgang, sjølv ikkje ein med låg intensitet. Tidlegare berre trudde vi det, men no har vi fått det bekrefta utover kvar ein rimeleg tvil.
  2. Covid-krisa vil bli brukt til å forlenge livet til dette døyande økonomiske systemet gjennom den sokalla Store nullstillinga [The Great Reset på engelsk].»

Og vidare:

«Som Covid har bevist, er vestlege samfunn som omfamnar multikulturalisme og ekstrem liberalisme, ute av stand til å takle ekte motgang. […] Det er temmeleg sannsynleg at den økonomiske krisa på grunn av nedstengingar vil forårsake fleire dødsfall enn viruset på verdsbasis. Sovjetsystemet var mindre i stand til å levere godar til folket enn det vestlege. Likevel var det sovjetiske samfunnet meir kompakt og motstandsdyktig under eit autoritært regime. Med det i minne, utsletta kollapsen av det sovjetiske systemet 10 prosent av befolkninga. Den harde realiteten til mangfaldige og multikulturelle vestlege samfunn er at ein kollaps vil ha eit tap på 50 til 80 prosent avhengig av fleire faktorar, men generelt vil dei mest mangfaldige, multikulturelle, gjeldstynga og rikaste (høgaste levestandard) lide det høgaste tapet.»

Seinare kom Deagel tilbake på nettet, med nytt design. Ingen spor av 2025-prognosen var å finne nokon stad. Var spådommar om episk massedød for sterk kost for den amerikanske etterretningstenesta, FN, NATO og resten av denne mektige gjengen?

Kommentar frå saksyndig: Dei landa som har den største folketalsreduksjonen, ser ut til å vere land med ei hovudsakleg kvit, kristen befolkning. Er dette tilfeldig, eller del av ein nifs agenda for å utslette nemnde befolkning?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s