Rochelle Walensky går av som CDC-direktør

Av Zachary Stieber, henta frå NTD. Omsett av saksyndig.

Direktøren for det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) går av.

Dr. Rochelle Walensky trekkjer seg i slutten av juni, fortalde direktøren til president Joe Biden i eit brev, sa CDC 5.mai.

Walensky (54) gav ikkje ein spesifikk grunn, og CDC svarte ikkje på førespurnader om kommentar.

Walensky sa at ho trur at CDC er i ein betre posisjon no enn då ho gjekk inn i stillinga 20.januar 2021, same dagen som Biden vart svoren inn.

«Slutten på covid-19-folkehelsekrisa markerer ein formidabel overgang for landet vårt, for follkehelsa, og i stillinga mi som CDC-direktør. Eg tok på meg denne rolla etter dykkar førespurnad, med mål om å leggje bak meg dei mørke dagane av pandemien og flytte CDC – og folkehelse – framover til ein mykje betre og meir påliteleg stad,» sa Walensky til Biden. «I prosessen redda vi og forbetra liv og beskytta landet og verda frå den verste smittsame sjukdommen vi har sett på over 100 år.»

Under det fyrste året av Walensky sin periode registrerte USA meir covid-19-dødsfall enn året før, trass den aggressive fremjinga av covid-19-vaksinar. Walensky har vore ein ivrig forkjempar for vaksinasjon, og oppmoda foreldre til å vaksinere barna sine medan ho avfeia bekymringar om biverknader slik som hjartebetennelse. Ho oppmoda òg folk om å få fleire dosar for å prøve å hanskast med svinnande effektivitet medan ho spelte ned naturleg immunitet.

Før ho vart direktør for CDC var Walensky leiar for Division of Infectious Diseases ved Massachusetts General Hospital, og professor i medisin ved Harvard medisinskule.

Stillinga som CDC-direktør krev ikkje bekrefting frå Senatet, ulikt liknande stillingar slik som leiaren av Food and Drug Administration. Embetsfolk i Biden-administrasjonen har enno ikkje peikt ut potensielle etterfølgjarar.

Delte meiningar

Somme embetsfolk lovpriste Walensky, og slo fast at ho har gjort ein god jobb.

Biden sa i ei melding at Walensky «har redda liv med sin stødige og sindige fokus på helsa til kvar amerikanar» og at «vi har alle drege nytte av tenesta hennar og kor dedikert ho var til folkehelse, og eg ønskjer ho alt godt vegen vidare».

Dr. Ashish Jha, Det kvite hus sin covid-19-respons-koordinator, sa at Walensky «har vore ein ekstraordinær leiar og ein fabelaktig partnar».

Men andre sa at Walensky har mislykkast.

«Ho er ein mislykka CDC-leiar. Eg har aldri sett lågare tillit frå det amerikanske folket,» sa dr. Jay Bhattacharya, professor i medisin ved Stanford universitet, til The Epoch Times.

Spørjeundersøkingar viser at tilliten amerikanarar har til CDC har falle under pandemien.

«Kven som enn tek over vil måtte arbeide hardt for å gjenopprette tilliten til folkehelsa og ryktet til CDC,» la Bhattacharya til.

Doblar innsatsen

Walensky og andre toppar i CDC har kome med ei rekkje falske påstandar om covid-19, inkludert det å overdrive effektiviteten til covid-19-vaksinane.

Walensky kom våren 2021 under eit innslag på TV med den ikkje underbygde påstanden at folk som hadde fått covid-19-vaksinar «ikkje ber i seg viruset» og «ikkje blir sjuke», basert på «data frå den verkelege verda» og data frå kliniske forsøk. Nokre månader seinare oppmoda CDC vaksinerte om å gå med munnbind fordi forsking indikerte ingen skilnad i viruslast, altso mengda virus ein person ber i seg etter å ha blitt smitta, mellom vaksinerte og uvaksinerte.

Walensky sa i april medan ho vitna overfor Kongressen at påstanden var korrekt då ho kom med den.

Men ho siterte ingen evidens, og rådgjevarane hennar kunne ikkje hente fram noko. Dei peikte på observasjonsstudiar som indikerte at vaksinane reduserte, men ikkje hindra, symptomatisk infeksjon og overføring.

Studiane «rapporterte alle observerte reduksjonar, men ingen av dei kom fram til at ‘vaksinerte ikkje ber i seg viruset og ikkje blir sjuke’,» sa dr. Tracy Hoeg, ein epidemiolog heimehøyrande i California, til The Epoch Times i ei Twitter-melding. «Køddar dei? Dei ser ut til å ha vrangførestillingar om dei kjem med den konklusjonen utifrå dei artiklane.»

Walensky har erkjent somme feilsteg og gav ordre om ei reorganisering av CDC etter at ein gjennomgang fann ut at dei ikkje responderte adekvat på pandemien. Walensky sa at restruktureringa ville bli retta mot ei implementering av ein «handlingsorientert kultur» som inkluderer forbetra ansvarleggjering og kommunikasjon.

Gjennomgangen vil «sikre at vi har eit meir effektivt CDC», sa Jha.

Ei større reform burde vere å sikre seg at stemmer frå utsida blir inkludert i samtalen når CDC-tenestepersonar vurderer politikk og retningslinjer, ifølgje Bhattacharya.

«Og då må dei spesifikt vurdere dei samla konsekvensane av dette, strategiane og politikken som blir tilrådd,» sa han. «Det burde ikkje verre snevert fokusere på éin smittsam sjukdom og det å hindre éin smittsam sjukdom, men ha ei breiare omfatning. Og eg trur det er der CDC sentralt har mislykkast.»

Støtte for nedstengingar

Walensky har òg halde fram med å støtte nedstengingane og påboda som vart innført i USA til og med når ny evidens har dukka opp som undergrev dei.

«Ekstraordinære tiltak er naudsynte» når sjukehusa blir overvelda, sa ho i ei høyring.

CDC kjem for det meste med ikkje-bindande tilrådingar som vart siterte som støtte for munnbind- og vaksinepåbod i heile landet, men har òg spreidd bindande politikk slik som munnbindpåbod på fly. Somme har blitt avfeia av domstolar.

På spørsmål om ho stod bak Biden-administrasjonen sine covid-19-vaksinepåbod, sa Walensky til eit Senatspanel denne veka at ho var del av ei gruppe rådgjevarar som gjev Biden råd rundt proklameringane hans.

Administrasjonen avsluttar mange av dei gjenverande påboda 12.mai, då covid-19-folkehelsekrisa går ut. Fleire påbod, inkludert eitt innført av Department of Veterans Affairs, vil framleis vere i kraft.

(Henta frå The Epoch Times)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s