Britisk politi etterforskar «valdtekt» av ung jente i metaverset

No går det visst an å valdta nokon virtuelt. Britisk politi er no i ferd med å etterforske eit slikt «seksuelt åtak» i det som visstnok er den fyrste etterforskinga av sitt slag. The People’s Voice rapporterer (mi omsetjing):

«Britisk politi etterforskar det fyrste tilfellet av valdtekt i metaverset etter at den digitale rollefiguren til ei jente under 16 vart ‘seksuelt angripen av ein gjeng vaksne menn i eit videospel’. Jenta skal visstnok ha blitt opprørt etter at avataren hennar (den digitale rollefiguren) vart gjengvaldteken av dei framande på nettet.

The Mail Online rapporterer: Offeret med hovudtelefonar leid ikkje nokre skadar sidan der ikkje fann stad eit fysisk åtak.

Men betjentar sa at ho leid det same psykologiske og emosjonelle traumet som nokon som har blitt valdteken i den verkelege verda, sidan ‘VR’-opplevinga [virtual reality, ‘virtuell røyndom’] er designa for å vere særs realistisk.

Ein trur at dette er fyrste gong i Storbritannia at eit virtuelt seksuelt brotsverk har blitt politietterforska.

Hovudtelefonar til bruk i VR var venta å vere ein populær julepresang, der NSPCC [National Society for the Prevention of Cruelty to Children; veldedig organisasjon som har som mål å beskytte barn mot vald og misbruk; oms.an.] estimerer at 15% av barn mellom fem og ti år har brukt dei, og seks prosent bruker dei dagleg.

Med Facebook-medgrunnleggjar Mark Zuckerberg i spissen, har tech-gigantar vedda milliardar av pund på å trekkje folk – gamle og unge – mot det virtuelle riket ‘metaverset’, der dei sel sjansen til å leve eit digitalisert fantasiliv. Offeret var i eit online-‘rom’ med eit stort tal andre brukarar då det virtuelle åtaket frå fleire vaksne menn fann stad.

Leiarar i politiet krev no eit lovverk for å takle ei bølgje av seksuelle fornærmingar i ein slik sfære, og seier at taktikkane til betjentar må utvikle seg for å stoppe pervoar frå å bruke ny teknologi til å utnytte barn.

Men denne historiske saka har utløyst spørsmål om kor vidt politiet burde gå etter virtuelle fornærmingar – med tanke på at politi og påtalestyresmakter for tida strevar med eit enormt etterslep av reelle valdtektssaker – og om slikt eit åtak burde bli straffeforfølgt under noverande lover.»

Leiande etterforskar i National Police Chiefs’ Council’s Child Protection and Abuse Investigation [«nasjonalt råd for politisjefars barnevern- og misbruksetterforsking»], Ian Critchley åtvarar at ‘metaverset skaper ein inngangsportal som rovdyr bruker for å utføre horrible brotsverk mot barn’.

The People’s Voice skriv elles at politiet held detaljar rundt dette ekstraordinære seksuelle åtaket hemmelege for å beskytte barnet som er involvert. Dei skriv òg at der har vore ei rekkje rapporterte seksuelle åtak på Horizon Worlds, eit gratis VR-nettspel eigd av Meta, selskapet som òg eig Facebook. Psykoterapeuten Nina Jane Patel, som utfører forsking på metaverset, har skildra det «surrealistiske marerittet» å bli gjengvaldteken på det sokalla Horizon Venus.

Saka stiller spørsmålsteikn ved om enkelte brukarar av metaverset er for umodne til å skilje mellom fantasi og røyndom. Ingen har nokosinne politimeldt nokon fordi dei drap deira avatar i til dømes nettbaserte skytespel. Kanskje burde der innførast ei aldersgrense på 18 år, akkurat som Facebook har ei liknande aldersgrense…?

Kommenter innlegget