Quora er ei diger nettside der alle kan sende inn spørsmål som brukarane av nettsida deretter svarer på etter beste evne. Typisk vil ein finne til dømes spørsmål om kva slags rockeband som er «best», kor intelligente neandertalarane var, eller (for å ta eit heilt konkret døme) om det er sant at sivilisasjonar i oldtida mangla evna til å sjå fargen blå. Stundom dukkar det derimot opp spørsmål som skil seg ut frå mengda, og i denne artikkelen skal eg ta føre meg eit av desse.
Ein Quora-brukar stiller følgjande spørsmål (omsett av saksyndig): «Kvifor får eg ei merkeleg kjensle når eg besøker Sverige? Det er eit svært fint land med svært greie menneske, men det er noko som ikkje heilt stemmer der.»
Ein annan Quora-brukar med namn «Chris Ebbert» kjem med følgjande ganske so interessante svar:
«Eg veit nøyaktig kva du meiner. Eg kallar det ‘The Interdimensional Lapse’ [fritt omsett til «det interdimensjonale fallet»; oms.an.].
Sverige er ein av dei sjeldne stadene som ser ut til å ikkje vere heilt til stade i denne dimensjonen. Ein del av det er framleis… ein annan stad.
Ein homeopat-venn av meg frå Tyskland som har besøkt landet gjentekne gonger, har gjeve meg dette svært gode biletet: ‘Mesteparten av verda er i D-potens, for å seie det på ein homeopatisk måte. Sverige er derimot i ein C-potens.’
Tenk kva du vil om homeopati, men eg meiner det skildrar det særs godt. Homeopatiske potensar skildrar kor jordeleg versus kor eterisk noko er. D er mest som ein faktisk substans på denne jorda, medan C allereie er litt høgare opp på stigen av spegelbilete frå røynda.
Eg trur der er fullstendig robuste forklaringar på dette inntrykket, naturlegvis, ingenting esoterisk:
- Kronemikk: Interaksjonsdynamikken i Sverige har ei merkeleg forseinking. Å interagere med ein svenske har eit ekstra steg bygt inn i seg som du normalt ikkje ser (ikkje no lenger, kanskje?) i mesteparten av verda: Pausen. Dei vil alltid vente før dei svarer deg, for å vere sikker på at du er ferdig med å snakke. Det kan gje outsiderar ei merkeleg kjensle av ‘oidå, har han/ho eigentleg tenkt å svare?’.
- Akustikk: Eg har sagt det ofte, og folk skjøner det ikkje før dei har vore her: Sverige er stille. For ein eller annan grunn er alt her på ein eller annan måte dempa, som i snø. Folk snakkar stillare, bilane køyrer langsamare, i eit høgare gir, bygningane ser ut til å svelgje meir ekko… du kan føle deg som om det er noko i vegen med høyrselen din.
- Lys: På grunn av breiddegrada, som er liknande den til Alaska, står sola mykje lågare i Sverige heile tida. Du bur i ein æveleg morgon- eller kveldsatmosfære. Skuggane er lange og lyse, og lyset har eit mjukt, gyllent skjer.
- Fargar: Igjen på grunn av at sola står lågt på himmelen og den klare lufta, vil du sjå fargar som har høgare metting enn andre stader. Som ein fotograf går eg med jamne mellomrom amok her på grunn av det. Eg kan måle det på mine digitale fargekart når eg utfører biletbehandlinga mi. Svensk blått og grønt er utrulege. Som i eit gammalt bilete frå Firenze.
- Alt er so lett: Arkitekturstilen, saman med det varme fargespekteret, gjev eit inntrykk av at det bygde miljøet er av lettare vekt og av mindre substans enn det er. Svenske hus ser ut til å sitje på engene so lett som dokkehus som ein berre kan plukke opp og bere med seg. Berre på grunn av korleis dei ser ut.
- Femininitet (i motsetnad til maskulinitet, ifølgje Geert Hofstede sin indeks): Brølet til alfahannen kjem aldri. Der finst ingen siste brumming av skjeggete godkjenning, som dei fleste andre stader. Sverige er ein feminin stad. Sjølv om der finst rikeleg med menn her, har det eit moderleg preg.
So der har du det. Enkle, naturlege forklaringar, men likevel ikkje ein kombinasjon du vil finne lett, om i det heile.»
Brukaren legg so ved bilete frå Sverige, som er å finne i originalartikkelen. Han avsluttar med:
«Eg har høyrt denne annleisheita skildra på mange måtar dei siste tiåra, og det er ein av hovudfaktorane som stadig har drege meg tilbake til Sverige i alle år. Det kjennest ut som ein pause frå verda.
Ein australsk venn av meg sa ein gong at ‘den staden ser rett og slett berre magisk ut’. Ein amerikanar som eg møtte på ein flyplass skildra det som ‘merkeleg uekte’. Ein fransk kollega skildra det ‘som å møte ei vakker fe’.
Eg har levd lykkeleg med denne fea ganske lenge no.»
Eg kan til ei viss grad vere einig med han i at Sverige skil seg ut frå mange land. Dette nordiske landet har utmerka seg på mange felt, både innan musikk (til dømes ABBA), litteratur (til dømes Astrid Lindgren), film (til dømes Ingmar Bergman), finans (til dømes den styrtrike Wallenberg-familien), møblar (til dømes IKEA) og bilproduksjon (til dømes Volvo). Noreg er ikkje i nærleiken av å ha dei same imponerande prestasjonane på so mange område. So det er utan tvil noko med den svenske ånda som gjer dei uvanleg kreative og driftige. Men at Sverige skal befinne seg i ein annan dimensjon? Det stiller eg meg meir tvilande til, sjølv om tanken naturlegvis er spennande.
Ein innfødd svenske med namn «Martin Lysen» kjem med følgjande kommentar:
«Innfødd svenske her. Eg vil gjerne ha noko av det du har røykt, er du snill. Sverige har sanneleg det kvelds-/daggrylyset, men vi har òg uendeleg mørke om vinteren. Vi har bitande kulde, og endelause gråe dagar. Vi har sement og brunskiten snø. Stillheita vår er delvis høflegheit og omsyn, og delvis luthersk skam. Vi går stille, jobbar hardt og når vi drikk, drikk vi hardt òg. Då vil du høyre at stemmene våre blir røffe og høyre orda våre kome utan pause, på måtar vi ikkje vågar å snakke på til kvardags.
Sverige har ei stille vekt, ein mørk tristesse i kvar årstid. Sommar er ein avgrensa, flytande draum, som går over for tidleg og blir erstatta av det furtande haustregnet. Vi dyrkar sommaren vår og lengtar for den i dei lange månadene den er vekke.
Ei svensk greie som ofte skaper undring hjå gjester er korleis vi om våren, kvar gong sola gløttar fram, vil stoppe, lukke auga og vende ansikta opp mot sola. Du kan sjå heile grupper av folk gjere dette, som om dei blir bedne om det i det stille.
Fordi Sverige har ei vekt, og kler oss alle i si tunge, mørke kåpe.»
Mange utlendingar ser ut til å vere offer for stereotypiar om dei nordiske landa, akkurat som mange nordmenn (og sikkert svenskar òg) ser ut til å tru at visse land er betre enn dei faktisk er. Frankrike og Italia er til dømes populære turistland i Europa, og naive nordmenn har i alle år fantasert om at dei som bur der må vere ei form for gudemenneske. Når ein fyrst lærer enkelte kulturar å kjenne, vil ein derimot få eit heilt anna bilete på både folket og samfunnet enn det stereotypiane fortel. Dette kan slå ut negativt, eller, i dette tilfellet, litt vel positivt. Når det gjeld Sverige, har landet visseleg sine mørke sider som ikkje alltid kjem fram i lyset.