Tucker Carlson åtvarar sterkt om kva etablissementet har tenkt å gjere med Trump

Djupstaten har bestemt seg for at Trump skal vekk, om det so inneber mord. Nettstaden Vigilant News har følgjande sak om dette (mi omsetjing):

«‘Dei (etablissementet) ser på Trump som ein vampyr, og dei stikk ein trestake i hjartet på han, men dei er redde for at den staken skal kome ut igjen når som helst,’ uttrykte militærhistorikar Victor Davis Hanson i ein viral video seint i november.

‘Dei er livredde for han fordi dei trur han er smartare denne gongen, og han har vektige grunnar til å bli skikkeleg forbanna på grunn av det dei gjorde mot han.’ […]

Høgsteretten i delstaten Colorado gjorde eit betydeleg vedtak tysdag [19.desember 2023] då dei diskvalifiserte tidlegare president Donald Trump frå å stille som kandidat på røystesetelen. Denne avgjerda er forankra i tolkinga av det 14. tillegget i den amerikanske grunnlova, som spesifikt nemner at kvar ein offentleg tenesteperson som har ‘teke del i opprør mot’ USA kan bli diskvalifisert frå å ha offentlege embete.»

Vigilant News har ein eigen artikkel om denne avgjerda. Ein kan diskutere relevansen det 14.tillegget har til Trump, ettersom han ikkje har blitt sikta for opprør mot USA. Det rettsbestemte vedtaket vil gjelde frå 4.januar 2024. Trump har tenkt å anke saka til den føderale høgsteretten, instansen over delstatshøgsteretten i Colorado. Rettssaka i Colorado hadde ingen jury, og vart bestemt av ein partisk, Demokratisk dommar som har som mål å hindre Trump i å stille som presidentkandidat i 2024. I november nekta høgsteretten i delstaten Minnesota å vedta eit liknande forbod mot at Trump fekk stille som kandidat der.

Måndag 18.desember, dagen før avgjerda i Colorado, sa Tucker Carlson til Dan Bongino i eit intervju:

«‘Dersom du vil vete korleis ting kjem til å sjå ut i framtida, berre sjå kva som har skjedd nyleg og spør deg sjølv, driv ting og akselererer, eller går dei saktare? … berre kartlegg det. Og i tilfellet Trump, byrja dei med protestar, dei gjekk over til stemning. No er dei over på sikting. Ingenting av dette har fungert. Kva kan eigentleg kome deretter?’ spurde han.

Dette neste steget ser ut til  innebere å fjerne Trump heilt frå valet. Men Tucker antyda at noko langt nifsare ligg og lurer.

‘Dersom du følte, og du verkeleg trudde – og det gjer mange av dei – at det verste som kan skje med landet og, meir spesifikt, med deg, i den profesjonelle klassen, er å få Donald Trump som president. Og alt du har prøvd har feila. Og dei har akselerert steg: protestar, stemning, sikting. Kor mange piler har du igjen i pilkoggeret? Og kva er det neste? Naturlegvis er det attentat.’»

(Sjå òg «Kjem djupstaten til å myrde Donald Trump i eit attentat?», publisert 18.desember 2023.)

At Trump skal bli offer for eit attentat er langt frå ein absurd tanke. Attentat av tidlegare og noverande maktpersonar har skjedd mange gonger opp gjennom historia. Ein treng ikkje gå lenger enn til den tidlegare statsministeren i Japan, Shinzo Abe. I juli 2022 vart han offer for eit attentat, visstnok fordi han var motstandar av covid-vaksinar og fremja ivermectin. Han var dei siste månadene av sitt embete motstandar av covid-tyranniet som vart innført i Japan og dei fleste andre land i verda våren 2020. Hans siste ønske som statsminister var ifølgje Michael P. Senger at covid skulle nedgraderast til same nivå som vanleg influensa.

(Sjå òg «Shinzo Abe var motstandar av Covid-vaksinar og fremja ivermectin: Vart han ei skyteskive fordi han støtta helsefridom?», publisert 15.juli 2022.)

Carlson sa vidare i intervjuet med Bongino:

«‘Eg sat det rett ut til Trump, forresten, fordi det er so openbert. Korleis kan du ikkje seie det? So eg gjorde det. Og han gjekk ikkje inn i diskusjon med meg om det temaet i det heile, og eg veit ikkje kva han faktisk tenkjer om det, men han er smart. Og difor må han vete at det er sant.’

Carlson avslutta med å antyde at sjølve grunnen til at dette temaet ikkje er so mykje diskutert eller avfeia, er at det held ei ubehageleg eller upassande sanning for dei som sit med makta: ‘Sjå på dei tinga du ikkje får lov til å seie. Du får ikkje lov til å seie dei, ikkje fordi dei er konspirasjonsteoriar eller løgner. Du får ikkje lov til å seie dei nettopp fordi dei ikkje er konspirasjonsteoriar og løgner. Dei er sanne.»

Kommenter innlegget