Facebook er på veg mot sin velfortente undergang

Nina Jane Patel tilbake i desember 2021 gjekk inn i Facebook/Meta si virtuelle verd, tok det ikkje meir enn eitt minutt før ho vart gruppevaldteken av tre til fire menn. Dette skjedde riktig nok med avataren hennar, og det var andre avatarar som utførde valdtekta. VR-preget fekk det derimot til å kjennest temmeleg intenst ut:

«3-4 mannlege avatarar […] virtuelt valdtok avataren min og tok bilete – då eg prøvde å kome meg vekk, brølte dei ‘ikkje lat som om du ikkje likar det’ og ‘gå og onaner til biletet’.»

Patel skildra det som surrealistisk, som eit mareritt. Dette er ikkje god reklame for eigaren av Meta og Facebook, Mark Zuckerberg. Faktisk går det ikkje so bra med gigantselskapet hans for tida. 3.februar skreiv CNBC at Facebooks moderselskap Meta mista 232 milliardar dollar i marknadsverdi – på éin dag. Dette er visstnok ein lite hyggjeleg rekord i den amerikanske aksjemarknaden. Michael Snyder skriv at marknadsverdien av kva Facebook mista den dagen nesten tilsvarer heile verdien til Disney-konsernet.

Mark Zuckerberg kan ikkje lenger gapskratte heile vegen til banken. Snyder skriv at verdien til formuen hans gjekk ned med meir enn tretti milliardar dollar. Det veldige aksjeverditapet kan ha samanheng med det faktum at talet brukarar no har byrja å gå ned. Folk forlèt Facebook og går over til andre medium, til dømes TikTok. Dette erkjenner Zuckerberg sjølv. Snyder skriv:

«Han [Zuckerberg] har eit poeng. Det finst millionar av ting å gjere på Internett no. So kvifor burde folk brukte tallause timar på Facebook der dei vil bli utestengt, «skugge-utestengt» (engelsk shadowbanned), sensurert og kasta i ‘Facebook-fengsel’ kvar gong dei vågar å ytre meiningar som avvik sjølv lite grann frå dei konsern-kontrollerte forteljingane som vi alle blir fortalde at vi må tru på no? Der finst millionar av menneske i dette landet som framleis hugsar ‘ytringsfridommen’, og desse folka hatar absolutt kva Facebook har blitt om til.»

Snyder meiner at Facebook ikkje lærar av feila sine, dei berre køyrer ei hardare og hardare sensurlinje. Nyleg stengde dei ei gruppe som var i ferd med å organisere ein protestkonvoi til Washington D.C., i likskap med den kanadiske konvoien som har fått internasjonal merksemd – og fått statsminister Justin Trudeau til å rømme hovudstaden med familie og livvakter til ei hemmeleg adresse. Facebook stengde ei lovleg, ikkje-valdeleg gruppe berre fordi Facebook ikkje lika det gruppa stod for.

I det Snyder kallar eit «desperat forsøk på å skape ei positiv framtid for selskapet, har Facebook pøst ut milliardar av dollar på å skape sin eigen versjon av eit ‘metavers’.»

Det same metaverset der Nina Jane Patel sin avatar vart gruppevaldteken so fort ho sette sine virtuelle bein der…

Snyder spår ei mørk framtid for Facebook:

«Ettersom Facebook held fram med å drive vekk gode menneske, vil snart dei einaste kundane som er igjen, vere freaks, sickos, pervoar, seksuelle rovdyr og sjølv-berettiga politiske aktivistar som gler seg over at Facebook har blitt kvitt alle menneska som dei hatar.»

Om Facebook hadde respektert ytringsfridommen, ville dei framleis ha raka inn svære fjell av pengar. I staden har dei ifølgje Snyder drepe gåsa som la gullegget. Dei har seg sjølv å takke for sin komande undergang.

Eg sjølv sletta Facebook-kontoen min i byrjinga av februar 2021, vel eit år sidan i dag. Sensuren hadde plutseleg byrja å råke alle innlegg som kritiserte Covid-19-tiltak og dei nye korona-«vaksinane». Det vart raskt openbert for meg at desse «faktasjekkarane» og deira stempling av alle alternative meiningar som «farleg feilinformasjon» hadde ein mørk, anti-menneskeleg agenda. Dei handla i interessene til sine styrtrike økonomiske velgjerarar, sine mørkhjarta mesenar.

Ein mesen er nokon som gjev økonomisk støtte til litteratur, kunst, vitskap og meir med store pengegåver. Dette har skjedd når det gjeld Covid-19. Globalistane bak korona og Covid-19 har kjøpt og betalt hovudstraumsmedia og gjort dei til lydige lakeiar og nikkedokker for å fremje sin propaganda. Det har blitt oppretta ei offisiell forteljing, som no fell meir og meir saman som det store nettet av løgner det eigentleg er. Facebook støtta denne forteljinga, og sensurerte og stengde ute sanninga med nådelaus iver. Eg såg kva dei dreiv på med, og eg forlét den sosiale plattforma for godt.

Etter mi meining er Facebook eit søkkande skip som har vist sitt sanne totalitære ansikt. Alle burde forlate skipet medan dei har namn og ære i behald. For du veit aldri kva Zuckerberg og hans armé av kjøpte og betalte løgnarar kan bruke alle opplysningane om deg til. For det har nok samla seg mykje private informasjon om deg i dei ti-femten åra du har levd på Facebook. Bilete av deg og barna dine. Innlegg du har lika. Innlegg du har delt. Innlegg du har skrive. Det kan til og med sitje ein vondsinna arbeidsgjevar og samle diverse snusk om dei tilsette. Ikkje bli overraska om sjefen ein vakker dag plutseleg kallar deg inn på teppet for å gje deg sparken på grunn av eit innvandringskritisk innlegg du skreiv tilbake i 2008.

Facebook er på veg mot sin velfortente undergang. Eg kjem ikkje til å savne dei.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s