Tysk-norsk lege politianmeldt for å ha stole sin eigen korona-«vaksine»: Ville undersøkje innhaldet

8.februar 2022 publiserte Julia Schreiner Benito ein artikkel i nett-tidsskriftet sitt Hemali om den tysk-norske legen Heiko Santelmann, og forsøket hans på å få tilgang på ein av korona-«vaksinane» for å undersøkje kva den inneheld. Ifølgje Hemali er han «én av mange fagpersoner som gjennom måneder har prøvd å få svar: Hva er det fulle innholdet i mRNA-behandlingen?»

Datagrunnlaget for naudgodkjenning av mRNA er for tida utilgjengeleg. British Medical Journal (BMJ) meiner dette er «moralsk uforsvarlig for alle studier, men spesielt for de som involverer store folkehelseintervensjoner med nye produkter», som redaktørane skreiv i ein artikkel publisert i BMJ 15.januar 2022.

Pfizer sjølv vil ikkje «vurdere forespørsler om prøvedata før mai 2025».

Dr. Santelmann har mistanke om at mRNA-behandlinga (korona-«vaksinane») kan innehalde det giftige stoffet grafénhydroksid, etter at innhaldet har blitt undersøkt i mange laboratorium i fleire land. Han samarbeidet med den italienske professoren Antonietta Gatti i å få innhaldet undersøkt. Som Santelmann sjølv fortel til Hemali:

«Gatti hadde ikke nok av innholdet fra mRNA-behandlingen til å kunne undersøke ved sitt laboratorium, og ba meg hjelpe. Jeg bestilte time for vaksinasjon, og spurte damen som skulle sette den om det fulle innholdet i sprøyten.»

Dama svarte «Det vet vi ikke, men det er Moderna.»

Dr. Santelmann var ikkje fornøgd med svaret, so dama henta ein lege. Legen visste heller ikkje kva «vaksinen» inneheldt, han berre henviste til Moderna og FHI (Folkehelseinstituttet). Santelmann sa difor:

«Men for å gi informert samtykke, må jeg vite det fulle innholdet i vaksinen, og det står ikke der. Kan du garantere at den ikke inneholder grafen oksid [sic] før jeg gir mitt samtykke, spurte jeg.»

Legen gav følgjande svar til Santelmann:

«Du har allereie gitt samtykke ved å bestille time.»

Santelmann heldt då opp sprøyta og spurde:

«Er denne min?»

Både dama og legen bekrefta det. Då sa Santelmann:

«Ettersom dere ikke kan fortelle meg hva som er i, må jeg undersøke det selv.»

Deretter tok han sprøyta og gjekk. «Stopp tyven», høyrde han bak seg. Han måtte gje tilbake sprøyta.

I ettertid fekk Santelmann brev frå politiet «med påstand om at jeg hadde ‘tilegnet meg noe som ikke var mitt, i vinnings hensikt’. Han fekk ei bot på 18 000, med tilbod om å få den redusert til 15 000 fordi han er tidlegare ustraffa. Han måtte betale den innan ei veke. Santelmann nekta å betale bota, han ville heller prøve saken for retten. Nokre få dagar seinare vart saken henlagt etter «bevisets stilling». Santelmann og advokaten hans valde å anke henlegginga, fordi dei såg fram til å få den rettsleg behandla.

I sitt arbeid som lege har Santelmann blitt fortalt om ei mengd biverknader frå mRNA-behandlinga frå sine pasientar. Av den grunn var han motivert for å dokumentere innhaldet i sprøytene. For tida jobbar han med professor og immunolog Dolores Cahill med å utvikle behandlingsprotokollar for pasientar med ulike biverknader etter å ha teke korona-«vaksinane».

I tillegg har ein i databasar frå Sverige, og frå forskarar som dr. Mike Yeadon og Craig Paardekooper funne ut at ulike parti frå ulike produsentar har ulikt innhald. Paardekooper meiner mellom anna at rundt 1 av 200 vaksineparti er «svært giftige», med eit høgt tal alvorlege biverknader.

Salk Institute for Biological Studies seier at piggproteinet på viruset – nett det same piggproteinet som mRNA-«vaksinen» får kroppen til å produsere – skader blodårene og kan føre til blodpropp, blødningar, organsvikt og anna. So tidleg som i juli 2020 åtvara vaksineforskar Birger Sørensen om at mRNA-behandling kunne forårsake blodproppar og sokalla antistoff-avhengig forsterkning.

Kommentar frå saksyndig: Dr. Santelmann si beretning om forsøket på å få undersøkt innhaldet i sin eigen korona-«vaksine» er urovekkjande. Dama var sannsynlegvis ein sjukepleiar, ettersom det er dei som vanlegvis blir sett til å gje folk desse mRNA-sprøytene. Dette har vore tilfelle på alle helseføretaka eg personleg har jobba ved. At både denne sjukepleiaren (?) og legen verka å vere fullstendig uvetande om innhaldet i sprøytene dei sjølv set på menneske, vitnar om medisinsk uforstand. At dei i tillegg påstår at dr. Santelmann har gjeve gyldig samtykke ved å bestille time for å få koronasprøyta, vitnar om at dei ikkje skjøner konseptet gyldig samtykke. I deira bok (etter instruksar frå sine overordna?) er «informert samtykke» at pasientane rett og slett møter opp for å få sprøyta.

Den tredje tingen er den mest besynderlege. Dei to bekreftar at Santelmann si koronasprøyte er hans. Men berre når han har fått innhaldet injisert i kroppen. At han som lovlydig, tidlegare ustraffa borgar blir skulda – og politianmeldt – for tjuveri når han vil undersøkje innhaldet i si eiga koronasprøyte, tydar på at dei helst ikkje vil at han skal finne ut kva som er i sprøyta. Det er etter mitt syn høgst mistenkjeleg åtferd. Og politiet? Dei henlegger saken når Santelmann og hans advokat vil prøve saken for retten. Det kan tyde på at saken aldri ville ha halde i retten. Eller at det rett og slett ikkje var ressursar til å ta i mot saken i ein rettssal. Kven veit.

Ettersom meir og meir informasjon via modige varslarar kjem ut om innhaldet i mRNA-sprøytene, blir det meir og meir openbert at «vaksinane» verken er trygge eller effektive. Eller vaksinar i det heile.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s