Sjukepleiar varslar: Fosterdød har skote i vêret sidan dei byrja å tvinge gravide til å ta covid-19-vaksinar

Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ein sjukepleiar har varsla om at dødsfall hjå foster har dramatisk auka etter utrullinga av Wuhan koronavirus (Covid-19)-vaksinar for gravide mødrer.

Dette er ifølgje Michelle Gershman, ein sjukepleiar som snakka med dr. James Thorp og medlemmer av organisasjonen Children’s Health Defense når det gjaldt samanhengen mellom covid-19-vaksinar og fosterdød.

Thorp, ein veteran innan obstetrikk og gynekologi, skildra Gershman sitt vitnesbyrd om korleis gravide vart «pusha» inn i eit «eksperimentelt genterapi»-program som «den verste etiske katastrofen i medisinhistoria. Det er ein katastrofe utan sidestykke.»

«Eg forstår ikkje korleis folk berre kan trekkje på skuldrene av det og late som om det ikkje er viktig,» sa Gershman. «Det er so absolutt viktig. Eg trur verkeleg at babyar blir gjevne til oss av Gud, at dei er meint å gje oss kjærleik og glede, og dersom noko kjem mellom det, som prøver å ta babyen din frå deg, er det for meg absolutt vondskap.»

Gershman sa at fleire ufødde babyar byrja å døy på sjukehuset hennar akkurat rundt våren 2021, då covid-19-vaksinane fyrst byrja å bli delt ut i USA.

«Eg la allereie merke til at denne auken i fosterdødsfall fann stad, men ingen sa eigentleg noko om dei,» hugsa Gershman. «Då eg byrja å jobbe der kunne eg sjå eitt fosterdødsfall kvar andre eller tredje månad. Og so, når desse sprøytene byrja å kome ut, byrja vi å sjå dei kanskje ein gong i veka.»

Fleire kvinner og spedbarn byrja å oppleve helsekomplikasjonar etter utrullinga av vaksinar

Gershman har jobba som fødselssjukepleiar sidan november 2020, rundt høgda av covid-19-pandemien i USA. Ho la merke til at koronaviruset ikkje såg ut til å negativt påverke barnedødelegheit eller forårsake store helseproblem for dei fleste gravide.

Men frå og med våren 2021, då covid-19-vaksinane byrja å bli meir og meir utbreidd, byrja Gershman å leggje merke til alle slags helsekomplikasjonar som dukka opp hjå gravide, for det meste problem relatert til hjarte- og karsystemet. Desse inkluderer kvinner som har høgt blodtrykk sjølv etter å ha fødd, og kvinner som opplever blodproppar og sprekking av blodkar i auga i langt større omfang.

Mange babyar som vart fødd til vaksinerte mødrer var vanlegvis utmatta, og ansikta deira var misfarga eller hadde til og med blåmerke og sår då dei kom ut. Mange av desse nyfødde måtte tilbringe ei viss tid i akuttmottaket for nyfødde på sjukehuset på grunn av pustevanskar.

I fleire månader nekta leiinga ved Gershman sitt sjukehus å adressere problemet. Men i september 2022 sendte ein leiar omsider e-post til dei tilsette der det vart innrømt at talet fosterdødsfall gjekk frå éin eller to per månad til minst 20 per månad. Gershman sa at den plutselege auken fall saman med utdelinga av covid-19-vaksinane.

Uheldigvis, i staden for å be om passande tilnærmingar rundt korleis ein skulle redde nyfødde, informerte leiaren personalgruppa om å «oppfriske kunnskapen rundt policy» for å «vere i stand til å handtere ein død baby».

«Eg trur eigentleg at mange er i ein transe og at dei rett og slett ikkje ønskjer å innrømme at vaksinen kanskje er det som skader alle desse mammaene og babyane,» sa Gershman. Ho sa at mange anten verkeleg ikkje veit, eller ikkje ønskjer å anerkjenne samanhengen mellom covid-19-vaksinane og auken i rapporterte helsekomplikasjonar på sjukehus. Ho trur at dette er fordi «so mange av dei er programmerte til å tru at vaksinar er bra, sjølv når dei ikkje er det.»

Michelle Gershman sitt vitnesbyrd om auke av fosterdødsfall hjå vaksinerte mødrer kan sjåast her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s