Den største trugselen mot ytringsfridommen er EU

Av Thomas Fazi. Henta frå Unherd. Omsett av saksyndig.

I motsetnad til i USA, er obligatorisk «moderering» av sosiale media allereie heimla i lova.

Elon Musk sitt nylege slepp av dei sokalla Twitter-filene, via journalist Matt Taibbi, er djupt urovekkjande. Korrespondansen – so vel som ymse lekkasjar, FOIA-førespurnader og pågåande søksmål – har byrja å kaste lys på nivået av samarbeid mellom den amerikanske administrasjonen, for ikkje å nemne deira tallause føderale trebokstavsbyrå og sosiale medieselskap. Som mange mistenkte har den sokalla «krigen mot desinformasjon» lite å gjere med å beskytte folket mot falskt, villeiande eller farleg innhald, men handlar eigentleg om å sensurere og undertrykkje dissident-stemmer, sjølv når dette har som kostnad at folket blir eksponert for statssanksjonert desinformasjon.

Musk har kasta ein skiftenøkkel i maskineriet til dette nesten symbiotiske forholdet mellom politiske autoritetar og Big Tech-selskap, og avgjerda hans om å lette på plattforma sine retningslinjer har ført til krav i USA om ei lovgjeving som lèt staten regulere innhaldet på sosiale media. Men ein fryktar framleis at slikt eit verktøy rett og slett kan bli brukt til å undertrykkje ytringsfridommen. Med tanke på styresmaktene sine meritt, er ikkje dette urimeleg å anta.

Derimot vil det å få slik ei lov vedteken i Kongressen sannsynlegvis bli særs vanskeleg, med tanke på den grunnlovsfesta retten til ytringsfridom i USA (som er nøyaktig difor styresmakter gjekk over til å kommunisere i det skjulte). Ein mykje meir alvorleg trugsel mot Musk er den som blir ført mot han frå den andre sida av Atlanteren, der regjeringar har auka handlingsrom når det gjeld å avgrense ytringsfridom. Responsen til EU-kommisjonær Thierry Breton på Musk si fyrste Twitter-melding etter overtakinga – «fuglen er frigjort» – sa mykje: «I Europa vil fuglen fly etter våre EU-reglar.»

Sanneleg truga EU på onsdag [7.desember 2022] å stengje Twitter ute frå kontinentet om Musk ikkje følgjer deira strenge innhaldsmodereringsretningslinjer, som står i detaljert i Europakommisjonen sin Digital Services Act (DSA) som vart iverksett sist månad. Desse retningslinjene inkluderer å overgje plattforma til «uavhengige kontrollar» utført av «uavhengige» tredjepartar, so vel som innføringa av «mekanismar for å tilpasse seg raskt og effektivt som reaksjon på kriser som påverkar offentleg tryggleik eller folkehelse». Breton gjekk nok ein gong ut på sosiale media for å klargjere kva dette tydar: sida må «forsterke innhaldsmoderering» og «aggressivt» luke ut desinformasjon – elles…

DSA har blitt skulda for å svekkje ytringsfridomslover forbi brestepunktet. Som Jacob Mchangama skreiv i Foreign Policy:

«DSA treffer ikkje den rette balansen mellom det å kontre genuin skade på nettet og det å sikre frie ytringar. Den vil mest sannsynleg resultere i eit krympande rom for uttrykk på nettet, sidan sosiale medieselskap får incentiv til å slette massive mengder fullstendig lovleg innhald.»

Ein appell underskriven av fleire menneskeretts- og ytringsfridomsorganisasjonar gjentek denne bekymringa, og seier at DSA «er ei litt vel brei myndiggjering av Europakommisjonen til å einsidig erklære ein EU-omfattande unntakstilstand. Den vil gjere det mogleg med langtrekkjande restriksjonar av ytringsfridommen og av den frie tilgangen til og fråplukking av informasjon i EU.»

Det er kanskje ikkje noka overrasking at den største trugselen mot ytringsfridom i dag kjem frå EU: heile den institusjonelle fasaden til blokka er trass alt retta mot å leggje føringar på demokratiet. Leksa her er at medan reguleringa av ytringar på nettet ikkje kan bli overlaten til private megaplattformer, kan den heller ikkje bli overlaten til politiske og teknokratiske elitar. Den må vere gjenstand for ein brei demokratisk debatt som involverer alle aksjonærane – inkludert brukarane. Nøyaktig den typen open debatt som Big Tech og regjeringar har prøvd å hindre i årevis.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s