Kina er førebudd på «vinterbølgje» av død når Beijing lettar på «null-covid»-politikk etter omfattande protestar

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Kina sin «null-covid»-politikk, som har vore gjeldande i ei eller anna form sidan utbrotet byrja i det landet for to år sidan, har endeleg køyrt løpet sitt kan det sjå ut som, etter nye og omfattande protestar i heile landet den siste månaden.

Altso verkar det som om Beijing er bestemt på å lette på restriksjonane, men ifølgje analytikarar vil den avgjerda ha ein dødeleg pris.

Blant dei protestane og den tilknytte svinnande økonomiske veksten som kom med det, vil vere ny politikk som vil opne opp for somme heimekarantenar so vel som å late borgarar kome inn i offentlege område utan å teste seg; dette vart annonsert etter eit møte i Det kinesiske kommunistpartiet sitt politbüro der dei la vekt på korleis det var viktigare å stabilisere økonomien enn å kjempe mot eit to år gammalt virus som aldri hadde den dødelegheita som globalistregimet påstod at det hadde.

Likevel tydar ikkje det at covid ikkje drep; det gjer det, og so folkerikt som Kina er kan det å lette på restriksjonane medføre døden til fleire hundre tusen, om ikkje fleire millionar (noko som òg vil påverke Kina sin økonomiske produksjon og eksport, som vil forverre ein global forsyningsmangel på nesten alt frå matvarer til bilar til datachippar).

«Vi vil beskytte tryggleiken og helsa til folk so langt det lèt seg gjere, og halde påverknaden på sosial og økonomisk utvikling nede på eit minimum,» sa Statsrådet for førebygging og kontrollmekanismar på onsdag, noko som vart sitert av South China Morning Post (SCMP).

Ifølgje Zero Hedge:

«Dei nye tiltaka frå kommunistregimet krev isolering av asymptomatiske eller milde covid-tilfelle i heimane heller enn i karanteneleirar eller sjukehus i sju dagar. Alle som har vore i kontakt med dei smitta vil måtte gå i karantene heime i fem dagar, i staden for åtte dagar i ein leir og deretter heime.

Statsrådet gjekk vekk frå regelen som krev at folk må vise negative covid-testar før dei får tilgang til offentlege stader.»

«Folk treng ikkje lenger å vise eit negativ PCR [polymerase-kjedereaksjon]-resultat eller ein helsekode for å kome inn på offentlege stader eller reise, bortsett frå når dei skal inn på sjukehus, skular og aldersheimar,» sa SCMP vidare.

Nyheitsformidlaren la til: «Den nye politikken la vekt på at grunnleggjande sosiale og medisinske tenester må gjevast. Folk sine rørsler, arbeid og produksjon burde ikkje bli avgrensa i lågrisikoområde.»

Likevel blir nyheitene møtt med blanda kjensler fordi det framleis ikkje er klart korleis den kommunistiske regjeringa faktisk tenkjer å implementere endringane, eller, heller, late dei bli implementert.

«Sjølv om tiltaka som vart annonsert i dag er positive steg mot ei gjenopning, verkar det som om noko av gjenopningseuforien bleiknar vekk. Skuffande handelsdata er òg ein påminnar om det stadig meir saktegåande eksterne behovet over i neste år,» sa Marvin Chen, ein analytikar hjå Bloomberg Intelligence.

«Sjølv om marknaden framleis handlar utifrå dei positive forventningane, er vi ikkje ute av faresona enno, sidan vi framleis må kome oss forbi den panikken som kan kome saman med den fyrste bølgja av infeksjonar,» la Ma Xushen ved Longquan Investment Management til.

«Den noverande propagandabodskapen er at ei gjenopning ikkje vil koste noko,» sa Rodney Jones ved Wigram.

«Risikoen er at dei undervurderer kor mykje arbeid – og kostnader – resten av verda har gjort for å kome til det punktet å leve med covid.

«Kina har gjort ingenting for å førebu seg på dette steget, og Xi ser ut til å gjere det på impuls som ein reaksjon på protestane, heller enn som del av eit varsamt politisk program,» sa Jones.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s