Kvifor det er truleg at Robert F. Kennedy Jr. anten vil bli den neste amerikanske presidenten, eller drepen i eit attentat

Av Eric Zuesse, The Duran. Omsett av saksyndig.

3.mai gav RFK Jr. [Robert F. Kennedy Jr.], som eg ønskte skulle vere motkandidat til Obama i 2012, men som takka nei til det, sitt fyrste djuptgåande intervju som kandidat, no 12 år seinare, for Det demokratiske partiet sin 2024-nominasjon mot Joe Biden, der han svarte på spørsmål frå den utmerka intervjuaren Freddie Sayers i The Unherd, og her er representative utdrag frå det:

«Robert Kennedy Jr: America needs a revolution»

3.mai 2023, av Freddie Sayers

YouTube

YouTube i WebArchive

RFK Jr: «Eg snakkar om problem som eg trur mesteparten av amerikanarar og truleg dei fleste Demokratar bekymrar seg for: den systematiske buksprettinga av middelklassen; opphøginga av korporasjonar – spesielt forureinande korporasjonar; og, frå finansindustrien til det militær-industrielle komplekset, den korrupte blandinga av statleg og korporativ makt. Gjennom krigar, bank-bailouts og nedstengingar, har vi drive og systematisk hola ut den amerikanske middelklassen, og trykt pengar for å gjere milliardærane rikare. Under covid-nedstenginga fann det stad ei forflytning av 4,4 billionar dollar i rikdom frå den amerikanske middelklassen til dette nye oligarkiet som vi skapte – 500 nye milliardærar med nedstengingane og milliardærane vi allereie hadde, fekk auka rikdommen sin med 30%.

Det er berre eitt av overgrepa, og so går du til bailouten av Silicon Valley Bank, og krigen i Ukraina, som kostar oss 113 milliardar; krigen i Irak og krigane som følgde, som har kosta oss 8 billionar. Den totale kostnaden til nedstengingane var 16 billionar, og vi fekk ikkje noko som helst for noko av det. Er det rart at vi ikkje har ein middelklasse igjen i Amerikas foreinte statar? Med mindre vi byggjer opp middelklassen på nytt, og byggjer opp økonomien vår på nytt, kjem vår nasjonale tryggleik til å mislykkast, og demokratiet vårt kjem til å mislykkast…

Klima har blitt meir polarisert enn nokosinne, og det av gode grunnar. Krisa har, til ei viss grad, blitt appropriert – av Bill Gates og World Economic Forum og milliardærane sin guteklubb i Davos – på same måten som covid-krisa vart appropriert av dei for å gjere seg sjølve rikare, å innføre totalitær kontroll og stratifisere [lagdele] samfunnet vårt, med svært mektige og rike menneske på toppen, og det store fleirtalet av menneske med svært lite makt og svært lite suverenitet over sine eigne liv. Kvar krise er ei moglegheit for desse kreftene å hamre ned kontroll.

Og so ser de òg at med klima har det skjedd ei forskyving – frå det å ta vare på habitat og regenerativt landbruk, til å prøve å redusere makta til karbonindustrien – mot korporativ karbonfangst, som kan tenast pengar på av korporasjonane og bli utnytta utan at ein ser nokon reelle fordelar på bakkenivå. Òg når det gjeld geoingeniør-løysingar, som eg er imot. Det har tendens til å bli slik at folket som pressar dei gjennom, òg har IP rights – med andre ord, patentrettar på mange av desse teknologiformene. Der ligg definitivt sjølvinteresse på desse områda.»

Han er den einaste framtredande offentlege figuren som snakkar om hykleriet til milliardærar og «Bill Gates og World Economic Forum og milliardærane sin guteklubb i Davos.» Og:

FS [Freddie Sayers]: «Det tek oss til dette presserande spørsmålet: ein ting du snakkar mykje om, er at USA er i ein permanent krigstilstand og at du ønskjer å gjere slutt på det. Når det gjeld Ukraina, korleis føreslår du at det skal gjerast?»

RFK Jr: «Inngå forhandlingar. Russarane har gjentekne gonger tilbydd forhandlingar. Dersom du ser på Minsk-avtalane, som russarane tilbydde å forhandle for, ser dei ut som ein verkeleg god avtale i dag. Lat oss vere ærlege: det er ein amerikansk krig mot Russland, for å essensielt ofre den ukrainske ungdommens blome i eit dødens slaktehus og øydelegging for den geopolitiske ambisjonen til dei nyliberale, som ofte blir sagt, om regimeendring for Vladimir Putin, og å utmatte det russiske militæret slik at dei ikkje kan kjempe nokon andre stader i verda. President Biden har sagt at det var hans intensjon – å bli kvitt Vladimir Putin. Hans forsvarsminister, Lloyd Austin, sa i april 2022 at vårt føremål her er å utmatte den russiske hæren. Kva meiner ein med ‘utmatte’? Det tydar å kaste ukrainarar på dei. Sonen min kjempa der borte, side om side med ukrainarane, og vi har ofra 300 000 av dei. Kommandøren for spesialstyrkeeininga i Ukraina, som truleg er den mest elitistiske kampstyrken i Europa, har sagt at 80% av soldatane hans er døde eller såra, og dei kan ikkje byggje opp igjen eininga. Akkurat no drep russarane ukrainarar i eit forhold på anten 1 til 5 eller 1 til 8, avhengig av kva slags data du trur på…

Vi burde ha lytta til Putin over mange år. Vi laga ei plikt overfor Russland, overfor Gorbatsjov, at vi ikkje kom til å flytte NATO so mykje som ein tomme inni Austen. So gjekk vi inn, og vi laug. Vi gjekk inn i 13 NATO-land, vi installerte missilsystem med atomkapasitet; vi utførde felles øvingar med Ukraina og desse andre for NATO. Kva er føremålet med NATO? Dette er kva George Kennan spurde; dette er kva Jack Matlock spurde. Alle seniorane innan amerikansk utanrikspolitikk sat og sa: ‘Russland tapte Den kalde krigen. Lat oss gjere med Russland det vi gjorde med Europa då vi gav dei Marshall-planen. Vi er sigerherrane – lat oss løfte dei opp. Lat oss integrere dei i det europeiske samfunnet’.»

FS: «So du ville ha hatt Russland inni NATO?»

RFK Jr: «Eg trur det er noko vi burde ha vurdert. Kva er føremålet med NATO, bortsett frå å opponere mot Russland? [Både Gorbatsjov og Jeltsin kravde at Russland fekk invitasjon til å bli med, men begge førespurnadene vart ignorert av USA, dei vart aldri vurdert.] Dersom du adresserer Russland på ein fiendtleg måte frå byrjinga, blir naturlegvis reaksjonen deira at dei er fiendtlege tilbake. Og dersom du sakte flyttar alle desse statane inn, som vi sa aldri ville bli del av NATO. Kva som skjedde i Ukraina, var at USA i praksis støtta eit statskupp i 2014, mot den demokratisk valde regjeringa i Ukraina. Vi har transkripsjonar av telefonsamtalar med Victoria Nuland, ei av dei nykonservative i [Obamas] Kvite hus, som handplukka det nye kabinettet som var fiendtlege mot Sovjetunionen [her meinte han «Russland»]. Dersom du ser på det, og du set deg sjølv i Russlands posisjon, og du seier ‘Okay, USA, vår største fiende, behandlar oss som ein fiende, har no teke over regjeringa til ein nasjon og gjort dei fiendtlege overfor oss, for deretter å byrje å vedta lover som har fordommar mot denne enorme russiske befolkninga’. Dersom Mexico gjorde det og deretter byrja å drepe – dei drap 14 000 russarar i Donbas, den ukrainske regjeringa – dersom Mexico gjorde dette mot amerikanarar som budde i utlandet, ville vi ha invadert dei på flekken. Vi må plassere oss sjølve i skoa på motstandarane våre. Og det tydar ikkje å seie at Vladimir Putin ikkje er ein gangster – det er han. Eller at han ikkje er ein kjeltring – det er han. Eller at han ikkje er ei bølle – det er han. Men å gå til krig er heller ikkje i hans interesse. Og han sa til oss gjentekne gonger: desse er raude linjer som de kryssar.»

Det at han offentleg kallar Putin «ein gangster» og «ein kjeltring» og «ei bølle» får meg til å spørje: «Ville Putin offentleg ha sagt at George W. Bush og Barak Obama og Donald Trump og Joe Biden er ‘gangsterar’ og ‘kjeltringar’ og ‘bøller’, eller har han følt det under si verdigheit å gjere det?» Han har vore heva over, og under, den offentlege bruken av slike politiske terminologiar – spesielt mot ein nasjonal leiar som han kan ende opp med å forhandle med, og som alltid har hatt langt høgare støtte frå det russiske folket enn nokon av desse amerikanske presidentane har hatt frå amerikanarar. Men ingen er perfekte, og berre toskar ville krevje at nokon av dei var det. Ikkje eingong RFK Jr. (og oberst Douglas Macgregor, som truleg ville ha vore hans beste val som visepresident, og som eg håper snart vil tilråde RFK Jr sin kandidatur). Eg trur at han vart uheldig påverka av sin eigen konservative son, Conor, som sterkt støttar USA sin Ukraina-politikk, og som meldte seg friviljug til å reise til Ukraina for å hjelpe ukrainarar med å drepe russarar. Conor fortalde han, som RFK Jr erindra til PEOPLE Magazine 26.oktober 2022: «Eg kjende til at synspunkta hans om krigen ikkje var dei same som mine… Han likar ikkje Putin. Han trur han er ein gangster og ei bølle, og han likar ikkje bøller. Han har argumentert høglytt for den amerikanske intervensjonen og han ville ikkje vere ein av dei folka som støtta ein krig og som sat på sidelinja.» Openbert burde påverknaden ha vore i motsett retning her; men, i kvart filelle, no når RKF Jr er ein presidentkandidat, var terminologien hans rundt dette temaet upassande, kva enn synspunkta hans om Putin er.

FS: «Når ein snakkar om sanning, og for å vende tilbake til temaet vaksinar ein augneblink, erkjenner du at du gjekk for langt i kvar fase? Trur du at du sjølv kan ha mist perspektivet?»

RFK Jr: «Her er kva eg ville ha sagt: vis meg kor eg tok feil om det. Vis meg eitt faktum som eg har sagt i alle mine innlegg på sosiale media som var faktamessig uriktig. Dersom du viser meg det, vil eg ordne det, eg vil endre det. Og dersom det er upassande, vil eg be om orsaking for det. Men det er ikkje kva som skjedde. Det som skjedde, var at media har sagt: ‘Åh, han deler feilinformasjon.’ Og eg spurde: ‘Kva slags feilinformasjon?’ Alt eg leggjer ut er sitert og linka til statlege databasar, og til fagfellevurderte publikasjonar. Eg har truleg den mest robuste faktasjekkar-operasjonen i USA i dag. Eg har 320 legar og doktorgrads-vitskapsfolk, inkludert, fram til nyleg, Nobelpris-vinnar Luc Montagnier, i rådgjevarstyret vårt, som ser på alt eg legg ut. Dersom eg tok feil om noko – og det vil eg gjere til slutt – men so langt har ingen vore i stand til å vise meg noko som eg har teke feil om.»

Han sa til og med friviljug dette om dei amerikanske etterretningsbyråa: «Der finst inga ansvarleggjering, og desse byråa må haldast ansvarlege, og eg vil bryte opp CIA på ein måte som vil gjere det mogleg å halde dei ansvarlege.» Kor sannsynleg er det at ein seriøs kandidat for det amerikanske presidentembetet som seier sanninga slik han seier det, skal bli offer for eit attentat?

Dersom amerikansk regjeringspolitikk ikkje har (og ikkje har vore det på lenge) som føremål å tene folket basert på sanning, men i staden tener milliardærar basert på løgner, kor sannsynleg er det då at det som vil skje med han, vil vere det same som skjedde med faren hans, og onkelen hans, og med Martin Luther King, og med Abraham Lincoln?

Som ein konsekvens, utifrå desse realitetane, burde hans eksponering for folket, frå dette tidspunktet av, ha hindra han frå noko som plasserer han i skyteavstand frå nokon, bortsett frå personar han allereie kjenner, og som er kjende som støttespelarar. I staden burde berre elektroniske kommunikasjonsmåtar bli brukt i kampanjen hans, og i hans eigne tilnærmingar.

Han snakkar for mykje sanning til at han rimeleg kan forvente å føle seg trygg i kvar ein folkeskare av framande. Han må vere enormt modig for å ha gått inn i denne konkurransen.

Han vil trenge mykje hell. Men eg trur at dersom han overlever denne kampanjen, vil han sannsynlegvis slå Joe Biden, og deretter slå kvar einaste Republikanar. Og etterpå vil han måtte unngå kvar ein nærleik til framande gjennom heile presidentperioden, eller presidentperiodar, i Det kvite hus. Eg har tenkt å stemme på han, spesielt sidan der er ingen andre Demokrat- eller Republikanar-kandidatar som eg ville stemme på: amerikansk politikk akkurat no er strengt teke eit spel for milliardærar, og kandidatane er berre frontar for desse personane – dei representerer sine mega-donorar og ikkje folket. Akkurat no, og gjennom fleire tiår, har det vore eit reint pengespel.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s