X hadde mystisk nedetid torsdag

InfoWars rapporterer at X (tidlegare Twitter) hadde uforklarleg nedetid torsdag 21.desember 2023. Medan X i skrivande stund ser ut til å fungere som vanleg igjen, kom der inn meir enn 80 000 rapportar frå brukarar som ikkje var i stand til å bruke plattforma, dette ifølgje nettstaden Downdetector. Ifølgje oversiktsdiagrammet på nemnde nettstad fann det mystiske nedetida stad i sjutida torsdag morgon. Nedetida varte i om lag ein time.

The Indian Express rapporterer (mi omsetjing):

«Både nettsida og mobilappen viste ‘Velkomen til tidslinja di’ i staden for dei vanlege tweetane i nyheitsstraumen. Det ser ut som plattforma står overfor ei massiv nedetid og er utilgjengeleg for brukarane.

Ifølgje Downdetector er der meir enn 70 000 rapportar om å ikkje kunne bruke plattforma. Og, i denne augneblink, er der ingen informasjon om kva som har forårsaka problemet. Derimot rapporterte enkelte brukarar òg at dei ikkje var i stand til å sjå annonsar og sine eigne tweetar på profilane sine. Brukarar kan òg søkje etter ein spesifikk profil på plattforma, igjen, profilen dukkar opp, men ikkje innlegga.»

Som eg skreiv i artikkelen «Multifrontåtaket på Elon Musk», publisert 21.desember 2023, er eliten ute etter Elon Musk, den nye eigaren av X. Spesifikt skuldar EU sin «digitalkommisjonær» Thierry Breton han for å ha brote EU sin kontroversielle Digital Services Act, som alle sosialmedieplattformer med meir enn eit visst tal brukarar «må» følgje. Ironisk nok kom Breton med desse skuldingane på X.

Musk er ein trugsel for eliten fordi han eksponerer deira sanne ansikt, noko vi fekk sjå mange døme på då han for vel eit år sidan offentleggjorde dei sokalla Twitter-filene. Som Thomas Fazi skreiv på nettstaden Unherd tilbake i desember 2022, og som Saksyndig omsette, kasta Musk «ein skiftenøkkel i maskineriet til dette nesten symbiotiske forholdet mellom politiske autoritetar og Big Tech-selskap, og avgjerda hans om å lette på plattforma sine retningslinjer har ført til krav i USA om ei lovgjeving som lèt staten regulere innhaldet på sosiale media.»

Fazi skreiv vidare:

«Ein mykje meir alvorleg trugsel mot Musk er den som blir ført mot han frå den andre sida av Atlanteren, der regjeringar har auka handlingsrom når det gjeld å avgrense ytringsfridom. Responsen til EU-kommisjonær Thierry Breton på Musk si fyrste Twitter-melding etter overtakinga – ‘fuglen er frigjort’ – sa mykje: ‘I Europa vil fuglen fly etter våre EU-reglar’.»

7.desember 2022 truga EU like greitt med å stengje dåverande Twitter ute frå det europeiske kontinentet om Musk ikkje følgde deira strenge retningslinjer for innhaldsmoderering, lovverket som vi no kjenner som Digital Services Act.

Dette handlar ikkje om å førebyggje reelt «skadelege» ytringar på X, men å avgrense ytringsfridommen på plattformer som når ut til ein stor del av befolkninga. Eliten har panikk, for stadig fleire oppdagar kva som er deira sanne natur.

Var den mystiske nedetida relatert til eliten sine forsøk på å fjerne Elon Musk? Kven veit. Men den kom på eit mistenkjeleg tidspunkt.

Kommenter innlegget