Av Mary Villareal, Natural News, 14.juli 2022. Omsett av saksyndig.
Ein pre-print-studie som gjeld to nabo-skuledistrikt i North Dakota oppdaga at der var ingen betydelege skilnader i Covid-tilfelle mellom dei som hadde munnbindpåbod og dei som ikkje hadde det.
[Kommentar frå saksyndig: Ein sokalla «pre-print»-artikkel er enno ikkje formelt fagfellevurdert eller publisert i eit fagfellevurdert vitskapleg tidsskrift. Dei andre stadia er post-print og publisert utgåve.]
Studien, som vart finansiert av University of Southern California, sa at dei randomiserte dataa om effektiviten til munnbindpåbod hjå barn framleis manglar. Forskarane merkte seg at medan observasjonsstudiar rundt munnbindpåbod i skular viste motstridande resultat, har randomiserte studiar mislykkast i å fange opp effekten av munnbind på deltakarar under 50 år.
Dei nytta seg av eit «unikt naturleg eksperiment for å studere skulebaserte munnbindpåbod» ved å analysere data frå to skuledistrikt i Fargo, North Dakota: Fargo Public Schools (FPS) og West Fargo Public Schools (WF). Begge distrikta hadde særs lik demografi, der WF hadde ein noko høgare prosentdel av minoritetar og familiar med låg inntekt.
Begge distrikta hadde lik Covid-19-formildingspolitikk, testval og vaksinasjonsgrad blant tilsette, sjølv om FPS hadde strengare reglar for å setje i karantene nærkontaktar til Covid-positive elevar.
Den einaste betydelege skilnaden mellom distriktet si tilnærming til viruset, var at på byrjinga av skuleåret 2021/22 kravde FPS at elevane gjekk med munnbind heile dagen, medan WF ikkje gjorde det. 17.januar gjorde òg FPS munnbind friviljug. Dette lét forskarane samanlikne tala tilfelle når distrikta hadde ulik politikk og når dei hadde den same.
Dei oppdaga at frå 26.august 2021 til 17.januar 2022 var den kumulative førekomsten i det munnbindpåbodne skuledistriktet (12,9%) nesten identisk med den kumulative førekomsten i det munnbindfriviljuge distriktet (13%).
Etter 17.januar, då begge distrikta hadde munnbindfriviljug politikk, var talet tilfellet heller ikkje betydeleg ulike – der FPS hadde 5,3% og WF 5,1%.
Forskarane fastslo at K-12-munnbindpåbodet i skular ikkje var assosierte med betydeleg lågare tal Covid-19-tilfelle hjå elevane, noko som samsvarer med randomiserte data hjå vaksne når det gjeld bruk av tøymunnbind i samfunnet, fleire observasjonsstudiar på munnbindpåbod i skulane og ein systematisk gjennomgang av medisinske eller kirurgiske munnbind mot influensa.
Dei fastslo at studiar rundt skulebaserte munnbindpåbod har ein spesiell tendens til å vere føreinntekne, ettersom tilfelle som blir oppdaga blant elevane kan ha minst 20 gonger større sjanse for å ha blitt erverva utanfor skuletida enn i skuletida. Andre observasjonsstudiar rapporterte òg ein negativ assosiasjon mellom munnbindpåbod og Covid-tilfelle, sjølv om der kan ha vore viktige metodologiske avgrensingar til studiane òg.
Studie har styrkar ein ikkje ser i randomiserte forsøk
Studien var ikkje eit randomisert forsøk, men det hadde sine sterke sider. Til dømes hadde dei to skuledistrikta likskapar, og der er ein «relativt sterk studieperiode» med data frå både delta- og omikron-bølgjene av Covid-19. Den hadde òg «delvis overkryssings»-data frå då FPS gjekk vekk frå sitt eige munnbindpåbod.
Medan der er ingen offisielle data på munnbindratane i nokon av distrikta, fortalde foreldre og skuleadministratorar forskarane at munnbindbruk var so godt som universell i distriktet med munnbindpåbod, og fem prosent eller mindre i distriktet der det var friviljug.
Altso konkluderte forskarane at munnbindpåbodet i skulane ikkje var assosierte med betydeleg lågare tal på Covid-19-tilfelle. Dei la til at funna deira samsvarer med ein veksande korpus av vitskapleg litteratur som burde bli teken med og lagt vekt på når det gjeld skadar og ubehag som følgjer av bruk av munnbind i ein utdanningssituasjon.
Centers for Disease Control and Prevention (CDC) innrømte i mellomtida i sin eigen studie frå 2020 at den 21% lågare førekomsten på skular som kravde bruk av munnbind hjå elevane, ikkje var statistisk betydeleg samanlikna med skular der bruk av munnbind var friviljug. For sin studie analyserte CDC vel 90 000 elevar i 169 grunnskular i delstaten Georgia i november og desember.
Derimot gravde CDC funna sine ned og valde å ikkje ta dei med i samandraget til rapporten. Professor Vinay Prasad ved Universitetet i California, San Francisco, kommenterte at munnbindpåbodet for elevar mislykkast i å vise at uavhengig føremon er av stor interesse. «Det burde ha blitt inkludert i samandraget,» sa han.
Framleis veks evidens som antydar at munnbindpåboda ikkje er effektive i å redusere spreiinga av Covid-19.
I denne videoen innrømmer Anthony Fauci at munnbindpåbod handlar om å halde på autoriteten over menneske.