FN arbeider saman med teknologi- og medieselskap og statar for å adressere «feilinformasjon» og «hattale»

Av Didi Rankovic, Reclaim the Net. Omsett av saksyndig.

FNs generalsekretær Antonio Guterres introduserer eit nytt element til konseptet knytt til verdsorganisasjonen sine fredsbevarande aktivitetar: å motverke «feilinformasjon» og «hattale».

Og teknologi- og medieselskapa blir rekrutterte for å hjelpe til med å luke ut informasjon som FN bestemmer seg for å vurdere som skadeleg.

Utifrå det, som ordtaket seier, er sanninga typisk det fyrste offeret i ein krig – og dette gjeld kvar og ei side som er involvert – er det vanskeleg å tenkje seg korleis FN i det heile teke kan byrje på oppgåva å «motverke» feilinformasjon og hattale medan dei opprettheld sin nøytrale og truverdige posisjon når det gjeld fredsbevaring.

Då han adresserte ein debatt i Tryggleiksrådet rundt fredsbevarande operasjonar, via spesifikt til «nøkkelrolla» strategisk kommunikasjon, gav ikkje Guterres nokon nyttig innsikt i det problemet, men han la sterk vekt på FN sin globale kommunikasjonsstrategi, og skildra strategisk kommunikasjon som kritisk og sentral for vellykka fredsbevaring.

Guterres fortalde på møtet, som vart organisert av Brasil, at FN sin kommunikasjonsinnsats ikkje er meint å berre informere, men òg «engasjere» sitt publikum slik at dei støttar oppdraget til organisasjonen.

Ifølgje generalsekretæren må fredsbevararar hanskast med kriminelle, terroristar og tilsvarande væpna grupper som, av ein eller annan grunn, greier å få tak i kraftige moderne våpen, og ikkje har nokon grunn til å prøve å oppnå fredelege forlik, men som heller vil halde fram «kaoset som dei trivst i».

På dette punktet gjekk Guterres over til å inkludere feilinformasjon, desinformasjon og hattale i kategorien «krigsvåpen», i same andedrag som han nemnde reelle våpen slik som skytevåpen og eksplosivar.

Guterres lista opp grunnane til at FN sin strategiske kommunikasjon er kritisk: beskytte sivile og hindre vald, oppretthalde våpenkvile og politiske avtaler, etterforske misbruk av menneskerettane.

Ein annan er å avansere FNs Kvinner, Fred og Tryggleiksagenda, sa han.

Men korleis vil FN kjempe mot feilinformasjon og setje deira kommunikasjonsstrategi i sentrum? Guterres presenterte seks handlingar, der ein av dei er å gjere seg til partnarar med teknologiselskap og mediekanalar, for å «identifisere og setje i gang dei beste verktøy» som vil oppfange feilinformasjon og hattale.

Generalsekretæren sa at for å vere effektiv, må strategisk kommunikasjon som gjev «trygge rom» i konteksten fredsprosessar, vere «basert på evidens, basert på verifiserte data, open for dialog, ha sine røter i historieforteljing og levert av truverdige bodbringarar».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s