World Economic Forum: Redd planeten – svelt ut folket

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

World Economic Forum (WEF) vart grunnlagt tidleg på 1970-talet av den tyske økonomen og samfunnsingeniøren Klaus Schwab, og har kome fram som sjølve hovudet på slangen i den liberale verdsordenen, som no består av 1000 krafthus-medlemsselskap og globale elitar som møtest kvart år i sveitsiske Davos for å diskutere sine dystopiske planar for «global redesigning».

Det ville ha teke fleire timar å liste opp WEF sine partnarorganisasjonar og politiske allierte. So her er eit raskt samandrag: nesten kvar einaste venstreorienterte politiske leiar, høgt påverknadskraftige konsern, selskap og institusjon er del av WEF.

WEF driv og deler nifse og dystopiske meldingar som fremjar ei «ein storleik for alle»-framtid dersom vi alle berre tilpassar oss deira globalistiske ideal. Der er berre eitt problem: Framtida dei fremjar er ein visjon av helvete. Faktum er at dei hatar vanlege menneske og ønskjer at vi alle berre forsvinn.

Korleis kan vi elles forklare den menneskelege misèren dei fremjar under dekke av å redde jorda? Ta ikkje feil, Klaus Schwab og elitane vil ikkje vere lykkelege før vi alle et insekt.

Og det er ikkje ei overdriving. World Economic Forum har via tallause videoar og artiklar som fremjar insekt. Misforstå ikkje, dei er desperate etter å ta vekk kjøt frå oss og tvinge oss til å leve på insekt.

Er du enno ikkje overtala til å bøtte nedpå med insekt? Vel, uro deg ikkje, for World Economic Forum er ikkje ferdige med å overtyde deg enno. Sist veke rekrutterte dei Hollywoods A-kjendis Nicole Kidman til å pushe favorittsaken deira.

Om ikkje det har skjerpa appetitten din, so kjem det meir. Ifølgje World Economic Forum kjem du snart til å kunne nyte ugras med insekta dine. Bon appetit?

Dei kjem verkeleg ikkje til å bli lykkelege før vi har det forferdeleg. Hugsar de då dei fortalde oss at vi skulle eige ingenting og vere lykkelege? Sidan den gong har dei teke «vere lykkelege» ut av reknestykket. Det stemmer. Ifølgje World Economic Forum burde du ikkje ein gong våge å drøyme om å vere lykkeleg i framtida.

Og ikkje eingong tenk på å ytre at du ikkje godtek det. Når elitane har tala, har tenkinga blitt gjort. I det minste er det slik ei verd dei prøver å skape. Ta ein titt på denne ekstraordinære videoen frå Davos dette året, der ei av Klaus Schwab sine dystopiske møyer erklærte at det er tid for ei «rekalibrering» av ytringsfridom.

Ifølgje Klaus Schwab og hans tilhengjarskare er der rett og slett for mange plebeiarar der ute som ikkje ønskjer å eige noko, som ønskjer å ete insekt, og som ønskjer å akseptere vår misère.

Dersom du trur det er dunkelt å fjerne ytringsfridom, har vi knapt dukka ned under overflata. World Economic Forum planlegg å kontrollere tankane dine ved hjelp av lydbølgjer. Dersom dette høyrest søkt ut… Vel, dei skrytte av det sjølve.

Ikkje gidd å klikke på linka, for WEF har fjerna den frå si heimeside. Dei har tendens til å gjere det når deira dystopiske planar møter for mykje motbør, og når til og med dei normale byrjar å innsjå at Klaus Schwab er erkeeksempelet på ein Bond-skurk.

Det er for seint for dei å slette denne videoen, derimot. Pfizer sin direktør Albert Bourla var til stade i Davos og skrytte over ei «elektronisk pille» som inneheld ein biologisk mikrochip som sender ut eit signal frå den augneblinken du tek pilla.

Vent, var ikkje dette ein gong ein «konspirasjonsteori»? Vi kan no katalogisere denne under konspirasjonsfakta.

Hovudstraumsmedia prøver å overtyde oss om at World Economic Forum er ein godsinna institusjon som arbeider for å gjere verda om til ein betre stad.

Klaus Schwab trur han har retten til å «gjenførestille seg og teikne opp igjen verda».

Men dette er ikkje ei verd som nokon ønskjer å leve i. Klaus Scwab sin venstreekstreme autoritære dystopi må opponerast mot for ein kvar pris.

Klaus Schwab, i ein sjeldan augneblink av sjølvmedvit, sa nyleg at dei globale elitane må førebu seg på «ei sintare verd».

Det stemmer, Klaus. Vi er sinte. Og vi vil ikkje late deg «gjenførestille deg og teikne opp igjen verda.»

One comment

  1. Klaus Schwab:

    « The Great reset means that YOU will own NOTHING, and be happy.

    Besides; when you own nothing, it will mean that I will own EVERYTHING! And then I will also be happy! Very, very happy!»

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s