Nyleg vart det i Financial Post publisert ein artikkel av Terence Corcoran som handlar om fornybare energialternativ, og som går imot den offisielle forteljinga om at slike alternativ er mindre skadelege for miljøet. Eg presenterer her ei omsetjing av artikkelen slik den vart publisert i The Exposé 4.mai 2023.
Analyse: Dersom fossilt drivstoff er øydeleggjande, er fornybare alternativ kanskje endå verre
I den lystige verda av netto-null politikkskaping og føretak, har Canada som mål å bli ein global leiar. Landet sine bankierar, gruvedirektørar, bilselskap, straumprodusentar og politiske leiarar har blanda seg saman i ei foreint maskin rundt ideen om at ein ny grøn økonomi kan bli oppnådd via ein rettvis overgang til eit globalt energisystem fritt for karbonutslepp.
Den nasjonalistiske skravlinga sist veke rundt det moglege salet av Teck Resources i Vancouver til den sveitsiske gruvegiganten Glencore reflekterte den nye offisielle kanadiske korporative tilnærminga. Som ein global hovudspelar i det føretaket som er å produsere «kritiske mineral» – kopar, sink, molybden – blir Teck sett på som eit livsviktig tannhjul i det økonomiske velstandshjulet som rullar rundt netto-nullmåla.
Dei Trudeau-liberale sin entusiasme for den nye nasjonaløkonomiske modellen vart fanga i «The Canadian Critical Minerals Strategy», ein rapport som vart offentleggjort i desember i fjor av minister for naturressursar Jonathan Wilkinson og industriminister François-Phillippe Champagne. «Kritiske mineral er byggjesteinane for den grøne og digitale økonomien. Der kan ikkje vere nokon energiovergang utan kritiske mineral: ingen batteri, ingen el-bilar, ingen vindturbinar og ingen solcellepanel. Sola gjev råenergi, men straum går gjennom kopar. Vindturbinar treng mangan, platina og sjeldne jordmagnetar. Kjernekraft krev uran. Elektriske køyretøy treng krev batteri laga med litium, kobolt og nikkel og magnetar. Indium og tellurium er essensielle for produksjon av solcellepanel.»
Begge ministrane skreiv under på eit brev som forsvarer Teck Resources som ein nasjonalkorporativ meister. Teck, sa dei, er «av vesentleg viktigheit for landet vårt når vi no utvidar vår kritiskmineral-verdikjede og byggjer ein rein økonomi.»
Men nøyaktig kor rein og grøn er denne netto-null-økonomiske strategien? Det er eit spørsmål som blir stilt i ein avslørande kommentar av den kanadiske veteran-miljøjournalisten Andrew Nikiforuk. I The Tyee, ein nettbasert publikasjon i Vancouver, kjem Nikiforuk med ein gjennomgang av arbeidet til akademikarar og eit «veksande kor av fornybar energi-skeptikarar» som trur at den store overgangen til ei fornybar energi-framtid er ein grøn teknodraum som er «enormt øydeleggjande».
Nikiforuk skriv ikkje for NetZeroWatch. Ei heller er han i same leiren som den anti-fornybare forfattaren Alex Epstein, der boka hans Fossil Future rakkar ned på den alternative energiformene og lovpriser olje og gass. I The Tyee held Nikiforuk fram arbeidet sitt som ein anti-fossilt drivstoff miljøforfattar som mellom anna har skrive bøker som Tar Sands: Dirty Oil and the Future of a Continent og The Energy of Slaves: Oil and the New Servitude.
I sin nye kommentar, som har fått altfor lite merksemd i media og blant dei som lagar politikk, sparer Nikiforuk ingen og held ingenting tilbake. «Av hovudsakleg ideoloogiske grunnar», skriv han, «har mange grøne og ‘overgangstilhengjarar’ presentert overgangen til fornybare former som ein bein veg med ingen slagholer.» Nikiforuk, som baserer seg på arbeidet til ei rekkje analytikarar og vitskapsfolk, skildrar dei destruktive kreftene som vil bli sleppte laus av det globale presset for å erstatte fossilt drivstoff.
Ein skiten vekkjar frå miljøvenstre
Mykje av effekten av korstoget for fornybar energi burde vere openberr. Solcellepanel, vindmøller eller elektriske bilar kan ikkje bli laga utan å grave etter meir kopar, litium, jarn og aluminium. «Det tydar endå meir øydeleggjande boring og graving på havbotn, i regnskogar og på tundraer på ein skala som dei fleste miljøforkjemparar ikkje kan fatte.»
Nikiforuk listar deretter opp noko av det ufattelege, og siterer ymse kjelder, inkludert Simon Michaux ved Finlands Geologiske samfunn. Michaux kalkulerer at for å erstatte 46 423 kraftstasjonar som går på olje, kol, gass og kjernekraft, lyt ein konstruere 586 000 kraftstasjonar som går på vind, sol og hydrogen.
Eit anna døme: «Kvart elektriske køyretøy inneheld om lag 75 kilo kopar eller tre gonger meir enn eit vanleg køyretøy. Ein enkelt vindturbin inneheld generelt 500 kilo nikkel. Det nikkelet krev 100 tonn stålskapande kol for å bli raffinert. Og kvart krystallsilikon-solcellepanel inneheld 20 gram sjølvpasta. Det krev 80 tonn sølv å generere omtrent ein gigawatt solkraft.»
Når det gjeld kopar slår Michaux fast at noverande koparreservar, som er på rundt 880 millionar tonn, tilsvarer rundt 30 års produksjon. «Men industrien vil trenge 4,5 milliardar tonn kopar for å produsere berre éin generasjons fornybare teknologiformer,» estimerer han. «Det er seks gonger volumet kopar som har blitt grave ut gjennom heile historia.»
Ikkje rart at Glencore ønskjer å slå finansklørne fast i Teck Resources sine koparoperasjonar i Sør-Amerika og Canada.