Av Ethan Huff, Natural News, 12.juli 2022. Omsett av saksyndig.
Du har sikkert allereie høyrt om attentatet på Japans tidlegare statsminister Shinzo Abe, som vart skoten under eit nyleg kampanjerally. Men kva du kanskje ikkje veit er at Abe var ein lidenskapeleg helsefridom-kjempar som var motstandar av Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinar», nedstengingar, og andre former for medisinsk tyranni, i tillegg til å støtte folk sin rett til å bruke ivermectin og andre forbodne remediar.
Abe var Japans lengst-tenande statsminsister, og skildra som «ein titan av anti-kommunisme». Under dei siste månadene av hans embete tilbake i 2020, gjorde han famøst motstand mot innføringa av Covid-autoritarisme, som nokso tilfeldig etterlét Japan i mykje betre form folkehelsemessig, enn størstedelen av resten av verda, som stupte med hovudet fyrst inn i tyranni.
«Abe gjorde motstand mot grensekontroll og utsetjinga av Tokyo-olympiaden, og før han forlét embetet framla han ønske om at Covid si offisielle sjukdomskategorisering vart lågna til same nivået som influensa,» skriv Michael P. Senger på sin Substack. «For dette kom Abe i aukande grad i skotlinja både innanlands og internasjonalt.»
Abe var hata av kommunistane fordi han var ein staut forsvarar av fridom, inkludert helsefridom
Heilt sidan Abe forlét statsministerposten har Japans respons meir og meir flytta seg mot den internasjonale standarden – noko som tydar at dei vart meir lik ein medisinsk politistat. Sjølv om han ikkje teknisk var i embetet gjennom plandemien, er Abe sett på som «ein figur med vesentleg noverande påverknadskraft i japansk politikk.»
«Dei fleste mandata blir framleis handheva sosialt snarare enn juridisk, men kombinert med strenge internasjonale innreisereglar, har enkelte utlands-japanarar kalla dette ‘nedstenging i alt anna enn namnet’,» forklarer Senger når det gjeld korleis tapet av Abe både frå embetet og no frå sjølve livet har vore ein frykteleg ting for Japan, som greidde seg temmeleg godt utan covid-restriksjonar.
Medan motivet til Abe sin attentatmann ikkje er fullstendig kjent, veit vi at Abe var hata av kommunistar, inkludert dei i kommunistiske Kina. Mange av dei vart sett feire Abe sitt attentat på sosiale media, der dei såg det som eit kritisk trekk for å hakke vekk ideala om fridom som han lenge heldt og pressa på for å ta vare på i Japan.
«Under hans statsministerembete fekk Japan geopolitisk tyding på verdsscena, spesielt som ei motvekt til Kina. For den grunnen åleine ber døden hans betydeleg symbolsk viktigheit.»
Som du sikkert kan hugse leid den tidlegare presidenten i Tanzania, dr. John Magufuli, ein mystisk død tilbake i april 2021 som ser ut til å ha vore av liknande grunnar som dei bak Abe sitt attentat. Magufuli var iherdig anti-kommunistisk, og hadde på eit punkt stoppa Kina frå å ta over landet hans. Som Abe var Magufuli òg ein motstandar av Covid-tyranni.
«Spør kvar ein afrikanar om kva som skjedde med han, og dei vil umiddelbart fortelje deg at han vart offer for attentat,» skreiv ein av Senger sine lesarar om Magufulis død. «Hovudstraumspressa i Vesten elskar å framstille han som ein eksentrikar.»
Ein annan påpeikte at Magufuli òg var den fyrste som demonstrerte overfor verda at PCR-testar er lureri, og ikkje på nokon måte ein nøyaktig indikator på sjukdom. Han gjorde openlyst narr av testane og viste faktisk at papaya og ymse døde gjenstandar testa «positivt» for Covid ved bruk av PCR-testar.
«Vi har søskenbarn som budde der og dei besøkte oss no i sommar,» skreiv ein annan om situasjonen i Tanzania.
«Dei føler det som om dei besøker eit sinnssjukehus når dei kjem her, ettersom dei lever temmeleg normalt i Tanzania. Når interim-president Hassan kom til landsbyen deira, vart ho møtt med ein folkeskare som song ‘ingen vaksinar’.»