Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Ei ny spørjeundersøking utført av Associated Press – NORC Center for Public Affairs Research i samarbeid med Robert F. Kennedy Human Rights, har funne ut at i om lag 60% av amerikanarane ikkje lenger stoler på at hovudstraumsmedia formidlar sannferdig informasjon til dei.
Tre av fem amerikanarar, ifølgje spørjeundersøkinga, legg direkte skulda på etablerte media for å spreie «feilinformasjon» – sjølv om nøyaktig dei same formidlarane av falske nyheiter påstår at dei kjempar mot det.
Ni av ti amerikanarar er einige i at spreiinga av feilinformasjon i dagens verd har blitt eit alvorleg problem, men dette er fyrste gong at vi har fått eit glimt av det store talet menneske som ser på offisielle nyheitskjelder som dei skuldige, heller enn berre brukarar av sosiale media og uavhengige medieformidlarar.
Eit anna stort problem innan konsern-kontrollerte media er politisk polarisering. Ekte nyheiter er upartiske, dei tek ikkje sider, og likevel driv mesteparten av dagens «nyheiter» og pushar anten høgre- eller venstrevridd innhald – noko som tydar at agendaen er viktigare enn sanninga.
Tre av fire amerikanarar seier at media er ansvarlege for denne polariseringa, medan berre under halvparten seier at dei ikkje lenger har noka tru på at media rapporterer nyheiter nøyaktig eller rettferdig.
(Relatert: Hugsar de då delstaten Connecticut skapte ei ny lukrativ statleg stilling for å sensurere «feilinformasjon» og «falske» innlegg frå sosiale media?)
Mindre enn éin av fem amerikanarar stoler framleis på at media rapporterer sanninga
Berre 16% av landet, eller mindre enn éin av fem, ser framleis nyheitene og trur på det som blir rapportert. Dei andre 84% seier at media for det meste er ein vits, medan berre under halvparten seier at dei trur på nesten ingenting som media rapporterer.
Når det gjeld intensjonane til media med all deira vinkla rapportering, seier ein av dem deltakarar i spørjeundersøkinga at dei trur media, kva enn slags veg dei lener seg, framleis prøver å beskytte nasjonens demokratiske republikk. Motsett seier fire av ti at dei trur media prøver å øydeleggje landet med rapporteringa si.
Som de kan forvente, har Demokratar større tendens til å stole på media enn Republikanarar har. Overveldande 61% av Republikanarar trur at media prøver å skade landet, medan berre 23% av Demokratar er einige i denne vurderinga.
«Fleirtal på tvers av partilinjene seier at nyheitsmedia nører opp under politisk splitting, men Republikanarar er langt meir sannsynlege enn Demokratar til å seie at dette skjer mykje,» fastslår spørjeundersøkinga.
I seinare år har folketilliten til nasjonale nyheiter falle som ein stein, spesielt etter at Donald Trump vart valt som president og eksponerte mykje av det som ein farse.
Tilbake i februar fann ei anna spørjeundersøking ut at halvparten av landet trur at nasjonale media med overlegg prøver å villeie, feilinformere og overtale folket til å tru på løgner, medan berre 35% trur at dei fleste større nyheitsorganisasjonar kan stolast på.
35% av deltakarane i den same spørjeundersøkinga indikerte at nasjonale nyheitsformidlarar slik som CNN, MSNBC, NPR, Washington Post og Politico bryr seg meir om å drive ein kulturell aktivisme-agenda enn ved å rett og slett rapportere nyheitene basert på interessene til lesarar, sjåarar eller lyttarar.
Eit nyleg døme involverte Hunter Biden og hans laptop-skandale, òg kjent som «laptopen frå helvete». Oppsiktsvekkjande 15% av etablerte mediepersonlegdommar prøvde å påstå at denne avsløringa av «russisk propaganda», sjølv om New York Times seinare bekrefta at historia var autentisk.
«Nylege spørjeundersøkingar viser at 79% av amerikanarar seier at tidlegare president Donald Trump ville ha vunne gjenvalet i 2020 dersom dei som stemde hadde kjent til Hunters laptop,» indikerer rapportar. «71% av amerikanarar trur at sannferdig rapportering om Hunters laptop kunne ha endra presidentvalet i 2020.»