Henta frå America’s Frontline News, 15.juli 2022; lagt ut der av Yudi Sherman. Omsett av saksyndig.
Jeff Diamond ville berre beskytte mora si.
Songaren og gitaristen hadde ikkje planlagt å ta Covid-19-vaksinen, fortalde han Robert F. Kennedy Jr. i Children’s Health Defense. Men då han vart mora sin pleiar, uroa han seg over om ein Covid-infeksjon kunne tyde alvorleg skade for mora hans, spesielt ettersom Jeff hadde hatt ein spelejobb i Atlanta og kanskje hadde fått viruset.
«Eg tok meg av mora mi, og det er einaste grunnen til at eg tok sprøyta i fyrste omgang,» sa han.
Jeff fekk Johnson & Johnson (Janssen)-injeksjonen 9.juli 2021.
Ei og ei halv veke seinare vart musikaren funnen bevisstlaus, og han tilbragte dei neste tre vekene i koma på eit sjukehus i Minnesota.
To månader tidlegare hadde Centers for Disease Control and Prevention (CDC) bekrefta ein link mellom J&J-vaksinen og blodproppar etter at dei hadde oppdaga 28 tilfelle og 3 dødsfall. Men uheldigvis for Jeff Diamond, hadde ikkje vaksinen blitt teken ut av marknaden.
No stengde desse blodproppane ned Jeff sine nyrer og andre organ. Jeff oppdaga då han vakna opp frå koma at legane hadde amputert åtte av fingrane hans. Songstemma hans hadde òg blitt negativt påverka av tuben i halsen.
Etter ytterlegare tre vekers rekonvalesens på sjukehuset, vart Jeff overført til ein omsorgsfasilitet i seks veker. Men under dette opphaldet sprakk matetuben hans, noko som fekk blod til å sprute ut av magen hans. Han vart sendt i all hast til Hennepin County Medical Center.
Ein lege redda livet hans, men Jeff sa at han har «hatt smerter i desse fingrane heilt sidan det» og er ikkje i stand til å spele gitar.
«Det som skjedde med meg… Eg vil ikkje sjå det skje med nokon andre,» sa Diamond. «Eg trur det er eit brotsverk… Folk må haldast ansvarlege.»
Alt dette «kom frå, trur eg, Johnson & Johnson-sprøyta,» sa han.
Han har hyra ein advokat for å prøve å få økonomisk kompensasjon frå Countermeasure Injury Compensation Program (CICP), sjølv om svært få Covid-19-vaksineoffer nokosinne får erstatning. Greg Rogers, ein jurist i Rogers Hofrichter & Karrach LLC i Atlanta, kallar CICP-programmet «eit svart hòl».