Velkomen til di framtid i politistaten: Du vil ete grashopper og drikke piss på ein flytande fengselslekter!

Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News. Omsett av saksyndig.

Ein diger fengselslekter flyt for tida i East River i South Bronx, nær New York by. Lekteren husar 800 fangar som blir utsette for kjemiske åtak, vaksineeksperiment, «forsterka fangenskap» [enhanced restraints i originalartikkelen; oms.an.] og andre former for ulovleg tortur og innesperring.

Den flytande lekteren vart sannsynlegvis bygt som ein måte for styresmaktene å unngå oversyn og lokale lover ved å hevde å vere til sjøs snarare enn på land. Denne lekteren, vist i denne YouTube-videoen, er den perfekte representasjonen av menneskeheita si framtid under kontrollen til den globalistiske politistaten.

Desse lekterane er òg kjende som «FEMA fengselslekterar» og ein trur at dei blir brukt på GITMO [Guantanamo Bay, berykta amerikansk militærfengsel på Cuba; oms.an.]. Dei tilsvarer på mange måtar CIA sine «black sites» der fangane rutinemessig blir utsett for tortur og forsterka avhøyrsteknikkar, trass at slike handlingar er ulovlege.

Du vil ete grashopper og drikke piss

I mellomtida driv dei korrupte regjeringane i verda med systematisk øydelegging av innanlands matlager medan dei spyr ut grashoppefabrikkar for å masseprodusere milliardar av kilo av knust grashoppemjøl som skal brukast som «helsemat» for menneske og kjæledyr. Som rapportert av WestphalianTimes.com, er den kanadiske regjeringa opprømt over eit prosjekt som handlar om å «dyrke milliardar av grashopper… som produserer næringsrike protein for topp-klasse-helsemat og kjæledyrmarknaden.»

Fekk du med deg dette? Grashoppebasert proteinmjøl er «topp-klasse-helsemat». Snart vil du sjå det bli lovprist som ei erstatning for myseprotein og storfekjøt.

(Eg håper du vil nyte dine Cricket McNuggets [cricket = grashoppe; oms.an.].)

Det hevdar òg at det å produsere grashopper i staden for storfekjøt vil resultere i «betydeleg mindre utslepp av drivhusgassar under produksjonsstadiet.» (Orsak deira horrible grammatikk, regjeringsbøllene som styrer dette er ikkje særleg intelligente.)

Altso vil du bli beden om å ete grashopper for å redde planeten frå karbondioksid.

I det Lake Mead og mesteparten av det vestlege USA går tomt for vatn, vil resirkulering av avfallsvatn springe inn i ein heilt ny fase der menneske blir tvinga til å drikke resirkulert urin om dei håper å få tilgang til drikkevatn. Vatnet som blir fjerna frå biosøleprosessar – sprekkfullt av virus, fødselskontroll-kjemikaliar, skadedyrgifter og legemiddel – vil bli filtrert og re-marknadsført som «drikkevatn» for massane.

Alle som opponerer mot globalistagendaen som handlar om å utrydde menneskeheita vil bli arresterte, samla opp og anten utrydda på ein Soylent Green-fabrikk eller sperra inne av det korrupte regimet. Altso vil du ete grashopper og drikke piss medan du bur på ein flytande fengselslekter.

Du vil eige ingenting og «vere lykkeleg». Elles…

Kjøp ein elektrisk bil for å redde planeten, men ikkje lad den, for då vil du få el-nettet til å bryte saman

I mellomtida får Tesla-eigarar i Texas meldingar i bilane sine som ber dei om å unngå å lade bilane fordi Texas sitt straumnett er på randa av samanbrot på grunn av mangel på energi frå vindturbinar som ikkje går fordi det ikkje blæs.

Som ERCOT tidlegare har sagt offentleg, produserer vindkraft i Texas for tida berre 8% av sin totale kapasitet. Solkraft produserer 81%, men naturlegvis berre om dagen når sola skin.

Med andre ord feilar grøn energi nok ein gong.

So no har vi ein situasjon der det er meininga at vi alle skal kjøpe «grøne» bilar for å redde planeten, men dei grøne bilane kan ikkje bli lada når den «grøne» energien ikkje fungerer fordi det ikkje blæs. So din «grøne» bil er ubrukeleg fordi grøn energi ikkje er påliteleg. Men globalistane bed alle om å gå over til meir grøn energi og fleire grøne køyretøy, noko som berre vil gjere heile systemet meir utsett for kollaps. Er dette ein slags sprø klimaspøk?

Sant nok er det ikkje nok kapasitet i kraftnettet akkurat no til å påliteleg lade dei elektriske bilane som allereie eksisterer. Kva skjer når millionar fleire menneske kjøper elektriske køyretøy og pluggar dei i? Svaret er openbert: Kraftnettet stoppar å fungere og du endar opp med stadige straumbrot.

Med andre ord vil den «grøne» agendaen forvandle USA til eit utviklingsland.

Den verkelege løysinga på alt dette er å bruke fossilt drivstoff og dra oss sjølve ut av hungersnaud og global finanskollaps. Men dei anti-menneskelege luciferianarane som styrer verda no ønskjer å utrydde milliardar av menneske, so dei følgjer politikken som er designa for å forårsake maksimalt tap av menneskeliv.

Mike Adams har basert denne artikkelen på sin Situation Update frå fredag 15.juli.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s