Ein nøkkelkomponent i WEF sin Great Reset er å leggje strenge føringar på kor folk får reise, og om dei skal få reise i det heile. Ein stadig meir overvakande, kontrollerande og totalitær stat er deira overordna mål. No har Erie fylke i delstaten New York erklært at der kan kome reiseforbod i tilfelle ein naudsituasjon eller andre «katastrofar», melder InfoWars. Situasjonar der eit reiseforbod kan bli aktuelt å innføre, er til dømes under dårleg vêr slik som snøstormar. Sokalla essensielle arbeidarar kan søkje om dispensasjon, slik som politi, ambulanseteneste, helsepersonell, offentlege tenestemenn, bønder og vegarbeidarar.
InfoWars skriv (mi omsetjing):
Tenestepersonar i Erie fylke hevda på sin nye nettportal at dispensasjonar vil bli brukt av tilsette under vinterstormar og andre naudsituasjonar når eit køyreforbod har blitt innført.
‘Reisedispensasjonsportalen vil definere spesifikke kategoriar av arbeidarar ved å bruke eit lagdelt konsept for å identifisere kven som vil kunne få fritak frå eit reiseforbod for å kunne pendle til og frå arbeidsplassen,’ stod det i pressemeldinga.
‘Lista av essensielle arbeidarar vil bli gjennomgått årleg, og tilsette vil bli bedne om å sende oppdateringar når arbeidsstatusen til ein essensiell arbeidar blir endra av alle grunnar som gjev grunnlag for å bli fjerna frå dispensasjonslista.’ […]
Erie fylke innførte eit reiseforbod for fyrste gong i 2022 etter ein vinterstorm som tok livet av fleire stranda trafikantar.
Erie sin County Executive [øvste administrative leiar i fylket; oms.an.] Mark Poloncarz lovde å straffe innbyggjarar som braut fylket sitt komande reiseforbod, som han sa kunne bli brukt ikkje berre for ei ‘større vêrhending’, men òg ‘andre typar katastrofar’.
‘Under New York si lov for offentlege tenestepersonar kan ingen reise, bortsett frå personale som blir vurdert som essensielt under naudssituasjonen,’ erklærte han fredag på X, og lovde samstundes å pusse politi på dei som vart tekne i å køyre utan eit rørslepass.
Poloncarz, ein bestemt Trump-motstandar, gjorde òg narr av dei som var bekymra over denne statlege overstyringa.
‘Eg lèt meg underhalde av svara frå troll utanfrå delstaten til innlegga mine om kven som er essensielt personell som får løyve til å køyre under eit snøstormsrelatert reiseforbod. Her er greia, sidan de hatar staten so mykje, ikkje ring naudnummeret etter å ha køyrt dykk faste og krev at vi kjem og reddar dykkar ynkelege patriot-ræver,’ skreiv han.
Det er verdt å merkje seg at Poloncarz òg var ein covid-tyrann, heldt ved like munnbindpåbod godt inn i 2022, og skapte eit direktenummer for innbyggjarar å tyste på naboane sine dersom dei ikkje følgde covid-retningslinjene.
Reiseforbod slik som desse vil sannsynlegvis bli mykje enklare å handheve dei komande åra, etter at Biden-regimet og Kongressen vedtok eit ‘infrastruktur’-lovforslag der det vil bli installert fjernstyrte daudmannsknappar i alle køyretøy etter 2026.
I kjølvatnet av covid kan statlege tenestepersonar rett og slett ikkje gje frå seg den nyvunne makta til å avgrense åtferda og rørslene til borgarane.
Reiserestriksjonar er eit nøkkelmoment i World Economic Forum sin Great Reset, som til dømes fremjar konseptet ‘karbonpass’ for å avgrense reise i klimaendringa sitt namn.»
Kommentar frå Saksyndig: Det amerikanarane kallar kill switch, og som eg har omsett til daudmannsknapp, vil i prinsippet late nokon plutseleg skru av motoren på eit elektrisk køyretøy. Konseptet daudmannsknapp er i bruk på påhengsmotorar, med ein liten leidning som går frå motoren til føraren av båten. Dersom føraren til dømes ramlar over bord, vil motoren dermed automatisk stoppe. Dette har vore i bruk på båtar i mange år, og er eit tryggleikstiltak for å hindre at nokon i havsnaud blir fråkøyrt av sin eigen båt. Det same vil staten argumentere for at slike fjernstyrte daudmannsknappar er, medan det i dette tilfellet openbert er snakk om overstyring. «Tiltak» for å hindre biltjuveri, vil dei sikkert prøve seg med. Helst vil dei kontrollere på kilometeren kor fangane i deira Nye verdsorden skal få lov til å reise.
Mike Adams har ein podcast om nettopp dette lovforslaget, som han kallar Vehicle Kill Switch Mandate. Den kan høyrast her.
