Borttauingsselskap ønskjer ikkje å fjerne Freedom Convoy

Av Martin Armstrong, Armstrong Economics. Omsett av saksyndig.

Lastebilsjåførane held framleis koken i Canada og kjempar for oss alle. Trudeau-administrasjonen har ingen empati og forstår ikkje kvifor nokon vil ønskje å forstyrre dei tyranniske planane til Schwabs framdyrka unge leiar.

Ottawa-politiet seier no at det vil krevje 1800 politimenn for å avslutte protesten. Politisjef Peter Sloly slo fast «det er ingen fridagar» for tenestemenn ettersom staten held fram å sysselsetje dei døgnet rundt. Protestane har vore fredelege og blitt møtt med støtte frå lokalsamfunnet.

Justin Trudeau ligg framleis i fosterstilling ein stad, uviljug til å møte protestdeltakarane. For nokre få dagar sidan sa den sakna statsministeren at han vil måtte vere «veldig, veldig varsam før [han] set inn militæret i situasjonar mot kanadiarar.» Å setje inn militæret står ikkje på agendaen akkurat no, ettersom det vil høgne situasjonen til katastrofale proporsjonar, og mange medlemmar av militæret støttar sannsynlegvis sine medborgarar.

Dei kan rett og slett ikkje taue vekk tusenvis av lastebilar frå Ottawa. Lastebilane er utstyrt med luftbremser som vil låse all 18 hjula når dei fyrst er sett i funksjon, og på det punktet kan svært lite flytte på lastebilane. CBC intervjua ei rekkje borttauingsselskap for å høyre deira perspektiv, men vart fortalt at dei fleste borttauingsselskapa nektar å fjerne lastebilar og risikere å skade sitt forhold med transportselskapa. Borttauingsselskapa kan teknisk «løyse opp» bremsene ved å manuelt fjerne bremsa frå kvart enkelt hjul, men dette er framleis vanskeleg å gjere utan samtykke frå sjåføren. Det er òg ein langdryg affære. I eit tilfelle tok det 18 timar å fjerne 30 lastebilar og 28 bilar.

Til sjuande og sist, sjølv om dei bruker tallause mengder av skattebetalarane sine pengar på å fjerne lastebilane, kan lastebilane rett og slett kome tilbake. Og dei vil kome tilbake. Folk er lidenskaplege om denne rørsla og den vil sannsynlegvis ikkje sløkkje før Justin Trudeau møter folket og deira bøner om å fjerne mandat.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s