Menn som har sex med menn får apekoppar til å spreie seg som eld i tørt gras i New York

Tenestefolk i New York: Homofile menn er superspreiarane av apekoppar sidan tilfelle i byen meir enn dobla seg på ei veke

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

112 fleire i New York City har visstnok testa «positivt» for apekoppar ifølgje byens helsedepartement. Og alle av dei skal seiast å vere homofile eller ein av fargane i LGBT-«regnbogen».

Per måndag 11.juli har visstnok 223 menneske i The Big Apple hatt orthopox-viruset, opp frå 111 tilfelle 5.juli. Og talet 111 var igjen ei firedobling av tilfelle som var veka før.

«Der finst sannsynlegvis fleire tilfelle som ikkje har blitt diagnostisert,» sa helsedepartementet. «Dei fleste av dei menneska har ikkje blitt sjukehusinnlagt, og blitt friske av seg sjølve.»

Trass at dei prøver sitt beste for å dekkje over sanninga om at apekoppar er ein «homo-sjukdom», mislykkast Centers for Disease Control and Prevention (CDC) i å leggje lok på denne avsløringa, som blir rapportert av det lokale helsedepartementet.

Ifølgje tenestefolk i byen er homofile, bifile og andre menn som har sex med menn spreiarane i dette utbrotet. Og dei som er involvert i «samfunnet» må få vete om dette.

Dr. Mary Bassett, [delstaten] New Yorks helsekommisjonær, saman med dr. Ashwin Vasan, New York City sin helsekommisjonær, var vertar for eit virtuelt rådhusmøte for å oppdatere folket i New York om det dei hevdar er eit «apekoppe-utbrot i utvikling».

Apekoppar er nok eit knep for å pushe fleire vaksinar

Apekoppar blir sagt å starte som utslett eller sår på kroppen som ser ut som kviser eller blemmer. Dei kan vere kor som helst på kroppen, inkludert på genitalia og inni anus.

Symptoma blir sagt å starte ei veke eller to etter eksponeringa, men kan ta opp til 21 dagar. Sjukdommen varer i alt frå to veker til ein månad etter det, og inkluderer feber, kuldegysningar, fatigue, hovne lymfeknutar, hovudverk, kroppsverk og anna vedvarande smerte – «som ei svakare utgåve av koppar», for å sitere Fox 5 NY.

«Dersom du har eit nytt eller uventa utslett eller andre symptom på apekoppar, kontakt ein helsearbeidar,» sa New York City sitt helsedepartement. «Ein person er smittsam fram til alle såra har hela seg, og eit nytt lag hud har blitt danna, noko som kan ta to til fire veker.»

Som vi har byrja å forvente, ser det vedvarande fokuset på apekoppar i somme område i landet ut til å vere eit knep for å få fleire menneske til å late seg «vaksinere» mot sjukdommen.

Tenestefolk driv og pushar ei sprøyte frå Jynneos som er godkjent av Food and Drug Administration (FDA) for å hindre «koppe- og apekoppe-sjukdom hjå vaksne frå 18 år og oppover som ein vurderer som høgrisiko-gruppe,» ifølgje FDA si heimeside.

Dosane til Jynneos blir administrerte med fire vekers mellomrom, og førespurnaden er visstnok «høg», kombinert med «låg» forsyning. På grunn av dette har New York City bede om fleire av injeksjonane frå den føderale regjeringa, og avtalar for å få sprøyta byrja frå og med tysdag 12.juli.

«Tilfelle som er bekrefta positive for orthopox-virus blir vurdert som sannsynlege apekoppe-tilfelle fordi alle orthopox-virus er generelt sjeldne, og fordi presentasjonen av symptoma i bekrefta orthopox-virus-tilfelle er konsistente med apekoppar,» står det på delstaten New Yorks helsedepartements heimeside.

«Bekrefta orthopox-virus-tilfelle, eller sannsynlege apekoppe-tilfelle, kan bli vidare bekrefta som apekoppar gjennom CDC-testing.»

I kommentarseksjonen på Natural News føreslo ein person at apekoppar kan nettopp vere «ein pris å betale for å gjere det Gud bad dei om å ikkje gjere.»

«Sjå kva som skjedde i Noa og Lot sine dagar?» la den same personen til. «Kombiner Covid-dødssprøytene med endå fleire giftsprøyter for apekoppar og du kan sjå kor alt dette er på veg.»

Kommentar frå saksyndig: HIV/AIDS vart av personar med homofobe haldningar tilbake på 1980- og 90-talet kalla «Guds straff til homofile». Òg dette viruset byrja blant homofile menn, og dette er i dag ikkje kontroversielt å påpeike. Eg er naturlegvis ikkje av den oppfatning at homofile «fortener» sjukdommar som apekoppar og HIV/AIDS. Men eg finn det påfallande at kjelda til det pågåande apekoppe-utbrotet blir forsøkt tagd i hel. Nokon vil skjule noko, og kvifor?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s