Kirstie Alley lovde å eksponere pedofiliringen til Hollywood-eliten før ho plutseleg døydde

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Nyheita om Kirstie Alley sin plutselege død sjokkerte verda no i veka. Hollywood-skodespelarinna som er kjent for sine roller i Cheers, Veronica’s Closet og Look Who’s Talking, døydde plutseleg i ein alder av 71.

Alleys død vart bekrefta måndag natt [5.desember 2022] i ei melding frå barna hennar, William «True» Stevenson og Lillie Price Stevenson, som vart lagt ut på hennar sosiale mediekonto.

«Til alle våre venner, nære og fjerne rundt om i verda… Vi er leie oss for å informere dykk at vår utrulege, modige og kjære mor har gått bort etter ein kamp mot kreft, som berre vart oppdaga nyleg,» sa meldinga.

Men det er ikkje heile historia. Langt derifrå. Som mange andre kjendisar som døydde før tida i dei seinare år, hadde Kirstie Alley lovd å eksponere elitepedofiliringen i hjartet av Hollywood sin underhaldningsindustri. Då nyheitene om hennar plutseleg død gjekk offentleg, uttrykte mange av hennar nære frykt for at ho endeleg hadde blitt stilna av eliten.

Kirstie Alley, som vart fødd i Kansas i 1951, var alltid si eiga kvinne, og nekta å selje sjela si til Hollywood for å få suksess. Ho gifta seg med barndomskjærasten Bob Balley i 1970, og slo igjennom i 1987 då ho vart med i besetninga til den populære komiserien Cheers, der ho spelte den nye barleiaren Rebecca Howe.

Alley sitt liv i rampelyset var turbulent. Ho vart feira av industrien, fekk prisar og høve som dei fleste berre kan drøyme om. Privatlivet hennar leid. Ho skilte seg to gonger og greidde å overvinne kokainavhengigheit. Ulikt andre kjendisar lét ikkje Alley mørket øydeleggje ho. Ho kom ut på andre sida som ei sterkare kvinne fordi ho alltid var tru mot sin moralske kjerne.

Alley, som var ein uttala støttespelar til tidlegare president Donald Trump sidan 2016, hevda at ho hadde blitt «svartelista» i Hollywood på grunn av politikken sin, og sa: «Du kan koke metamfetamin og ha sex med horer, men det ser ut som at so lenge du ikkje stemte på Trump… Det kjennest ut som eg er i The Twilight Zone

Å bli svartelista stoppa ho derimot ikkje. Ho nekta å selje sjela si til Hollywood-systemet og dobla i staden innsatsen; ho følgde hjartet sitt og sin eigen moralske kode.

Som om det å støtte Trump i 2016 som ein kjendis ikkje var modig nok, gjekk Alley endå lenger ved å eksponere kampanjen for å normalisere pedofili i USA. I ein serie Twitter-meldingar som fekk sinna til å koke blant venstreorienterte medieformidlarar, delte Alley si tru om at USA er på veg mot å akseptere pedofili.

«Eg sat og såg på TV,» sa ho. «etter mitt syn har vi gått for langt. Eg er lei meg for barna våre. Eksponeringa deira overfor alt slags perverst på alle typar skjermar er ufatteleg. Og desto meir tragisk blir det hypa som ‘normalt’.»

I to følgjande meldingar (her og her) forklarte Alley kva ho meinte:

«Eg har sett i gang den rullande snøballen her, men hjartet mitt er tungt av all den driten som blir trykt ned halsane på barna våre. Ein «moralsk kode» er ikkje gammaldags. Moral er rett og slett retningslinjer for å overleve betre. Eksplisitt seksuell ‘utdanning’ og ‘utvalde’ ideal som blir påtvinga barn er IKKJE betre overleving.

Folk blir so ‘tolerante’ at dei før eller seinare vil støtte pedofile som folk som ‘berre elskar barn’. Du trur eg spøkjer. Det gjer eg ikkje. Det er den retninga denne galskapen er på veg. Du kan seie ‘okay, ein boomer’ alt du vil, men dette er kor vi vil sjage mot med mindre vi endrar oss.»

Openbert var dette for mykje for industrien å finne seg i frå ei av deira eigne.

Som reaksjon fyrte underhaldningsformidlaren Socialite Life av ei åtvaring spelt inn i fjor, der dei skildra kjendisen som ei «periodevis skodespelarinne» som «tydelegvis har lytta til for mange QAnon-teoriar i det siste.»

Det høyrest ut som om Kirstie Alley allereie var død for den liberale eliten i 2021. Trass alt er der ikkje rom for alternative synspunkt eller meiningar når du er kjendis. Dette er del av den hestehandelen du gjer med industrien.

Kirstie Alley hadde lovd å beskytte barna frå eliterovdyra – for ein kvar pris. Ulikt det store fleirtalet av Hollywood-stjerner, var Alley førebudd på å risikere hovudet for å snakke ut om vondskapen i hjartet av underhaldningsindustrien.

Det er difor måten ho døydde på er djupt mistenkjeleg.

Som ein vellykka og populær Hollywood-insider med fleire millionar følgjarar på sosiale media rundt om i verda, var kvinna som nekta å halde kjeft i ein unik posisjon til å vekkje opp massane.

Vart Kirstie Alley «kverka» av den pedofile eliten?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s